Kjøllefjord

Talemålet til ScanDiaSyn-informantane frå Kjøllefjord i Lebesby kommune samsvarer med beskrivingar av ytre finnmarksdialekt: Det er eit e/a-mål kor infinitivane (stort sett) har e-ending (eks. spille, fære, være), og svakt hokjønn ubestemt form eintal endar på –a (eks. våres skuterløypa, ei dama, æi uka). Nektingsadverbet har forma ikke, dei personlege pronomena er mellom anna æ og dæmm, og ein høyrer også palatalisering av historiske lange dentalar.

I hokjønn fleirtal er endinga –e/-(e)n (eks. svære bøllge, svinnga å hommpe, spesielle jennte, begge sien'sidene'). Adjektiv får endinga –ar/-are når dei gradbøygast (eks. billiar, finare dialekt).

Informantane har lågning, og da særleg e>æ og mindre av i>e (eks. vælldi, fjælle, støkke, fesske, men fingran, kjirrka, jikk). Konsonantsambandet rk får uttalen sjk (eks. virrkeli, kjirrka). Skriftspråkets u føre lange dentalar får stort sett uttalen u hos dei eldre, men det er eit par belegg på o (eks. follt ’fullt’, onne ’under’). Dei eldre informantane har også nokre eksempel på etterleddstrykk (eks. kjæmmpeLYSan, innMAri, kjæmmpePRÆmia), og på alveolar uttale av s i ulike konsonantsamband  (eks. sjøl, svære, klissjat). Hos dei yngre er det eksempel på sj-uttale (eks. sjvømmebassænng).

Av syntaktiske trekk kan ein hos dei eldre informantane høyre samsvarsbøying av partisipp (eks. no e de kåmmen rein, ’feil’ bruk med bøying etter verbet ha: dær hadd ho fårn) og her/der brukt som subjekt (eks. hær e jo ikke nåkka jåbb fårr dæmm).

Den preproprielle artikkelen er brukt ganske gjennomført (eks. ho bæsstemor, hann pappa). Preposisjonen hos blir brukt i tydinga ’av’ (eks. fådd sji oss dæmm ’fått ski av dem’), og adjektiv tar infinitivsetningar som utfylling utan preposisjon (eks. låv å gå nepå kaia). Hypotetisk konjunktiv blir uttrykt ved hjelp av forma ha og ikkje forma hadde (eks. ha de værrt jåbb hær så ha dæmm nåkk kanskje kåmmen å bodd ei stunn). Det er også hos dei eldre eksempel på at substantiv får bestemt form i ein kontekst kor ein ventar ubestemt form (eks. åtte ti støkkan). Noko uvanleg i norsk (og nordnorsk) samanheng er ei ytring som ser ut til å vere høyrekopiering av nektingsadverbet (eks. dæmm fikk de ikke te å te å stæmme # ikke). Hos dei yngre høyrer ein f.eks. ein frase som ett ega hus, kor adjektivet får endinga –a i staden for –et.

Elles bruker dei eldre tidsadverbet no, mens dei unge varierer mellom no og nu. Stadadverba har formene hær/dær. Verbet blir brukt i tyding til ’å rekke’, og ein kan høyre frasar og -former som me kvart (’etter kvart’), idihet, isst og nåt, hæran, mælla, annsjles’n, førfær(a) og bokmålsformer som mye, finere, kåmmer, jæmme, sne og syv. Kv-spørjeorda er blant anna kvær, koffår, ka ti, kass (musikk), koss’n og kværanndre hos dei eldre, og blant anna værandre, ka, vær hos dei yngre.

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database