Subst: a-ending i svakt hokjønn ub. form eintal

I svakt hokjønn, altså hokjønnsord med vokalending, kan endinga anten vere –e, –a, -æ eller apokope (i norrønt endte alle på –a):

 a-ending

 æ-ending

 e-ending

 apokope

 ei visa

 ei visæ

 ei vise

 ei vis

 ei jenta

 ei jentæ

 ei jente

 ei jent

Alle desse formene finn vi i nordnorsk (Jahr og Skare 1996).

Geografisk fordeling av formene

ei vise, ei jente: I indre delar av Finnmark, Nord-Troms og innflyttardialektane i indre Troms, er endinga tradisjonelt –e. Grensa mellom e- og a-endingane er flytande, og spesielt i randsonene kan det vere mykje veksling mellom dei (Bull 1996: 165). 

ei visa, ei jenta: I nordlege deler av Nordland og til og med Midt-Troms, samt i kystdialektane i Finnmark er det tradisjonelt a-ending. Denne endinga finn vi også sørom Salten i nordlege delar av Helgeland.

ei vis, ei jent: Apokopeformene finn vi tradisjonelt i dialektane i Salten, Lofoten og sørlege delar av Vesterålen, som også blir omtalt som eit nullmålsområde.

ei visæ, ei jentæ: I sørlege delar av Helgeland har dialektane tradisjonelt æ­-ending.

I opptaka frå ScanDiaSyn er denne fordelinga meir eller mindre bevart, men i mange dialektar blir meir enn ei ending brukt: Enkelte stader varierer informantane mellom den tradisjonelle a-endinga og e, som for eksempel i Tromsø, Hammerfest og Ballangen. I tradisjonelle apokopedialektar varierer apokope med e-ending eller både a- og e-ending, og i dialektar med tradisjonell æ-ending blir også a-ending brukt. Det kan dermed sjå ut til at ein i nordlege delar av det tradisjonelle a-området haller mot e-ending i svakt hokjønn ubestemt form eintal, mens dialektar sør for a-området haller mot a-ending.

Kartet viser stader i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009) med minst eitt belegg på forma jennta (ubestemt form eintal).

 

Endinga i svakt hokjønn ubestemt form eintal er mykje brukt i inndelinga av dei norske dialektane, og saman med infinitivsendinga talar ein ofte om a-mål, e-mål og e/a-mål. I a-mål endar både infinitiv og svakt hokjønn på –a, i e-mål endar begge på –e og i e/a-mål endar infinitiv på –e og svakt hokjønn på –a. I nordnorsk har vi både e-mål og e/a-mål, i tillegg til apokopemål/nullmål.

Kjelder

Bull, Tove. 1996. "Målet i Troms og Finnmark", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 157-179. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. “The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool”. I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Følgende dialekter har dette målmerket: