Den preproprielle artikkel

I mange norske dialektar kan person-, slektskaps- og husdyrnamn få det personlege pronomenet framfor seg, slik som i ho Kari og han Per. Ein kan dermed seie at namna får ein førestilt artikkel, derav nemninga den preproprielle artikkel. Denne artikkelen finn vi i norske dialektar når namna fungerer som subjekt, objekt, eller utfylling til ein preposisjon: Ho Kari er mora vår, vi hørte han Per fortelle om ho bestemor. Når namna står i vokativ (tiltale) eller predikativ (etter verb som vere, bli, hete, synes, kalle), kan ein normalt ikkje bruke denne artikkelen: Hei, (*ho) Kari! Guten vart kalla (*han) Per. Du kan lese meir om korleis pronomen kan bli brukt som artiklar/demonstrativ i Johannessen (2008).

Den preproprielle artikkelen er ofte omtala som obligatorisk i nordnorske dialektar unntatt dialektar i språkkontaktområde (Bull 1996: 163). Håberg (2010) undersøker den preproprielle artikkelen i kvæfjordialekten, og undersøkinga hennar antyder at sjølv om den preproprielle artikkelen er svært vanleg, er det ikkje knytt eit absolutt krav om at han er til stades.

I opptaka frå ScanDiaSyn verkar den preproprielle artikkelen å vere svært vanleg i heile området unntatt i (historiske) språkkontaktområde som indre Finnmark/Øst-Finnmark, Manndalen og Karlsøy, kor artikkelen opptrer sporadisk eller fråverande i talemålet til informantane. Artikkelen er også i mindre grad brukt av informantane frå Sømna i Sør-Helgeland.  

Kjelder

Bull, T. 1996. ”Målet i Troms og Finnmark”, i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 157-179. Oslo: Novus.

Håberg, L. 2010. Den preproprielle artikkelen i norsk. Ei undersøking av namneartiklar i Kvæfjord, Gausdal og Voss. Institutt for lingvistiske og nordiske studier, Universitetet i Oslo.

Johannessen, Janne Bondi. 2008. ”The pronominal psychological demonstrative in Scandinavian: Its syntax, semantics
and pragmatics”. Nordic Journal of Linguistics 31.2: 161–192. doi:10.1017/S0332586508001923

Følgende dialekter har dette målmerket: