Vardø

Vardødialekten slik han kjem til uttrykk i opptaka av ScanDiaSyn-informantane, har språklege trekk til felles med både vestleg og austleg finnmarksmål. Som vestleg finnmarksmål har informantane frå Vardø ganske mykje palatalisering og lågning i talespråket sitt, men som i aust kan informantane ha ståande -r i presens og ubestemt fleirtal av substantiv. Sidan Vardø også ligg i Aust-Finnmark, er dialekten kategorisert som austfinnmarksmål. 

I infinitiv er endinga –e, men det er noko variasjon med apokope (eks. træne, kjøre, være, spell, jør, jællp, vis). I presens varierer endinga mellom –r, -e og apokope, men inntrykket er at det er fleire døme på apokope hos dei yngre enn hos dei eldre (eks. heter, hete, het, møte, kåmmer, ligg, ligger). I supinum av einstava verb er endinga –dd (eks. stådd). I svakt hokjønn ubestemt form eintal kan endinga vere –a (eks. hannjukksa ’handjukse’, vær uka ’kvar uke’, ei kona, ei bommba), ,men det er også eksempel på endinga -e (eks. ei lita hytte). I substantiv fleirtal ubestemt form varierer endinga mellom –er og –a (eks. turneringer, fesskekaker, vækkter, krabba, kjøretura, mænneska, jennter). I fleirtal bestemt form er endinga stort sett –an (eks. di fållkan, ganngan, hællgan, hællgen). Ein forskjell mellom dei eldre og yngre informantane er at dei eldre bruker endingane –ar/-ane i gradbøying av adjektiv (eks. rasskare, lænngar), mens dei yngre har meir av endingane ­–er/-ene (eks. finere, penere).

Informantane har palatalisering av opphavlege lange dentalar (eks. unnerhjllning, alldri, vannt, hytta), og vokalen u der skriftspråket har u føre slike (eks. fullsjuk, runnfessk, sunnt, men fåsjvonne). Dei har også ein del lågning i>e, y>ø og e>æ (eks. feskekaker, fløtta, løsst, sett ’sitte’, mett’n ’midten’, spælle). Uttalen av er noe frikativ, som i tsjist (’trist’), og konsonantsambandet rk får uttalen sjk (eks. mæssjke ’merke’, finnmassjking). I konsonantsambandet sl, får s en postalveolar uttale sj (eks. Russjlann, Ossjlo).

I opptaka av dei eldre informantane er det nokre eksempel på samsvarsbøygning av partisippet (eks. nu hørrte æ hann va kåmmen) og på at der kan fungere som subjekt (eks. dær va jo my å ta sæ tell). Den preproprielle artikkelen er brukt gjennomgåande hos begge aldersgrupper (eks. ho kjærringa te han sjippern, ann Sylvesster Stalon). Konstruksjonen bli+å blir brukt om framtid (eks. æ bli vell å fær ut snart). Det er også eksempel på utvida bruk av doble objekt samanlikna med skriftspråka (eks. æ kjøppte hann spelle ’eg kjøpte han spelet’), og på at predikatsadverbial kan komme tidleg i setninga (eks. sku mann sjøl jorrt de, brukkt å fær vælldi åffte dit).

Andre målmerke er pronomenformene æ, mæ og dæmm, nektingsadverbet ikke og tidsadverbet er nu. Ein kan også høyre former som hærane, dærane, bæsat, ellta ('la igjen') og jønnå ('gjennom') og bokmålsformer som syv, sællsakt ('sjølvsagd'), jæmme ('heime'), sæll om ('sjølv om'), mye og seføllgeli.

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database