01 Austfinnmarksmål
Hovedskiljet mellom norske dialektar i Finnmark går mellom indre og ytre delar Finnmark (Bull 1996: 165). Dialektane i ytre Finnmark, som også blir kalla kystmål, varierer noko mellom aust og vest, men det er ifølge Bull vanskeleg å trekke eintydige språklege skilje mellom dei. Eit typisk austleg trekk er grammatisk forenkling i for eksempel substantivbøyinga, og det er først og fremst i Varanger med byane Kirkenes og Vadsø at ein finn desse trekka (Bull 1996: 167).
Ifølge Bull (1996: 165) er det stor variasjon i kvar enkelt dialekt i Finnmark, slik at målmerka presentert i neste fane seier noko om kva målmerke ein kan høyre i austfinnmarksmål, sjølv om ein også kan høyre andre variantar i dialektområdet. Målmerka er basert på beskrivinga av austfinnmarksmål i Bull (1996) og inkluderer blant anna målmerke som er typiske for austfinnmarksmål sammenlikna med vestfinnmarksmål. Dermed er for eksempel palatalisering og lågning utelata, fordi det er mindre palatalisering og lågning i aust enn i vest.
Kjelde
Bull, Tove. 1996. "Målet i Troms og Finnmark" i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar. Oslo: Novus.
Denne dialektgruppa omfatter følgende dialekter:
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database