Kvæfjord
I ScanDiaSyn er det opptak av fire informantar frå Kvæfjord. Talemåla til alle informantane kan karakteriserast som eit e/a-mål med e-ending i infinitiv (eks. snakke, være, men fær) og a-ending i svakt hokjønn ubestemt form eintal (ei jenta). Det personlege pronomenet i 1. person eintal er æ(g) og di/dæm i 3. person fleirtal. Tidsadverba er nu og då, og alle informantane bruker også nektingsadverbet ikkje. Alle har vidare palatalisering av dei opphavlege lange dentalane ll, nn, dd, tt og det er mykje lågning som for eksempel i adverbet semmpeltenn (’simpelthen’). Alle informantane har også ein frikativ uttale av r-lyden.
I dette området skal det tradisjonelt sett også vere a-ending i presens av svake verb (kasta-klassen). Dette er ikkje konsekvent gjennomført hos informantane. For eksempel varierer verbet huske mellom–a- og –e-ending både hos dei yngre og dei eldre. I einstava supinum er endinga –dd (har sedd). I hokjønn fleirtal er endinga –e/-en (eks. hælljen 'helgene').
Dei unge informantane pratar relativt tradisjonelt med former som kjem, mykje, sny, jenna (’gjennom’) og mellå (’mellom’), og med bruk av pronomena han/ho for å vise til ikkje-menneskelege substantiv (den motoren … hann…). Men talemålet deira skil seg frå dei eldre sitt i for eksempel uttalen av adverbet her (mest hær hos dei unge mot her hos dei eldre), forma på relativpronomenet (veksling mellom såmm og så hos dei yngre mot så hos dei eldre) og variasjon i partisippforma av vere (vorre eller vært).
Av syntaktiske trekk manglar dei unge samsvarsbøygning av perfektum partisipp (eks. e kåmmen ifrå Amerika) og adverbet der som upersonleg subjekt (eks. dær e fosstra opp storinngsmænner å allt muli dær borrte).samanlikna med dei eldre informantane. Ein kan også høyre hovudsetningsstruktur i leddsetning (eks. ...førr hann fann kje båt'n). Dei unge informantane bruker bli+å til å markere futurum (eks. bi kje å jør de).
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database