Lavangen

Lavangsdialekten slik han kjem til uttrykk hos dei fire ScanDiaSyn-informantane, er eit e/a-mål (med e-infinitiv og a-ending i svakt hokjønn ubestemt form eintal ei visa). Personleg pronomen i 1.person eintal er e(g) og i 3.person fleirtal varierer det mellom di og dæm. Stadadverba her/der blir uttalt med e i her og æ i dær, altså her/dær, og tidsadverba er no og . Det er mykje lågning som i for eksempel sjlepps (’slips’) og Ænger (’Inger’), og eit særdrag er lågning også i orda det og med slik at dei blir uttalt og . Nektingsadverbet er ikkje. Så langt er det likt for begge aldersgruppene, men dei skil lag når det kjem til presensendinga i svake verb. Hos dei eldre informantane er det mange belegg på a-presens, sjølv om det varierer med e-presens (eks. no huska eg vs. no huske eg), mens e-presens er nokså konsekvent gjennomført hos dei to unge informantane.

Elles har alle informantane palatalisering av historiske dentalar, i verbet bli har det skjedd en assimilering av b og l slik at det har forma bi, og dei har den preproprielle artikkelem (ho datter te ho X). I hokjønn fleirtal er endingane –e/-en. Verbet kome blir bøygd sterkt og får forma kjem presens også hos dei yngre, og desse bruker også tradisjonelle ord som for eksempel mella (’mellom’), mykkje, sjy (’sjø’) og vekke (’uke’). Dei eldre informantane bruker også former som glunt (’gut’) og ygge (’varsam’) og relativpronomenet (’som’).

Det er også noko skilnad mellom aldersgruppene når det gjeld syntaks eller setningsbygging. Begge har samsvarsbøying av partisippet i større eller mindre grad, men dei yngre overgeneraliserer og har det også enkelte gonger etter verbet ha, som vanlegvis berre supinum (eks. ha...kåmmen mot det ’korrekte’ ha kåmme). I talemålet til dei eldre er det også eksempel på at verbal+partikkel blir sette saman i perfektum partisipp (eks. bei askått’n - ’blei avskoten’), og eksempel på den postadjektiviske bestemte artikkel (eks. de e en så triveliar en by å være i). Det er også eksempel på anaforisk samsvarsbøying (eks. naturalhushålldninga...ho). Som samanlikningssubjunksjon bruker dei eldre i standen for enn (eks. vi levvde litt nærrmar naturn [...] så vi jær no).

Av andre generelle nordnorske målmerke i opptaka kan følgande nemnast: dobbelt objekt ved verbet kjøpe (eks. mamma ha nættopp kjøppt mæ sånne sko), preposisjonen hos i betydningen av (eks. fådd...hoss trænarn), og hovudsetningsstruktur i alle typar leddsetningar innleidde av at

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database