Manndalen
Den norske dialekten i Kåfjord slik han kjem til uttrykk hos dei fire informantane i ScanDiaSyn-materialet, har typiske nordtromstrekk som e-infinitiv (med fri apokope) og e-ending i svakt hokjønn ubestemt form eintal. Det personlege pronomenet i 1.person eintal er eg og nektingsadverbet er ikke. Alle informantane har også lågning e>æ i ord som redd og kveld, som også er typisk for nordtromsmål, og uttalen o av skriftspråkets u føre historiske lange dentalar. Det er vidare e-ending i presens av svake verb (kasta-klassen), som varierer med fri apokope og innimellom ståande r.
Elles har informantane mange innslag av skriftspråksformer som kåmmer, mye, jæmm, vært (supinum av vere) og syv, men spørjepronomena har ståande k som i kværandre. Verbet sette har svak bøygning med sætta i supinum, og einstava supinum har endinga –dd.
Lydleg sett har diftongen ei ei open uttale som æi, og dette er meir gjennomført hos dei unge enn hos dei eldre informantane. Det er også relativt lite lågning av t.d. i>e – eit ord som fisk blir som oftast uttalt med i.
I begge aldersgruppene er det døme på at adjektiv/partisipp tar infinitivsetning som utfylling utan bruk av preposisjon som i løsst å bli flymotormekaniker.
Det er ein del skilnader i talemålet til dei unge og dei eldre. Dei unge har vakse opp i norskspråklege heimar, medan dei eldre rapporterer i intervjua at foreldra snakka samisk, eller 'lappisk', som den eldre mannlege informanten seier.
Påfallande for mange dialektar i språkkontaktområde er utjamning av grammatisk kjønn og andre trekk som gjeld adledd i substantivfrasen. I talemålet til dei eldre kan ein for eksempel høyre at inkjekjønnsord som skispor får hankjønnsforma av den ubestemte artikkelen en, og døme som mine ongan. Hos dei unge kan det verke som at distinksjonen mellom han- og hokjønn er meir eller mindre nøytralisert og begge typar får oftast artikkelen en, mens inkjekjønnskategorien er klart definert. Ei undersøking av genussystemet i Manndalen konkluderer då også med at dialekten har eit tokjønnssystem med felleskjønn og inkjekjønn (Conzett et al. 2011). Hankjønnsforma av eigedomspronomenet kan også opptre i etterstilt posisjon med eit substantiv som er bøygd for hokjønn som klokka min.
Dei eldre har også påfallande mange døme på føresteld eigedomspronomen som i sin tante, men slik er det ikkje hos dei yngre. Dei har til gjengjeld fleire døme på førestelt til i fraser som et tell dyr. Det er også tydeleg hos dei eldre at trykket kjem på førstestavinga i ord som ikkje har det i standardtalemålet, som for eksempel i ord med prefiks (BEstandi, BEtyr) og andre (låne)ord som konkurranse og telefon (trykk på førstestavinga i disse orda kan ein også finne i t.d. austnorske målføre).
Dei yngre har gjennomført –e/-en-ending i hokjønn fleirtal, men hos dei eldre varierer dette med endingane –a/-an.
Når det gjeld pronomena meg, seg og vår, utmerkar dei yngre informantane seg med variasjon mellom meg og mæi, seg og sæi og forma våsj.
Trekk som palatalisering av historiske dentalar og samsvarsbøygning av partisipp, som er sams med tradisjonelle nordnorske dialektar, har dei eldre i fullt monn, men ikkje dei yngre. Hos dei unge er det ingen belegg på samsvarsbøygning, men det er noko palatalisering, og då først og fremst hos den unge guten. Spesielt jenta har ein del retrofleksar for lang nn i staden for palatalisering.
Dei eldre uttalar også her/der med e, medan dei unge har hær/dær med æ. Tidsadverba er hos dei eldre då og no (noko innslag av nu), medan dei unge varierer mellom då og da.
Spesielle språklege trekk som ein berre høyrer hos dei eldre informantane er t.d. plassering av adverb bak det infinitte verbalet som i de va jo karrasjåkksamisken såmm va skreven egentli; fleirtalsbøygning av årstidene når dei fortel om kva dei brukte å gjere i dei ulike årstidene (om høsstan, om våran); resumptivt (gjentatt) pronomen (de væit du vell korr de e) og ord som pikke, spallt og elinga.
Kjelde
Conzett, Phillipp, Åse Mette Johansen og Hilde Sollid. 2011. ’Genus og substantivbøying i nordnorske språkkontaktområder’, i Nordisk tidsskrift for andrespråksforskning, s. 35-73.
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database