Myre
Det er fire informantar frå Øksnes i Myre kommune i ScanDiaSyn. Talemålet til informantane samsvarar med dei vanlege skildringane av talemålet i grensestroka mellom Nordland og Troms som eit e/a-mål, a-presens i svake verb (eks. husska, starrta, bruka, men prate, kåsste) og endingane –e/-en i hokjønn fleirtal (eks. granbussken). I infinitiv vekslar informantane mellom e-infinitiv og apokope (prate, kjøpe, fløtte, opprætthålle, men prat, fårtæll, dræg), og det kan verke som at dei unge informantane har meir apokope enn dei eldre. Av andre generelle målmerke hos informantane kan palatalisering av historiske dentalar og nektingsadverbet ikkje også nemnast.
Dei meir spesifikke målmerka for Vesterålen som tidsadverbet nu og det personlege pronomenet æ finn ein også hos desse informantane. I 3.person er pronomenforma som oftast di.
Dei unge informantane er i tjue-åra, og det er relativt liten forskjell mellom dei yngre og dei eldre informantane, som er i arbeidsfør alder. Noko forskjell er det likevel. For det første kan det verke som om dei yngre har meir apokope i infinitiv enn dei eldre. For det andre har dei unge informantane meir utprega mørk uttale av l og meir frikativ uttale av r-lyden enn kva dei eldre har. Dette påpeiker også den eldre kvinnelege informanten i intervjuet. Sist, men ikkje minst, varierer dei unge mellom formene kjem og kommer, mens dei eldre informantane berre bruker den sterke forma kjem.
Elles har mellom anna alle informantane døme på samsvarsbøygning av perfektum partisipp (eks. æi dama så ha blidd anngrepen av ællg), samansett partikkel og verbal (eks. omsnudd, færrdigroven) og adverba her/der som upersonleg subjekt (eks. dær e kje reir dær borrte). Relativpronomenet er stor sett så, og hos dei eldre informantane blir denne forma brukt som samanlikningssubjunksjon som i ønnger så mæ (’yngre enn meg’). Ein kan også høyre den preproporielle artikkelen (eks. hann Kåre), og hos dei eldre informantane kan ein høyre eksempel på tre subjunksjonar på rad: ...fårrdeåm att de va brukkt en del vann.
Informantane har stort sett ordparet her/dær, alveolar uttale av s i konsonantsambandet sl (altså ikkje uttalen sjl i namnet Oslo), konsonantsambandet rk får ofte uttalen sjk som i massjk for mark. I opptaka kan ein også høyre lågning i>e, e>æ, y>ø (eks. strekkeklubb 'strikkeklubb', lættar 'lettere', fløtte).
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database