presens: ståande -r

I nynorsk blir svake verb delt i to klassar: a-verb og e-verb. a-verba blir bøygde som verbet kaste og endar på ­–a i preteritum og –ar i presens: kastar (- kasta), hugsar (- hugsa), hoppar (- hoppa). e-verba har –te i preteritum og –er i presens:  kjøper (- kjøpte).

 

 infinitiv

 presens

 preteritum

 perf.partisipp

 a-verb

 kaste/kasta

 kastar

 kasta

 kasta

 e-verb

 kjøpe/kjøpa

 kjøper

 kjøpte

 kjøpt

Dei fleste nordnorske dialektane manglar ståande –r i presens (som i mange norske dialektar elles), men det varierer om det er samanfall mellom a-verb og e-verb slik at alle endar på –e (kaste, kjøpe), eller om a-verb (i prinsippet) endar på –a, og e-verb på –e.

Skillet mellom samanfall og a-ending går tradisjonelt tvers over Senja (Jahr og Skare 1996: 60f). Sør for denne grensa har a-verb tradisjonelt a-ending i presens slik at desse dialektane har både –a- og –e-ending i svake verb avhengig av klasse. Nord for denne grensa endar alle svake verb i presens på e. Det betyr at i Sør-Troms vil ein tradisjonelt seie eg ligg og feska, medan ein i Nord-Troms vil seie eg ligg og feske (Jahr og Skare 1996: 60). Jahr og Skare (1996: 60) understreker at det er forskjellar mellom eldre og yngre språkbrukarar, kor yngre i større grad har e-ending.

Systema i dei ulike dialektområda (etter Hansen 1996; Bull 1996, Jahr 1996; Jahr og Skare 1996).

 Nord for Senja

 kaste(r)

 kjøpe(r)

 Innflyttardialektar

 kaster

 kjøper

 Sør for Senja

 kasta

 kjøp(e)

 Ranamål

 kast

 kjøp

I dialektar i Finnmark kan ein høyre presens-r (Bull 1996), og dialekten i indre Troms har også behalde –r (Jahr 1996).

I talemålsmaterialet samla inn gjennom ScanDiaSyn finn vi at dei store trekka med a-ending i sør og e-ending i nord held seg, men samtidig er det svært mykje variasjon mellom former med ending og apokope.

Dei følgande karta viser stader med minst eitt belegg på presensforma hussker hos høvesvis unge og eldre informanter i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009). Karta viser at denne forma er avgrensa til indre og austre finnmarksmål blant dei unge informantane, mens forma er meir geografisk spredt i Troms og Finnmark blant eldre informantar. 

Minst eitt belegg i transkripsjonane på presensforma hussker blant unge informantar (kart til venstre) og eldre informantar (kart til høgre):

Kjelder

Hansen, Eskil. 1996. "Dialektene i Nordland", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 121-134. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon. 1996. "Dialektane i indre Troms – Bardu og Målselv"i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 180-185. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Nesse, Agnethe. 2008. Bydialekt, Riksmål og Identitet – Sett fra Bodø. Oslo: Novus.

Følgende dialekter har dette målmerket: