Sør-Varanger
Frå Sør-Varanger kommune finst eit opptak av Nordavinden og sola Frå Bjørnevatn, og i ScanDiaSyn ble det gjort opptak av fire informantar frå Kirkenes.
Varangerdialekten slik han kjem til uttrykk i talemålet til dei fire ScanDiaSyn-informantane passar ganske godt med skildringar av austfinnmarksmål: Infinitivane endar på -e (eks. vite, spise, men jør), og svakt hokjønn ubestemt form eintal kan få a-ending (eks. ei uka, ei gata, ei venninna). Det er relativt lite palatalisering av opphavlege dentalar hos alle informantane, men meir hos dei eldre enn hos dei yngre. Den unge kvinnelege informanten har noko retrofleks uttale av lang n, slik som i Narvik og Vadsø (Bull 1996: 167). Det er også noko lågning i talemålet til informantane som i præmia.
Informantane har noko ståande –r i presens (mest hos dei yngre) (eks. synger, hussker, men kåssta, synnge)og i ubestemt form fleirtal (eks. matbuer), og det er få, om nokon, eksempel på endingane –e/-en i hokjønn fleirtal. Dei fleste kv-orda har ’k’ i seg, men det er nokre få belegg på ord utan som verandre, vær ('kvar') og val ('kval'). Hos dei eldre informantane kan ein høyre spørjepronomenet kass, mens dei unge for eksempel bruker kossjn og korrdan.
I opptaka kan ein f.eks. også høyre kv-spørsmål utan inversjon og det er også belegg på hovudsetningsleddstilling i leddsetningar som i skriftspråket må ha leddsetningsstruktur (eks. æ e bare gla æ kann av å till gå jæmm å spis;..såmm betyr vell att æ skall nærrme mæ pangsjonsallder). Hos dei eldre kan ein også høyre frasar med utelaten preposisjon (eks. dæmm håll på å leite _ billda fra de dære opprinnlie huse), og at adverbial blir plassert mellom to objekt (eks. å så hadd æ fådd mæ egentli jåbb).
Elles er det ein del skriftspråksformer som for eksempel mye, hjem, syv, hær og dær. Hos alle er nektingsadverbet ikke og dei personlege pronomena æ, mæ, dæ, dæmm og dokker.
Kjelder
Bull, Tove. 1996. "Målet i Troms og Finnmark", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar. Oslo: Novus, s. 157-174.
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
- Adverbial: plassering i hovudsetningar
- Infinitiv: e-infinitiv
- Nektingsadverbet 'ikke'
- presens: e-presens i svake verb (av kaste-klassen)
- presens: ståande -r
- Pronomen: æ(g)
- Subst: a-ending i svakt hokjønn ub. form eintal
- Subst: e-ending i svakt hokjønn ub. form eintal
- Subst: hokjønn fleirtal r-ending
- Tidsadverbet 'nu'
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database
Nordavinden og sola-samlingen fra NTNU har en prøve fra denne dialekten:
- Nordavinden og sola fra Sør-Varanger