Subst: e-ending i svakt hokjønn ub. form eintal
I svakt hokjønn, altså hokjønnsord med vokalending, kan endinga anten vere –e, –a, -æ eller apokope (i norrønt endte alle på –a):
a-ending |
æ-ending |
e-ending |
apokope |
ei visa |
ei visæ |
ei vise |
ei vis |
ei jenta |
ei jentæ |
ei jente |
ei jent |
Alle desse formene finn vi i nordnorsk (Jahr og Skare 1996).
Geografisk fordeling av formene
ei vise, ei jente: I indre delar av Finnmark, Nord-Troms og innflyttardialektane i indre Troms, er endinga tradisjonelt –e. Grensa mellom e- og a-endingane er flytande, og spesielt i randsonene kan det vere mykje veksling mellom dei (Bull 1996: 165).
ei visa, ei jenta: I nordlege deler av Nordland og til og med Midt-Troms, samt i kystdialektane i Finnmark er det tradisjonelt a-ending. Denne endinga finn vi også sørom Salten i nordlege delar av Helgeland.
ei vis, ei jent: Apokopeformene finn vi tradisjonelt i dialektane i Salten, Lofoten og sørlege delar av Vesterålen, som også blir omtalt som eit nullmålsområde.
ei visæ, ei jentæ: I sørlege delar av Helgeland har dialektane tradisjonelt æ-ending.
I opptaka frå ScanDiaSyn er denne fordelinga meir eller mindre bevart, men i mange dialektar blir meir enn ei ending brukt: Enkelte stader varierer informantane mellom den tradisjonelle a-endinga og e, som for eksempel i Tromsø, Hammerfest og Ballangen. I tradisjonelle apokopedialektar varierer apokope med e-ending eller både a- og e-ending, og i dialektar med tradisjonell æ-ending blir også a-ending brukt. Det kan dermed sjå ut til at ein i nordlege delar av det tradisjonelle a-området haller mot e-ending i svakt hokjønn ubestemt form eintal, mens dialektar sør for a-området haller mot a-ending.
Kartet viser stader i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009) med minst eitt belegg på forma jennte (ubestemt form eintal).
Kjelder
Bull, Tove. 1996. "Målet i Troms og Finnmark", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 157-179. Oslo: Novus.
Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.
Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. “The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool”. I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.
Følgende dialekter har dette målmerket: