Tidsadverbet 'no'
Tidsadverbet no (norr. nú) har variantane no og nu i nordnorsk. Forma no finn vi ifølge Jahr og Skare (1996: 43, 63) tradisjonelt i Nordland nord til Sørfold og på Værøy og Røst, i Ofoten, og nord for Harstad. Forma nu fins i Nord-Salten, Vesterålen og Lofoten og rundt Harstad (Jahr og Skare 1996: 43, 63). Ho fins dessutan somme steder i Ytre Finnmark og i Varanger (Bull 1996). I tillegg er nu eit kjennemerke ved bydialektane i Bodø, Narvik og Harstad, og i yngre mål i Tromsø.
I ScanDiaSyn-opptaka frå Nord-Noreg er det tydeleg at forma nu spreier seg. Særleg langs kysten av Finnmark og i Nord-Troms er det slik at dei eldre stort sett bruker forma no, mens dei unge varierer mellom no og nu, og kanskje også har ein overvekt av nu. Også informantane frå Karlsøy og Tromsø vekslar mellom no og nu. Forma nu ser også ut til å spreie seg i områda rundt byane i Nordland. I Ballangen bruker informantane forma nu, og det same gjer dei unge informantane i Beiarn. Også dei unge informantane frå Sømna heilt sør i Nordland bruker forma nu litt. Elles i opptaka er stoda for nu og no meir eller mindre slik som nemnt over, men karta nedanfor viser at det er minst eitt belegg på både nu og no hos både eldre og yngre informantar i heile Nord-Noreg i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009).
Minst eitt belegg på forma no hos unge informantar (kart til venstre) og eldre informantar (kart til høgre):
Kjelder
Bull, Tove. 1996. "Målet i Troms og Finnmark", i i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 157-179. Oslo: Novus.
Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.
Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. “The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool”. I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.
Følgende dialekter har dette målmerket: