10 Ranamål

Helgeland er det sørligste dialektområdet i Nord-Noreg og grenser til Nord-Trøndelag i sør. Særleg i sør er det dermed mange språklege trekk som er felles med trøndersk, og dialekten i Bindal blir av og til rekna til trøndersk. Det er eit område med mykje variasjon, og ein kan dele det inn i ulike undergrupper. Her følger vi tredelinga til Jahr og Skare (1996: 19) i ranamål, vefsnmål og brønnøymål.

Ranadialekten har tradisjonelt hatt spor av jamvektsregelen slik at han bl.a. har hatt kløyvd infinitiv (å kast, å veta), som har resultert i infinitivsforma va ('vere'). Som i saltenmålet er det også mykje apokope i ranamål, men tradisjonelt følger apokopen jamvektsregelen, noko som fører til at berre overvektsord blir apokopert. Dermed blir også presens av overvektsverb i kasta-klassen apokopert, slik at presens av kaste er kast i ranamål (men kasta i saltenmål) (Hansen 1996: 127).

I hokjønn bestemt form eintal skil ranamålet seg fra sør-helgelandsk ved å ikkje ha ulik ending i sterkt og svakt hokjønn (delt hokjønn), og endingsvokalen er -a og ikkje , som lenger sør (den sola, den visa).

Pronomenformene er eg, meg, deg, og i 3. person hankjønn er forma hann (utan palatalisering), mens lenger sør er forma hainn (med palatalisering).

Kjelder

Hansen, Eskil. 1996. “Dialektene i Nordland”, i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.), Nordnordske dialektar, Oslo: Novus, 121-133.

Jahr, Ernst H. og Olav Skare. 1996. ”Del I. Oversyn over nordnorske dialektar – kart og målprøver” i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.), Nordnordske dialektar, Oslo: Novus, 9-77.

Denne dialektgruppa omfatter følgende dialekter:

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database