Kirkesdalen
Dialektane i indre Troms stammar frå talemålet til austlandske og trønderske innflyttarar som kom til Nord-Noreg for omlag 200 år sidan (Jahr 1996). I SanDiaSyn-prosjektet deltok fire informantar frå Kirkesdalen i Målselv kommune, og den følgande beskrivinga er basert på opptaka av desse informantane.
Talemålet til dei to eldre informantane frå Kirkesdalen har typiske trekk for som noko kløyvd infinitiv (eks. beskrive, sitta, ligga) og tjukk l av begge opphav (eks. juLeboL 'julebord', joLe 'gjorde'), mens dei unge informantane i tenåra har e-infinitiv og tjukk l berre av historisk l. Alle informantane har likevel målmerka ståande r i fleirtal av substantiv, pronomenformene e(g), mæ/mæi, dæ/dæi og monoftongering (heme). Når det gjeld prosodi, har dei eldre ein tydeleg austnorsk intonasjon, medan det ikkje er like tydeleg hos dei yngre.
Andre felles særdrag for dei eldre og yngre informantane er palatalisering av opphavlege lange dentalar og velarar (stykkje). Diftongane 'ei' og 'au' er opne og blir uttalt æi/ æu, og det er noko lågning/opning e>æ, i>e, o>ø. I partsippformene er det restar av tiljamning (kømmen, vøkks’n, vørte). I ord som varierer mellom kort og lang rotvokal i norske dialektar, er rotvokalen lang (eks. (har) skøte ’skote’ og spel ’spel’).
I fleirtal bestemt form ender hokjønnsorda på –(e)n og hankjønnsorda på –an. Presensendinga i svake verb er stort sett –e, men ho kan bli apokopert vekk. I talemålet til dei unge er det også eit par belegg på a-presens. Verb som kome og vere blir bøygd sterkt, også av dei unge.
Ein finn også samsvarsbøygning av partisipp i begge aldersgrupper (StåkkhåLLm e kje kømmen så lanngt ’Stockholm er ikkje komen så langt’) og den preproprielle artikkel ((h)o mamma). Den eldre kvinnelege informanten har restar av dativ (på bægge sie ta æLLven), og dei eldre har også samansett verbal og partikkel i partisippforma (oppattsatt, heimkåmme). Det er også døme på innskote ubestemt artikkel mellom bestemmarord og substantiv (kvær en gåL) i talemålet til dei eldre.
Av leksikalske ting kan forma sny nemnast, samt ord som ørk (kvardag), vættle og fressamt (freistande) hos dei eldre, og somme hos dei yngre. Tidsadverbet er no og adverba 'her/der' blir uttalt hær/dær.
Kjelde
Jahr, Ernst Håkon. 1996. "Dialektane i indre Troms – Bardu og Målselv", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, Oslo: Novus, s. 180-184.
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database