Kvænangen
Det er fire informantar frå Kvænangen i ScanDiaSyn-materialet. Begge dei eldre informantane voks ifølge eigne utsegn opp med minst ein samisktalande forelder, men ingen av dei lærte samisk heime. Slik bakgrunn var ifølge informantane vanleg på den tida, og Kvænangen har vore ein plass for “tre stammers møte”.
I opptaka av informantane kan ein høyre typiske målmerke for nordtromsdialekt som nektingsadverbet ikke, pronomenet e(g) og at det er eit e-mål: Både infinitivar og svakt hokjønn ubestemt form eintal får endinga –e (eks. jøre, jågge, fære, bokkse å dunjakke ‘bukse og dunjakke’). Det er ein del forskjeller mellom talemålet til dei eldre og talemålet til dei yngre som blir kommentert nedanfor.
I presens er endinga -e (eks. ane, husske), og endinga er –dd i supinum av kortstava verb. I hokjønn fleirtal er endingane –e og –(e)n (eks. jennte, hunndre krone, strømmningen), elles er det –a og –an. Adjektiv får endingane –ar(e) i komparativ og superlativ (eks. varmare).
Dei eldre informantane har gjennomført palatalisering av opphavlege dentalar (eks. skutermann, vinn), mens det er lite palatalisering hos dei unge. I talemålet til den unge kvinna kan ein høyre retroflektering i staden for palatalisering (eks. ikke sarrnt, korrne ‘kunne’). I talemålet til dei eldre er det også gjennomført o for u (der skriftspråket har u) føre palatalar (eks. onner ‘under’, konne ‘kunne’, honn ‘hund’), mens dei unge varierer mellom o og u (eks. honn ‘hund’, huun ‘hunden’, konne ‘kunne’, kunne). Det er lågning y>ø og e>æ, men i mindre grad i>e (eks. støkka, læse, træg, jikk, fissk). Eit særdrag ved dialekten er lågning e>æ føre palatal (eks. kvællan, hæller, fjæll). Hos dei yngre kan ein høyre at r får meir frikativ uttale enn vanleg (eks. fjosj ‘fjor’), og hos alle kan ein høyre at konsonantsambandet rk blir uttalt sjk (eks. åssjk, sissjkaa). Det er også ein tendens at diftongen ei har ein uttale som nærmar seg æi. I talemålet til
dei eldre høyrer ein at kj-lyden kan bli ein affrikat (eks. tjøp), at stemte konsonantar kan bli ustemte i utlyd (eks. lørrdak, ek ‘eg’) og at 's' får alveolar og ikkje postalveolar uttale i ord som sjårts og Osslo. Vidare får historisk fn uttalen mn (eks. åmmn ‘omn’), og dei eldre har meir apokope enn dei yngre (eks. ikk ‘ikkje’, hadd ‘hadde’).
Av syntaktisk drag kan ein nemne den preproprielle artikkelen, som ein informant uttrykker at er ein del av dialekten, sjølv om han ikkje er heilt gjennomført i opptaka (eks. ho Sjakira, men hoss M3 å M2). Dei eldre kan bruke adverba her/der som subjekt (eks. hær e jo utruli natur), mens samsvarsbøygning av partisipp kan ein også høyre hos dei yngre informantane (eks. nysneen e kåmmen). Hos dei yngre informantane kan partisippet også opptre i bøygd form etter verbet ha (eks. æ har alldri kåmmen i en sitvasjon). Konstruksjonen bli+å blir brukt om futurum (eks. menn da bli æ å prate vælldi lite). Verbet vere blir brukt som hjelpeverb ved rørsleverb (eks. nårr e va gådd inn ‘då eg hadde gått inn’), og særleg hos dei eldre informantane kan ein høyre at predikatsadverbial blir plassert på plassen til setningsadverbial (eks. har du værrt i år på jakkt? ka hær står). Hos dei eldre kan ein også høyre at enkelte obligatoriske preposisjonar i skriftspråket er utelatt (eks. jikk å leita fåsjellie tinng ‘gikk og leita etter forskjellige ting’), og at relativsubjunksjonen som blir brukt som samanlikningssubjunksjon (eks. eg e jo mye meir gla i fissk no såmm e va da). Det er heller
ingen belegg på den ubestemte artikkelen ei hos dei eldre, slik at ein kan seie at talemålet deira berre har to genus eller kjønn. Det er nokre få belegg på denne artikkelen hos dei unge informantane, men også hos desse er det mange døme på at hankjønnsformer som en og min blir brukt i staden for ei og mi (eks. æi låt, en bok, inntækkta mi, minn søster, minn mor å far). Verdt å merke seg hos dei yngre, er førestelt possessiv ved slektsskapsord (eks. minn søster, minn mor å far, minn bæsstemor).
Tidsadverba er no og stort sett då hos dei eldre informantane, mens dei yngre informantane har da og varierer mellom nu og no. Kv-orda får stort sett kv-uttale (eks. ka, kværmann, kæmm, ka ti, kvaranndre). Dei eldre og dei yngre skil seg på dette punktet frå kvarandre ved at dei eldre bruker spørjeorda kass (favorittprogramm) og koss’n, mens dei yngre har forma kossj’n.
Elles blir verbet nå brukt i tydinga rekke (eks. e har ikkje nådd me), hefte i tydinga å bli forsinka (eks. æ hæffta næsst'n førrti menutt), og ein høyrer også verbet ællte (‘glemme’). Av andre former kan ein høyre kåmmer, mye, syv, jæmm ‘heim’, skol’n, maga (‘mage’), ett jæng (‘ein gjeng’).
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
- Adjektiv med infinitivsetning som utfylling
- Adverbial: plassering i hovudsetningar
- Infinitiv: e-infinitiv
- Nektingsadverbet 'ikke'
- Perfektum partisipp: bøying av partisippet
- presens: e-presens i svake verb (av kaste-klassen)
- Pronomen: eg
- Substantiv: antal genus
- Subst: e-ending i svakt hokjønn ub. form eintal
- Verbet "vere" som hjelpeverb
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database