Medby
Medby er ei bygd på yttersida av sørlege delar av Senja. Tradisjonelt sett er det to viktige hovudskilje mellom dialektene på Senja: forma på første person eintal (eg eller æ(g)) og presens av svake verb i kasta-klassen. I sør har dei tradisjonelt eg og–a-presens, mens i nord har dei tradisjonelt æ(g) og e-presens. Dialektforskjellen mellom nord og sør er framleis til stades, men ut frå opptaka av dei to unge informantane frå Medby i sør er det mykje som tyder på at e-presens er meir brukt enn a-presens hos ungdommen i sør.
Frå Medby er det to unge informantar i ScanDiaSyn-materialet. Talemålet deira er eit e/a-mål med e-infinitiv (eks. prate) og ein del a-ending i svakt hokjønn ubestemt form eintal (eks. ei plata, ei veninna, men sanngstjærne). Som allereie nemnt er det nokre belegg på a-presens (eks. bruka), men i opptaka er det fleire belegg på e-presens av verb i kasta-klassen (eks. spælle, jåbbe, bruke). I hokjønn fleirtal er endinga –e/-(e)n (eks. mannge plate, plat’n, hællgen).
Pronomenformene er typiske for dialektområdet med eg og meg. Nektingsadverbet er ikkje, og informantane bruker kv-ord som kæmm, kossj’n og ka ti. Tidsadverba er no og då.
I opptaka kan ein også høyre tradisjonelle målmerke som palatalisering av opphavlege dentalar og lågning i>e, e>æ, y>ø (eks. fessking, jefft ‘gift’, støkka). Som informantane frå Stonglandseide (og Lavangen), men i motsetning til informantane frå nord, har dei formene mæ (‘med’) og dæ (‘det’). Uttalen av r er frikativ, og ein kan også høyre at det norrøne konsonantsambandet fn blir uttalt vn (eks. navvn). Føre opphavleg lang dental er uttalen av skriftspråkets u /u/ og ikkje /o/ (eks. hun’n ‘hunden’).
Av syntaktiske trekk kan ein blant anna merke seg at samanlikningskonjunksjonen er enn og ikkje så, slik det er hos dei eldre informantane frå Senja. Futurum blir uttrykt med konstruksjonen bli+å (eks. åg så bli ho sjelld’n å kjæmm heim ‘og så blir ho sjeldan å komme heim’). I denne ytringa kan ein også merke seg at informanten bruker presensforma kjæmm som infinitiv. Den preproprielle artikkelen blir også brukt av informantane.
I opptaka høyrer ein også tradisjonelle ord og former som dø (‘døydde’), sei (‘seier’), kjæmm (‘kjem’), sny (‘snø’), vekka (‘uke’), og dei vekslar mellom lydane e og æ i stadadverbet ‘her’ (eks. herrifrå, hær).
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database