Tana

Frå Tana er det fire informantar i ScanDiaSyn-materialet. Dei eldre informantane har vakse opp i samisk- og samisk-/kvensktalande familiar, men sjølv lærte dei berre å snakke norsk. Dei yngre informantane har delvis samisktalande foreldre, og dei har lært samisk på skolen.

Taletmålet til informantane er eit e-mål med infinitiv som ender på –e (eks. plokke, fårtælle, lære), og svakt hokjønn i ubestemt form eintal ender også stort sett på –e (eks. jædde, en veninne, en uke), men i opptaka av dei eldre høyrer ein nokre tilfella av –a (eks. kassj tralla, ho e jennta). Nektingsadverbet er ikke og tidsadverbet nu, og dei personlege pronomena er mellom anna æ, mæ, dåkker og dæmm.

I presens er det variasjon, men inntrykket at –r dominerer hos dei unge informantane (eks. føler, bruker, spiser), mens det verkar som det er meir variasjon hos dei eldre mellom –r, -e og apokope (eks. klar ’klarar’, kalle). Presens av vere har ikkje ståande r og får forma e. I substantiv fleirtal er det belegg for bøygningsmønsteret -er ­– -an: (fleire) hunner – (alle) hunnan (eks. hunner, utehunna, raser, jeddekaker, foter ’føtter’, hunnan, tænna). I supinum av einstava verb er endinga –dd (eks. fådd).

Av fonologiske trekk er det lite av palatalisering og lågning bortsett frå e>æ (eks. ægg, vænner). Dei mannlege informantane uttaler konsonantsambandet kj med tydeleg affrikat (eks. tjøpe). Det er også ein tendens at korte vokalar blir forlenga (eks. tokk ’tok’, likke ’like’), og i nokre tilfella er trykkplasseringa lengre bak i ordet enn vanleg (eks. kjæmmpeskuffa).

Adverba der/her kan fungere som subjekt (eks. dær e vælldi grunnt), og partisippet kan blir bøygd (eks. dæmm ble påtvonngen). Den preproprielle artikkel er ikkje obligatorisk. Futurum kan bli uttrykt ved bli+å (eks. så ble æ å ta trommer). Predikatsadverbial kan bli plassert tidleg i setninga (eks. så de har ikke æ før fådd, har dåkker åffte fissk jæmme).

Dialekten slik han kjem til uttrykk i opptaka, har berre to kjønn, når ein legg forma til den førestilte artikkelen til grunn (eks. en jennte, en hytte, en anna). Hokjønnsformene ei og mi i førestilt posisjon opptrer ikkje i det heile i opptaka, men possessivet mi opptrer i etterstilt posisjon. Hos den eldre mannlege informanten kan ein høyre nokre tilfelle av genusfeil kor substantivet og determinativen ikkje har same kjønn (eks. denn minne ’det minnet’, en frøkktli arrbei ’eit frykteleg arbeid’, bæsstefar mi 'bestefar min').

Elles kan ein mellom anna høyre kv-orda ka, korr, kossj’n, koffår, men værandre. Finnmarksforma nåt (’noko’) er også belagt  i opptaka.

 

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database