Mefjordvær

Mefjordvær ligg på yttersida av nordlege Senja. Tradisjonelt sett er det to viktige hovudskilje mellom dialektene på Senja – forma på første person eintal (eg eller æ(g)) og presens av svake verb i kasta-klassen. I sør har dei tradisjonelt eg og–a-presens, mens i nord har dei tradisjonelt æ(g) og e-presens. Dialektforskjellen mellom nord og sør er framleis til stades, men ut frå opptaka av dei to unge ScanDiaSyn-informantane frå Medby i sør er det mykje som tyder på at e-presens er meir brukt enn a-presens hos ungdommen i sør.

Frå bygda Mefjordvær er det to eldre kvinnelege informantar i ScanDiaSyn-materialet. Talemålet til desse informantane er eit e/a-mål med  e-infinitiv (eks. være) og a-ending i svakt hokjønn ubestemt form eintal (eks. ei katta, russisk sia, men ei katte). I presens er endinga -e (eks. håpe), og i hokjønn fleirtal er det stort sett –e/-(e)n-ending (eks. jeit’n ‘geitene’, åsjtien ‘årstidene’, men historian ‘historiene’).

Dei personlege pronomena er æ, dæmm og hann (utan palatalisering). Nektingsadverbet er ikkje, tidsadverba no/då og stadadverba her/dær. Ein kan høyre kv-ord som kværrt, kæmm, kossj og i kossja i frasen kossja sting.

Informantane har palatalisering og lågning i>e, e>æ og y>ø (mett ‘midt’, frøkkteli ‘frykteleg’). Uttalen av r er noko frikativ, og opptaka har eksempel på vokalforlenging (samen).

I opptaka er det belegg på frasar som dissan herran krætturan, samsvarsbøying av partisipp og den preproprielle artikkelen (eks. å så e kje ho Leidi kåmmen heim) og adverba her/der brukt som subjekt (eks. her er frøkkteli bryting i politikken). Dobling av den ubestemte artikkelen finn ein også: ei svarrt ei bok. Det er også belegg på eit spesielt fenomen ein ikkje finn mange andre stader i Noreg (Taraldsen 2011?), nemleg adjektivbøyinga svarrt-e i frasen ei svarrte lita notisbok.

I opptaka kan ein også høyre ord, former og fraser som tesvassj (‘til svars’), krætturan og gu sje takk.

 

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database