Tromsø
Tromsødialekten har sidan 1980-talet vore "ein språklig smeltedigel" (Bull 1996: 175) på grunn av den store tilflyttinga som er, og har vore, til byen. Tradisjonell tromsødialekt liknar ifølge Bull (1996: 175) på dialektane omkring byen og er som elles i dialektområdet eit e/a-mål. ScanDiaSyn-informantane frå Tromsø har fleire trekk til felles med den tradisjonelle bydialekten. Dei har eit e/a-mål, noko som vil seie at infinitivar ender på –e (eks. sette, plannte) og svakt hokjønn ubestemt form eintal på –a (eks. ei dama, ei krona, æi byløva), sjølv om dette vekslar med –e-ending (eks. æi sann historie). Nektingsadverbet er ikkje hos både dei eldre og dei yngre informantane, som er i tjueåra, men Sollid (2014: 118ff) rapporterer at forma ikke blir meir brukt hos ungdom (18-20 år) enn hos eldre (31 år og eldre). Når det gjeld tidsadverbet, varierer begge informantgruppene mellom formene no (som er den tradisjonelle forma) og nu.
I hokjønn fleirtal er endingane –e/-(e)n (eks. di hæ fine trommsøfruen, to tre uke, mannge veninne). I presens er endinga –e (eks. husske, virrke, funngke), men det er også nokre få belegg på a-presens i begge aldersgrupper (eks. snakka, håpa, ønnska). I presens av komme brukast forma kåmmer og i partisipp kåmmet. I supinum av einstava verb er endinga –dd (eks. blidd).
Dei to eldre informantane har palatalisering av opphavlege dentalar. Hos dei yngre er det meir variasjon mellom palatalisering og dentalar, og det verkar som at den unge mannlege informanten har meir palatalisering enn den unge kvinnelege informanten (eks. fåbanna, greitt). Hos henne synest dental uttale å dominere, og det er innimellom innslag av retroflektering (eks. annavær).
Ifølge Bull (1996: 175-179) er det tradisjonelt o for skriftspråkets u føre palatalar i tromsødialekten, men at u har vorte vanlegare. Hos dei eldre informantane er det noko variasjon mellom o og u (eks. fullt, foll ’full’), men hos dei yngre er berre u brukt (eks. runnt). Tradisjonelt har dialekten også sambandet mn (<fn, norr.). Hos dei eldre informantane høyrer ein enkelte belegg på dette (eks. nemmte), men det er ein overvekt av vn (eks. navn, nævvne). Dei yngre bruker stort sett bare vn, men eit unntak er læmmne. Ifølgje Bull er det også lite lågning i dialekten, men kanskje mest y>ø. I talemålet til dei eldre finn ein lågning av i>e, e>æ og y>ø (eks. tell, læge, fløtta). Hos dei yngre er det relativt lite lågning, men den unge mannlege informanten har meir enn den kvinnelege. Det er likevel ein god del lågning e>æ (eks. træstokk, knæbeskyttera, sjæf, fræse). Når det gjeld diftongar, har dei unge informantane mest monoftonger i ord som mene, hete, hele, mens det er noko meir variasjon mellom diftonger og monoftonger hos dei eldre (eks. heile).
Av syntaktiske trekk finn ein samsvarsbøygning av partisipp og adverba her/der som subjekt hos dei eldre informantane, men ikkje hos dei yngre (eks. vi e jo da kåmmen jæmm føssjte april, dær e en…). Den preproprielle artikkelen er gjennomført hos alle informantane (eks. ho svigermor, hann typen dinn). Ein høyrer også at adjektiv tar infinitivssetningar utan preposisjon (eks. lyst å ræise i Asia), og at hjelpeverbet vere blir brukt i staden for ha ved rørsleverb (eks. da va æ fløtta). Hos dei eldre kan ein også høyre at adjektivet sjylli (’skyldig’) blir brukt i staden for verbet ’å skylde’ (eks. å få denn pøllsa æ e sjylli hann ’å få den pølsa eg skyldar han’), at predikatsadverbial blir plassert tidleg i setning (eks. denn våres genrasjon så va tili jifft, så fløtta demm de hit opp, vi årrdna sjøl leken), og at pronominelle objekt kan flytte over preposisjonen dei står som utfylling til (eks. hadde vi fådd de tell).
Kjelder
Bull, Tove. 1996. "Tromsø bymål", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, Oslo: Novus, 157-175.
Sollid, Hilde. 2014. "Hierarchical Dialect Encounters in Norway". Acta Borealia: A Nordic Journal of Circumpolar Societies. 31:2, 111-130, DOI:10.1080/08003831.2014.967969. Lenke:http://dx.doi.org/10.1080/08003831.2014.967969
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database
- Tromsø unge eksotisk
- Tromsø eldre ungdomsspråk
- Tromsø ung mann elsker byen
- Tromsø eldre mann barndom
- Tromsø ung kvinne nedsnødd
Nordavinden og sola-samlingen fra NTNU har en prøve fra denne dialekten:
- Nordavinden og sola fra Tromsø