Palatalisering av historiske dentalar

Palatalisering, altså at dei lange dentalane nn, ll, dd og tt blir uttala med tunga mot ganen (palatum) og dermed får en slags i- eller j-lyd i seg (jf. skrivemåtane mainn/mannj), er tradisjonelt utbreidd i nesten heile Nord-Noreg unntatt det norske talemålet i indre Finnmark og sørover gjennom Trøndelag til austlandsdialektane og nedover Vestlandet. I Finnmark er det tradisjonelt palatalisering i dialektane langs kysten, men med mindre palatalisering i austfinnmarksmål (Varanger-området) (Bull 1996). Sjølv om palatalisering tradisjonelt er svært utbreidd, er dette eit truga trekk i store delar av Noreg (Røyneland 2009).

Ei slik endring er allereie til ein viss grad dokumentert for nordnorsk: I Narvik og Vadsø  får dentalane retrofleks uttale i staden for palatal uttale (eller vanleg, dental uttale) (Bull 1996). Dette gjeld først og fremst n og l. Eit ord som panneband vil då få ganske lik uttale som barnebarn - nemleg parnebarn. Slik retrofleks uttale kan sjå ut til å spreie seg til andre byar og tettstader i Nord-Noreg. Til dømes er palatalisering på veg ut i altadialekten (Sætermo 2011), men det varierer ifølge Sætermo om palatal uttale blir erstatta med retrofleks eller dental uttale. I Bodø-dialekten er det også mindre palatalisering enn tidlegare, og det har delvis blitt erstatta av retrofleks uttale (Nesse 2009). 

At det er mindre palatalisering i nordnorske dialektar no ein før, kan ein også høyre i ScanDiaSyn-opptaka. I opptaka frå Finnmark er det stort sett slik det er beskrive hos Bull med palatalisering langs kysten og mindre i Varanger-området, men ein kan for eksempel høyre noko retroflektering av n hos dei unge informantane frå Kirkenes (Sør-Varanger kommune). I byane Tromsø og Mo i Rana, og eit par andre stader i Troms og Nordland har dei eldre informantane palatalisering, mens dei unge informantane har det i mindre eller liten grad. I andre delar av Troms og Nordland verkar det til gjengjeld ikkje å vere noko særleg forskjell i palatalisering mellom dei unge og dei eldre informantane.

 

Kjelder

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) 1996. Nordnorske dialektar, Oslo: Novus.

Hansen, Eskil. 1996. "Dialektene i Nordland", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 121-134. Oslo: Novus.

Bull, Tove. 1996. «Målet i Troms og Finnmark», i i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. , 157-179. Oslo: Novus.

Røyneland, Unn. 2009. "Dialects in Norway: catching up with the rest of Europe?" i International Journal of the Sociology of Language 196/197, 7–30.

Sætermo, Monica Simonsen. 2011. n, l, t, og d. En komparative studie av palataler versus postalveolarer i Alta-dialekten. Mastergradsoppgave i nordisk språkvitenskap, institutt for språkvitenskap, Universitetet i Tromsø.

Nesse, Agnete. 2009. Bydialekt, Riksmål og Identitet – Sett fra Bodø. Oslo: Novus. 

Følgende dialekter har dette målmerket: