06 Senjamål

Dialektane i Midt- og Sør-Troms har mange dialekttrekk til felles og skil seg frå dei i Nord-Troms blant anna ved å vere e/a-mål og ha nektingsadverbet ikkje, samtidig som det er fleire viktige målmerke som har ulik utbreiing. Det blir dermed vanskeleg å dele opp området i mindre dialektgrupper, og derfor møter ein også ulike oppdelingar i litteraturen. Inndelinga vi har valgt her baserer seg på grensene for pronomenformene (jf. Bull 1996: 172): I det vi her kaller midttromsmål er pronomenformene æ(g), mæ(g) og dæ(g), i det vi kaller senjamål er formene e(g), me(g) og de(g), mens det i sørlege delar av fylket igjen er æ(g), mæ(g) og dæ(g). I den oversikten du finn på desse nettsidene er sørtromsmål presentert saman med nordleg nordlandsk, sidan dialektane på kvar side av fylkesgrensa er særs like.

Senjamålet omfattar dialektar på Senja og på fastlandet. Felles for dette området samanlikna med dei i nord og sør er pronomenforma "eg" i 1.person eintal. Største delen av området har som dialektar lenger sør, også tradisjonelt a-presens i svake verb (av 1. klasse), men det er ifølge Bull (1996: 172) mykje som tyder på at denne grensa flyttar seg sørover. I tillegg har desse dialektane former som her/dær og meir gjennomført enn i midttromsmål, men i motsetning til midttromsmål har senjamål u og ikkje o føre palatalar (som ollj vs. ullj) (Bull 1996: 171f). Eit målmerke som skil dialektar på Senja og dialektar på fastlandet er forma på 3. person fleirtal som er dæm på Senja og di på fastlandet.

Kjelde

Bull, Tove. 1996. "Målet i Troms og Finnmark" i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar. Oslo: Novus.

Denne dialektgruppa omfatter følgende dialekter: