Dialektord fra Senja

Dialektord fra Senja

Med henvisninger til:

Samla av: Helge Stangnes

Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.

a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z å æ ø
abelére Argumentere imot, drage i tvil. "Dæ e'kje tel å abbelere på" : Det er udiskutabelt; ikkje til å tvile på. Kanskje ei omlaging av appellere. Abbedere er brukt andre stader i Troms. (1998)
åbor Festestein for landtau frå båt. Nemninga er brukt både om fast stein, oppbygd steinvarde og enkeltstein som ein legg over landtrossa. Av gammalnorsk áburdr : (stein som er lagt på) landfestet for farty (1987)
åder "Åre", i tydinga blodåre. (1999)
ådre Male ein mørk farge oppå ein lys slik at det dannar seg bølgjemønster. (1999)
æger Blodårer. Fleirtal av gammalnorsk á som betyr (mindre) elv. (1994)
æra

Ærefullt, gildt. Det va rett et æra sjyvér." (1994)

æse Lang, kraftig trestong, gjerne brukt som rammeverk på fiskehjell; "hjell-æse". (1988, 1994)
åfått Kritikk, misnøye. "Stå ikkje å se åfått med meg, gjør arbeidet likar sjøl." Av gammalnorsk áfátt : som manglar. (1991)
aftes I går kveld, kortform av "går aftes". "Ho kom i aftes" : Ho kom i går kveld. Stundom brukt i tydinga "i kveld". Eigeform av "aftan", brukt som tidsadverb (adverbiell genitiv). (1994)
agalaus Vill, ustyrlig, ofte brukt om ungar som er styrlause og bråkete. (1996)
agg 1) Uro i sinnet., 2) Vond kjensle overfor eit anna menneske (ha agg til nokon)., 3) Båre, urolig sjø ved land eller kai. "Dæ blei sånt agg attmed kaia at vi måtte gå bortpå og tørne." (1994)
ágjera Båre og straum som skaper avdrift slik at ein åleinamann har vanskar med å fiske. "Dæ va sånn ajæra at eg rak ut av méa stødig vækk." (1988)
agnhald Mothaken på ein ongel (fiskekrok); også somme stader kalla agnor. "Han tykjen flirte då han fann opp agnhajlle." (ordtak) (1999)
aiere Skape seg, halde leven. "Slutt å aiere tujlling!" Dialektform av "agére". (1996)
åjøya Menneske som pratar og overdriv mykje, særlig brukt om kvinnfolk. "Ho e ei orntlig åjøya."(1988). Ordet kunne òg bli brukt som verb: å åjøye : komme med høglydte gledesrop, eller berre å gle seg, kose seg.
akkordering Drøfting, forhandling mellom to eller fleire partar. "Dæ blei ei heil akkodering om feskeprisan." (1996)
åklo Vadefuglen heilo (Pluvialis apricaria). (1986)
ala Heimlaga reiskap, brukt til å pløye renner i potetåkeren før setting (potetala). (1988)
all Trøytt og støl i kroppen etter tungt arbeid eller hard medfart. (1987)
alla med seg Alt i alt, fulltallig. Eigentlig: "alle, seg sjølv medrekna." (1991)
allovering Bråk, rop og skrik. "Dæ va sånn alloering av mås'n at du hørte ikkje dett eie mål. (1996)
alo Skrik og ståk av menneske, fuglar eller dyr. (1986)
alterert Sjokkert, oppskaka, psykisk utkjørt. Også brukt om ting som er ødelagt. (1996)
ama Stor tønne, fustasje. (1995)
anddal Båredal, avstanden frå ein båretopp til den neste. (1988, 1994)
andror Tung roing i motvind eller motstraum. (1984/85)
andstøyping Born frå to ekteskap/sambuarskap som er blitt "søsken" ved at foreldra har gifta seg. Også brukt om barn som har same mor men forskjellige fedre, og om to som er i lag som søsken utan å vere søsken. (1986)
andstraum Motstraum. (1999)
annamme Få, ta til seg, bli eigar av. "Eg har juksa i tre tima uten å annamme liv." "Du skal ikkje annamme ei bærr på min teig!" (1996)
ara Del av selety. Stropp av lér, stundom smal "plate" av jern m/hol, som ein stikk gjennom opning i skåka og låser med ein pinne (ar-stikka). (1984/85)
årdaue Stillstand i fisket på grunn av "svart hav" (mangel på fisk). "Båtan ligg i land førr årdaue." (1998)
årette Slå kile inn i enden av ein trenagle, eller i enden av eit skaft (f.eks. eit økseskaft) for å få det til å sitte skikkelig fast (1987)
arhol Hol i skåk (skokkel) på slede eller vogn, laga for å stikke ara gjennom. (1984/85)
arl Samling og skrik av sjøfugl over åte, f.eks. over ein sei- eller sildestim. (1999)
årlom Stykket mellom nedre kant av skauten og handtaket på ei åre. Av gammalnorsk árarhlumur. Ofte blir heile lengda frå bladet til handtaket kalla årlom, men stykket frå skauten til bladet blei før kalla årleggen. (1990)
årmole Leivning, synlig rest,"Majnn ser endå årmållan etter stua hannes." (1994)
arstikke Godt og vel fingertjukk pinne (splint) som du låser ara med for å feste hest med selety til skjækene. (1984/85)
å ta i nuven Mild avstraffing. (Lett lugging) (1990)
åtgådd Krepert, dau – eller nesten dau. "Sauen va åtgådd då vi fajnn han." (1999)
åtgjort Kastrert, gjella – med litt neddempa tyding. Også brukt om folk: "Han sku ha vorre åtgjort." Litt humoristisk uttrykk for at det skulle vore gjort noe med han. (1988)
atterbud Avbud, tilbakekalling. Også brukt om "tilbakemelding". (1992)
atthål Bakglatt, – om ski. "Skien e så atthål at eg kjem meg verken att eller fram." (1997)
attkjeppa Bakevje, straum som ber den motsette vegen av hovudstraumretninga, ofte langs land. (1999)
attlete Angre. "Eg attlete ikkje på den handelen." (1987, 1996)
attre Å attre seg: Å ta atterhald, unnslå seg, dra seg unna. Kan òg bety å rygge, flytte tilbake. (1994)
attsett Baktung. Om båt som er lasta slik at bakenden ligg djupt og framenden peiker tilsvarande opp. (1999)
augfare Ta eit overblikk over. "Han aufór havranda, men såg ingen båt." (1999)
ausjun "Åsyn", andlet. "Han va heilt kvit i ausjuna." Trulig ei omlaging av "augsyn". Også brukt som avstandsmål: Ei ausjun borte. (1996)
auster Sjø som ein må ause ut av båten. (1999)
auvert Vrient, vanskelig. "Dæ va så auvert å komme tel. (1994)
avbåkelig Vanskelig, uhøvelig, helst om arbeid som er vanskelig å komme til, eller som krev ei vanskelig kroppsstilling for å utføre. Formene åbokt og avbokt er òg brukt. Sisteleddet kjem av gammalnorsk bágr : vanskelig. (1998)
avbregda Ulikt, f.eks. ulikt det som var før, eller ulikt det som er rundt. "Namnan e blidd så abregda i det siste." (1999)
avel eller avl Vase, floke, særlig brukt om vase på fiskereiskap. (1983, 1994)
åvelta Uheldig stilling der ein ikkje kjem seg opp. "Vi måtte berge ei ku som va ramla i åvelta oppi marka." (1996)
avmektig Sliten, avkrefta. (1996)
avrak Stor og uskapelig ting. Han kom heim med et stort avrak av en mottorsykkel." "Eg drog et stort og magert avrak av en torsk." (1999)
avreidd Sjøuttrykk som blir brukt overført om ein som blir utkonkurrert i kvinnfolkvegen av ein rival. "Han hadde drag på ho Petra, men blei vesst avreidd av han Jens." (1991)
bæsat Forsiktig, lite dristig eller herdig, ein som toler lite av kulde eller påkjenning. Det same som bæsen. (1996) Blir òg brukt i same meining som "kresen på mat", matbæsen. (1999)
båg Vanskelig, vrien, av gammalnorsk bágr med same tyding. Jf. "meinbåg"."Du, det va no ei båge vækja", sagt om ei ungjente som rømte heimefrå og segla frå Tromsø til Bodø berre med hunden som mannskap. (1996)
bagg Gammalt namn på oksekalv. (1992)
bak Ytste bordet, "skalken" av ein saga stokk. (1999)
bakbryte Vri hendene fast på ryggen på ein person så han ikkje får slå. (1996)
bakkestøing Gytefisk som står i (stør seg mot) ein bakke. (1994)
baks 1) Kraftig trestokk, brukt til å flytte ting som er for tunge til å løfte, f.eks. stor stein. Du set enden på baksen under steinen og skubbar han, stykke for stykke. (1997), 2) Massiv dunge, f.eks. isbaks. (1999)
bakse Bruke baks. Også brukt overført om å slite på noko tungt og uhandterlig, f.eks. å bakse åleine med ein stor og sprelsk fisk. (1997)
bakster Komme i bakster med nokon: å komme i konflikt med, møte motstand, gjerne fysisk hindring. "Dæm kom i bakster mæ astøingan." (1994)
balduska Stor kveite. Frå russisk "paltus" (kveite) via russenorsk. (1986)
baldyre Eigentlig å brodere med gulltråd, men brukt overført om å surre ting unødig godt fast – eller å vere travelt opptatt, styre og vesne med eit arbeid. "Ka du driv å balldyre mæ?" (1990)
balle på Breie over, legge dyna godt over. Også brukt om å "legge til". "Det bajlla no på seg" : Det aukar, det legges meir og meir til. (1996)
ballstyring Vill, uregjerlig person, oftast om gut. (1999)
bandauskjer Stort, tohands auskjer med med både handtak bak og stropp over til å halde i. (1999)
bandstak(e) Lang og tynn tein av bjørk eller vie, brukt som emne til band rundt tønner eller anna trekjørel. Bandstaken blei kløyvd etter margen og smidd til og lagt med den slette sida inn. (1999)
bannskrå Person som er fæl til å banne. (1996)
bark Luftrøret, mest brukt om luftrøret på dyr. Gammalnorsk barki : strupe, luftrør i halsen (1987)
barneigna Den perioden av livet då ei kvinne kan få barn. "Ho e kommen over banængna." : Ho er blitt så gammal at ho ikkje kan få barn. (1995)
bårstuprat Mannfolkprat; – om kvinnfolk eller om tema som ein helst ikkje vil at damer skal høre på. (1999)
båtaktar Liten fisk som er blitt glømt igjen i båten etter eit sjøvér og blir funnen seinare. Han har akta (passa) på båten. (1986)
båtgarn Garn der fangsten skulle tilfalle båten. Systemet med båtgarn blei helst brukt i fembøringstida når det var dyre, nykosta båtar. Då hadde båten eitt eller fleire båtgarn pluss halvlott på sin part. (1982/83)
båtsmannsjunge Brødkniv. (1995)
båtsro Buksere, slepe med robåt. (1999)
bauke 1) Samle i hop, knø høy., 2) Alboge seg fram, vise lite omsyn., 3) Arbeide med stor kraft og store rørsler, f.eks. røre i grautgryta så du bauker over kanten. Av gno. bauka : rote, grave, rase. (1987)
bedari "Bedagelig", aldeles rolig. "Eg tar det no aldeles bedari." (1992)
bedaring Tvil, spekulasjon for og imot. "Eg va i bedaring om eg skulle ro eller eg skulle pløye." (1992)
bedehuslina Ein del eller ei lengd av ei linsetting. Verdien av fangsten på denne lengda skulle gå til bygging av bedehus i bygda. Jf. kjerkegarn og misjonsgarn. (1982/83)
begjé Slutt, hald opp, vent litt. "Begje mæ rasinga." " Begje litt mens eg kler trøya av meg." (1996)
beina Teneste, positiv yting overfor ein annan person. Eg håpe vi kan gjøre deg ei beina en anna gong." (1996)
beinhus Kahytten eller "atterhuset" på ein båt, i motsetning til lugaren; frammerhuset. "Befalet held tel i beinhuset." (1991)
beitskia Den loddrette stokken i ein vegg ved sida av dør- eller vinduskarmen. (1999)
bekaia Overlasta, oftast om båt, men også om person som har mykje å drasse på. "Eg handla så mykkje på belligsalget at eg va ajldeles bekaia då eg skujlle heim." Også: "Ho va så bekaia av arbeid."(1987)
bell Liggeplass, oftast brukt om liggebenk i rorbu eller båt. (1999)
belling 1) Skinn til å vikle rundt leggen (kommagbelling)., 2) Legg på strømpe eller lugge (hosebelling)., 3) Kroppen (kappa) på ein akkar (akkarsbelling)., 4) Skjellsord: "Dijnn tjyvbejlling!" (1994)
bengle Verge seg, sette seg til motverge i ord eller handling. Også brukt om å krangle, vere vrien, egle seg innpå. (1988)
bere om vottan Heftes, bli plaga når ting floke seg til; helst om praktisk arbeid. Uttrykket skriv seg trulig frå fiskaryrket der garn eller anna sjøbruk lett kunne bere fast i sjøvottane. (1999)
bere pina på Mistenke, ha skjult mistanke til ein bestemt person. "Ho bar no pina på han førr den der julskåka i fjor." (1987)
berling Stokk, helst av furu (forrabærling), ikkje større enn at du kan bere han på aksla. Også brukt om loddrett stav i eit bygg. (1986)
berrlesta Å gå berrlesta blei brukt om å gå utan ski på vinterføre. "Vi kunne gå bærlæsta i marka tel medt i desember." (1999)
bésen Å vere bésen: Å tåle lite, vere syten, ha lett for å klage, sjå det ulikt. (1986)
besett Umulig, stri, frekk, forherda. Helst om person, men òg om ting eller situasjon. "Han va reint besett, den fyren.." "Det va no besett at båten rak av." (1996)
besnessig Høvelig, fin og "formålstjenlig". "Dæ va en sånn besnessi liten kniv." "Han kom no så besnessi," dvs. så høvelig. (1988)
bestmeddet Samandragning av "best med det e": med eitt, plutselig. (1996)
betetta Lokalt namn på granmeis (gråmeis) (Parus montanus). (1986)
betids Tidsnok. "Du må komme i betiss tel møtet." (1996)
betlar Arm person, tiggar. (1996)
bettbol Argsint, bisk person. (1987, 1996)
bette 1) Midttofta i ein båt; toft som er festa i spantet og "bind" båten i hop. Også brukt om tverrbjelkar som bind veggene i eit hus i hop. , 2) Strikke med pinnar garn. Også "filere", binde fiskegarn (bette garn). (1987, 1996)
bindel Knippe av halm med aksa på, som blir vridd på ein spesiell måte og slått stramt rundt kornband. (1987, 1992)
bingse Halte, eller bikke til begge sider når ein går. (1992)
bitst Slåst (bitast). "Onga, - slutt å bist!" (1998)
bitte på svarthosa Vere svartsjuk; helst om kvinnfolk. "Ho sett no heime og bett på svarthåssan." (1988) Også: Bere svarthoser for nokon. (1999)
bjelme Styrtdrikke, drikke med ein klarer å svelge unna. Bjelma fins også som elvenamn på Senja. (1984/85, 1988)
bjoge Bøye, bevege seg, bruke kroppen aktivt i arbeid, leik eller idrett. Av gno. bjúga: bøye. "No må du være døktig og bjoge i høylasset." (1999)
bjøkse Hoppe, gjøre eit byks. Dialektform av bykse. (1996)
bjønsk Sterk som ein bjørn, sterk og hard i arbeid, men også brukt om vind og vér: "Han e bjøjnsk i dag." (1986)
bjørntiden Overdreven tidend eller nyheit. (1999)
bjulter Samankorva ball eller opphopning av mjukt stoff. "Skjorta ligg i bjulter inni trøya." (1999)
bjultrat eller bjultråt Brukt om stoff som er tjukt og poset og tar stor plass, f.eks. om tjukke klede som hindrar rørsle. "Dejnnan varmedressen e så bjultråt at eg greie ikkje å springe i han." (1997)
bjultre Samle i hop, knø i hop, pakke saman noko som er stort og uformelig (ei stor dyne, ull, tørrhøy) slik at det tar mindre plass. (1997)
blådomna Glasmanet. "Det va så mykkje av den der blådomna, det va så det donkla i havet." (1996)
blakke Økse borken av ein vedstrange, brukt alternativt til "å bjerke". "Han sto og blakka hesjestaur." (1994)
blanksynnavind Synnavind i klårvér, godvérsvind frå høgtrykk. Kan vere langvarig og førekjem både sommar og vinter. (1988)
blautegg Egg utan skal, berre med skalhinna rundt. Når hønene får for lite kalk, verp dei blautegg. "Kom deg i fjæra og hent kvitsand, glunt. No verp høn'n blautegg." (1999)
bleng Blanding av myse, saup (kjernemjølk) eller vanlig surmjølk og vatn, ofte brukt som tørstedrikk under torving og slåttonn. Kunne òg bli brukt nedsettande om tynn kaffi: "Denna kaffien va no mest som blæng." (1986, 1995)
blesmevom Magesekk av stor kveite. Den ytre hinna kunne ein spile ut eller blåse opp og tørke og bruke som vindusglas; "sjå". Blesmevomma blei òg kokt og brukt til mat. (1988)
bli av med Miste. "Eg e blidd a med brillan mine." (1991)
bli dåra Bli forgjort. Dersom ungar gjekk ut tidlig uten å ha fått mat i seg, kunne dei bli dåra av gauken, skjura eller tjelden. Blei ein dåra av tjelden, fekk ein lus, for han skreik: "Det bit, det bit!" (1988)
blindhålka Glatt is som blir skjult av eit tynt nysnølag. "Usynlig" hålke. (1986)
blindmann Person som skal avgjøre fordelinga av ein fangst mellom fleire partshavarar. Fangsten blir først delt i så like delar som mulig. Blindmannen står med ryggen til under delinga. Når det blir peikt på ein part og spurt: "Kem skal ha den?" nemner blindmannen namnet til ein av partshavarane osv. (1999)
bli om ein påle Bli opprådd, stå fast. Samanlikning med dyr som står bundne ute og viklar bandet rundt pålen. (1988)
bli skilt med Miste, tape, bli kvitt. Meir definitivt enn "bli av med". "Eg lånte bort den nye skjeftnøkkel'n, og dermed va eg no skjelt mæ han." (1999)
bli skjersett Bli opprådd, ikkje finne utveg. Eigentlig å føle seg som sett på eit skjer – utan båt. (1986)
blodstuv Den fremre delen av ryggbeinet på stor fisk, med blodsamling og sennemage (svømmeblære). Blir mange stader kokt og rekna som ein delikatesse. (1990)
blygen Beskjeden, tilbakehalden. (1996)
Det overmålet av snøret (ilen) som ein legg ut når ein har sett garn eller line for at ikkje straumen skal sette fløytet ned. "Eg tok ti famne bø." (1988)
bøke Steike lett; om lefse og flatbrød. Når lefseleiven var bøka, kunne ein seinare fukte han, legge på ryet (blanding av rugmjøl og vatn eller mjølk) og gnikke, ev. krine, Så kunne ein brette leiven og la han tørke (gnikkalefsa). (1987)
bolk 1) Lengdemål for snøre, og også for djupn (ein bolk vatn): Rundt 48 famner., 2) Skiljevegg mellom båsane i ein fjøs. (1987)
bolne Bli oppblåst, luftfylt, auke i volum. Bolme er også brukt i same tydinga. (1991)
bomma Lita kiste med handtak midt på lokket, høvelig til å bere i handa (rorbomma, rekstebomma, matbomma). "Kæm har tatt matbomma mi?" (1987)
bomsa Tjukk kjerring eller jente; også brukt om ein brei og uskapelig båt. (1999)
bønne Gå fram og tilbake, spønne. jf. botne. (1999)
bonster Madrass, dvs. tøytrekk fylt med høy, halm, reinhår el. l. (1996)
bordauskjer Stort tohands auskjer som blei brukt i fembøringar og andre større nordlandsbåtar. Det mindre blei kalla sprettauskjer. (1987)
bordbikkja Trebeint støtte til å skore båten med i fjæra, også kalla bordbakke. (1987)
bordlegge Legge to eller fleire båtar side om side på sjøen og feste dei til kvarandre. (1997)
børg 1) Dryg, med stor lasteevne (om båt). Av byrdig : med stor bæreevne., 2) Stolt, kaut (om folk). (1988)
børtre Berereiskap av tre til å legge over begge akslene slik at ein kunne bere ei full bøtte på kvar side. Børtreet var forma etter nakke og aksler. I kvar ende var det festa ein taubit med krok på der ein huka bøttene fast. To fulle bøtter på børtre blei kalla ei "fær". (1999)
botlange Del av magesystemet til drøvtyggarar; den fjerde magen, også kalla vinstra. Brukt som pølsetarm, og oftast nemnt i bestemt form, båttlangen. Også kalla botnlanging VbåtnlaMMiM. (1987)
botlangsbror Del av magesystemet til drøvtyggarar, brukt til pølsetarm. (1987)
botne 1) Nå – eller søke til botn. "Jarsteinen botna på 30 famne." "Han hoppa uti og botna såvidt." , 2) Også brukt overført om å vere ustoppelig på søk etter noko(n),vere urolig, fare omkring. (1996)
botnhaldt Uslett botn der fiskebruk kan sette seg fast. "Dær e så båttnhajlt på Krykkjegruj'n." (1994)
bøtteflytt Den lengda ein flyttar ei bøtte framfor seg når ein tar opp potet med grev, ca. 2 meter. (1987)
bøyel Oppklava (fiske)line av ei viss lengd; linbøyel. (1996)
bøysa Brei og lite elegant båt. Også brukt overført om ei dryg kjerring. (1994)
brå 1) Strøk eller omgang med tjære på ein båt. , 2) Sjølve tjæra ein smør på., 3) Tida det tar til tjæra er tørr. (1986)
bræk Ein som er bésen, som tåler lite. (1985)
bræken Besen og masete. (1999)
brækte Lage sauelyd, bræke. (1986)
braka Tøystykke eller fille, opphavlig gammalt, slitt stykke eller stort, ihopkorva plagg. Ordet fins med same tyding i færøysk. (1988)
brake Skravle og prate mykje. (1988)
brakfjert Fjert med høgt lydnivå. (1996)
braknever Eit altfor snakkesalig kvinnfolk. Blei brukt på ein gard i Berg, der også "brake" v. og "braka" f. skriv seg frå. (1988)
bråvér Høvelig ver til å bre båt i. (1999)
bre 1) Smøre båten med tjære eller taket med taklakk., 2) Ruge. "Ea ligg og brer på eggan." Også brukt overført: "Kor lenge skal du bre på den kjelen?", 3) Restar, dvs. del av ei båtside (båtsbre). "Brean av båten fajnn dem utpå Blåstrajna." (1984/85)
brekka Bakkekant. (1999)
brekke 1) Åpne, f.eks. brekke eit brev eller ein pakke., 2) Endre farge på maling ved å ha litt av ei anna farge (brekkfarge) i., 3) Bryte av, f.eks brekke ein kvist, brekke foten. (1996)
brennsnut Varm kjøttsuppe. (1998)
bress eller bressel Flesk med eitlar (kjertlar) i. På Sør-Senja også brukt om brusk-belegget i ganen på drøvtyggarar. Somme stader brukt om det knudrete kjøtet inni kjakene på dyr. (1987, 1994)
bresting Strandsone. Området mellom høgste flo og største fjære langs ei strand. (1995)
briel Dørklink, dørvridar. (1996)
brom 1) Tilleggsfór frå utmarka; opphavlig selje- eller skavkvistar med kommar på, men også brukt allment om lauv og anna tilleggsfór frå utmarka., 2) Metallskrap, utrangerte reiskapar, bilvrak. (1996)
brøtthogg Steinhogd og svært ukvass øks. (1987, 1992)
brune Smigre, manipulere og blidgjøre med smiger. (1986, 1996)
brya 1) Trau til grisematen, oftast av uthola tre (grisebrya)., 2) Uthola stokk til vatn under slipsteinen (slipsteinbrya), 3) Brei og tungrodd båt. "Han Johannes har no berre ei gammel brya tel båt." Også brukt om større båtar. (1997)
bulter Rot, uorden, opphoping. "Alt låg hulter tel bulter i skapet." Sjå bjulter. (1999)
bunke Trebolle til å ha mjølkemat i, seinare også brukt om krusbollar. På ytre Kvaløya er dette hokjønnsord: ei bonka. (1999)
burrik Uærlig, kranglevoren og aggressiv person. (1996)
búsgatt Opning (klyss) i aktergavlen på eit seglfarty til å hale fortøyningstrossa igjennom. (1988)
bust Midt-delen (posen) på ei snurpenot når ho er sett. "Sijlla står att-i busta." (1998)
buste Skomakaruttrykk: Setje bust i ein beka tråd. (1999)
dælje Slå hardt med neve eller reiskap. (1998)
daff Slapp, giddelaus og sein, jf. verbet å daffe. (1995)
dagsror Oppgjørsform som blei brukt for heilt unge gutar, f.eks. son til høvedsmannen, i eldre tid. Han fekk då sjette kvar krona, mens faren fekk dei hine fem. Ordet kjem av at han fekk løn for ein dag: 1/6 av full lott. (1982/83)
dalke Handfare, klappe, klemme på mjuke eller klissete ting som ikkje forandrar volum. "Slutt å dalke mæ fesken." (1990)
dalle Somle, vere sein og unødig nøye. (1996)
darjen Uvel, smådårlig. (1999)
darrig Trasig, , einsformig, kjedelig. Kan bli brukt om ein tilstand eller ein situasjon."De va no et darri feske." (1988)
darve Spakne, minke i styrke, oftast om vind: "Han har vel darva nokke før han når hit." (1999)
darveise Om båt. Ligge og bakke, leite, flytte frå plass til plass – i venting på at f. eks. sild eller sei skal vise seg. "Vi ligg no her og darveise utførr Odden." (1990)
daudsk 1) Trøytt og uopplagt. (1995), 2) Smaklaus, tam på smak. (1999)
deit 1) Kvinnebryst (barnespråk)., 2) Amming. "Vil bane ha deit?" : Vil barnet patte, suge mjølk? (1999)
deketal T-forma fortøyingsbolt i berg, ofte med ein kraftig jernring tredd rundt. (1997)
dekle Arbeide med småting der ein må vere forsiktig og gjerne prøve og feile, f.eks. sette saman delane i ei vekkarklokke. "Eg satt og dekla en heil time, men fekk ho ikkje tel å gå." (1999)
deksel Hammar med spesiell fasong, brukt til å botne og opne sildetønner. (1987)
demle Fylle, f.eks. ei ause eller ei vassbøtte. "Han dæmla båten full." "Ho dæmla med bøtta neri vasstynna."(1986)
demling Kraftig trenagl til å feste stokk til stokk med under lafting (husbygging). (1987)
devle 1) Nøle, ikkje greie å bestemme seg eller ikkje greie å bli ferdig., 2) Plages eller trette, krangle. (1986)
dikkabora Ei stor lus (klelus). Også brukt om ei stor spinnkjerring (Kvaløya). "De va ei årntli dikkaborra!" (1999)
dikte Tette ved å dytte stry eller liknande inn i sprekker, f.eks. i nata (sprekkene mellom plankane) på ein kravellbygd båt. (1988)
dobbelpinnar Båt med to mastrer. (1998)
dode/dote Somle, gje seg unødig god tid. (1990)
dølgsmål I det skjulte. "De måtte treffes i dølsmål." "Ho fekk et barn i dølsmål." (1996)
dopp Heimlaga brunost, løyst opp i vatn til ein velling , litt tjukkare enn brun saus. Blei brukt på graut som sirup. "Grøt hadde man ofte te kveldsmat. Sokker va det jo lite av. Då laga ho mor dopp, og det va godt." (1988)
dørgått(a) Også berre nemnt som gått(a). Innskjeringa (falsen) i ein dørkarm der døra går i, også forklart som "rommet mellom ei gjenlukt dør og karmen," "Pass deg så du ikkje klemme fingran i dørrgåtta." (1996) Sjå gått (1984/85)
dørhol Sjølve døropninga. (1996)
dorle Ligge på sjøen i båt utan å arbeide; smått ro og smått reke, eller gje båten litt fart ved å leike med hendene eller ei fjøl i vatnet. "Han ligg no og dorla nedførr landet." (1990, 1996)
dorre Underlig person, raring, jfr. "underlig skrue". (1996)
dov Gump, dvs. den bakerste delen av ryggen på eit dyr, helst om hest, men også brukt om ein dryg bakende på eit menneske. Overført brukt som namn på fjell eller nes. (Dova: 1dåvva, enden på fjellet Senjehesten). (1986)
dragne til Friskne smått og seint etter ein sjukdom. "Det blir vel tell at han enten døyr eller dragna tell," sagt om eit sjukt dyr. (1987)
draugslien Sjuk, sarven, matt i kroppen utan påviselig årsak. (1999)
drekt Fart, bør, jf. uttrykket "i same drekta", dvs. "i same farta." (1987)
drols Fart, bør. "Den der seglar'n, han har god drols nordover fjorden." (1999)
drolse 1) Slå, fike til. "Eg drolsa te han.", 2) Bevege seg med stor fart, oftast om båt i unnavind.
drolsing 1) Slag, ofte slag med handbaken. "Eg ga han en drolsing over auan.", 2) Bør, fart p.g.a. unnavind, dss. drols. (1999)
drongle Søle eller strø utover på ein uforsiktig måte, f.eks. når du ber ei full tyttebærbøtte slik at det ryr litt og litt bær over kanten. (1987)
drott Skydrift; skyer som blir ført med vinden slik at ein kan sjå vindretninga. "Han e ute og ser i drott'n." (1987)
drums Smøroljefat av tynt metall, til forskjell frå meir solide oljefat. Fans i fleire størrelsar. (1995)
dubbedrikke Legge seg på mage ved bekk eller vatn og drikke. (1986)
dubbel Trefløyt på ile til fiskebruk (garn, snik, line etc.) (1987, 1991)
durmål Dugurd eller dagverd, matmål mellom morgonmat og middag, i eldre tid kl. 9. Ordet fins som førsteledd i mange terrengnamn, såkalla "dagtidsnamn" frå den tid ein nytta sola som klokke. (1996)
dus Vindløye. (1999)
duse 1) "Slumre", halvsove eller sove svært lett. "Eg dusa berre et øyeblekk." (1987), 2) Spakne med vinden. (1999)
duve 1) Minske seglføring; duve seglet., 2) Vogge eller gynge i rolig takt. (1999)
dyft Mål for mjøl; - lita mengd, så mykje du tok i ei hand. Du tok ei "meldøft" om gongen og strødde i grauten mens du rørte. (1987)
dyros Vill, ustoppelig etter eitt eller anna. (1996)
einbørning Eit lam som er "einboren", dvs. ikkje har søsken. (1988) Enkelbøring er brukt på Kvaløya i same tydinga. (1999)
ein(e)låg Avkok av einer, brukt til reingjøring av kvartel og trekjørl og til vask og skyllemiddel til håret. (1995)
einpinning Motorbåt med berre ei master. (1990)
einsleta Likt i farge. "Haren va så einsletta med marka at eg såg han ikkje." (1999)
eitel 1) Kjertel i kjøt eller flesk., 2) Hard partikkel, t.d. i ein slipestein eller eit bryne., 3) Snarsint og stri person. (1987)
ekke Skuve eller flytte i små etappar. "Han ekka seg nærar og nærar." "Vi får prøve å ekke skapet på plass." (1999)
ekker Tørka arve, brukt som blautfor til dyr, oftast til kalvefor. Varmt vatn blei slått over den tørka arven. Ekker kunne òg brukast til å legge på svullar fordi han heldt så godt på varmen. Blei også brukt til å bake juret på husdyr som hadde jurbetennelse. (Ytre Kvaløya) (1999)
eksere 1) Gjøre militærteneste., 2) Herje, leikeslåst, skape seg. (1996)
eldban Piping i omnen når rå ved brenn. Gamle folk sa gjerne då at det var eldbonnan som gråt fordi dei mangla klede. Då kunne ein kaste noko inn i omnen, f.eks. ein ull-lopp om ein sat og karda eller spann. (Sjå varmebonn) (1986, 1997)
elde Rest som kan yngle og vekse. "Du må aldri tømme pengeboka. Det må være ælde igjen." Også brukt arveeigenskap hos husdyr: "Ho (kua) e ujnna et godt ælde", – om rest av såkorn, og om liten leivning eller rest generelt. (1994)
elegjél Opphald mellom to elingar, også berre kalla gjel eller elingsgjel. (1986)
elrå Kort gløtt i kóveling, dss. elejel. (1999)
elte 1) Levne, glømme, la noko ligge igjen. "Eg har elta litt dessær te deg.", 2) Kna deig. (1996)
elvekjerring Uvanlig stor torsk. Før trudde folk at slik fisk sto der ferskvatn kom opp av havbotn (undersjøiske elver). (1987)
endsloppen Opprådd. Av å sleppe enden på ilen under setting av bruk. "Eg e `kje så endsloppen at eg ikkje har litt potedes å avse." (1994)
enkel(t)pinnar Motorbåt med berre ei master, jf. "einpinning". (1998)
estimere 1) Bry seg om. "Eg æstemere ikkje å svare deg." (1996) , 2) Respektere: "Han va et æstimert menneske,." (1999)
fær(a) To fulle bøtter (med vatn elller anna), bore på børtre eller i hendene. Også brukt om ei båtføring av (tørr)høy. Av gno. ferd : reise, vending. (1996)
færtes 1) Medtatt, redusert av slitasje eller sjukdom. "Å nei, han Peder stakkar, han e mykkje færtes.", 2) Bortreist. "Han e færtes (reiste) tel Finnmarka." (1988)
fallabang Engstelig, redd. "Dejnn karen, han va ikkje fallabang." (1996)
fallere 1) Prate tull, prate i villa., 2) Gå fallitt. (1999)
fant 1) Omstreifar, tater (m.), 2) Ugagnskråke, spiloppmakar (m.). (1996)
fant Uskyldig fantestrek. Gjøre fant. (1996)
farvéd Ved som fiskarane førte med seg for å elde opp i bua når dei var på Finnmarka eller Lofoten. Folk frå dei skogfattige ytterdistrikta henta seg gjerne ved på heimturen òg. "Vesterålingan tok seg farvéd i Stongodden når dem va på heimtur ifrå Finnmarka." (1999)
farvéd Ved som fiskarane førte med seg for å elde opp i bua når dei var på Finnmarka eller Lofoten. Folk frå dei skogfattige ytterdistrikta henta seg gjerne ved på heimturen òg. "Vesterålingan tok seg farvéd i Stongodden når dem va på heimtur ifrå Finnmarka." (1999)
fausk Morken eller tørroten ved; ved så laus at ein kan plukke han sund med fingrane. (1998)
få voren for seg Skyte skikkelig fart, akselerere. Om fisk som står still og med eitt skyt fart, men overført om folk som kjem skikkelig i gang – med prat eller arbeid. (vór: (kjøl)stripe). "Du kan tru at då eg nemnte kvoteordninga, då fekk han vorr`n førr seg." (1988)
fegd Dødsvarsel. (1999)
fegdelys Lys som varslar at nokon er feig, dvs. at dei snart skal døy. (1995)
feig 1) Vere dødsmerkt., 2) Vere redd, vise lite mot. (1990)
feima Tynn (skodde)dis, gjerne over sjøen. (1987)
fekt Å vere ute på fekt: vere ute for å få seg tjangs (gjeld begge kjønn). "Ska du ut og få deg fækt?" (1999)
fekte Å fekte: å tjangse. "Nå, dokker e ute og fækte i haustmørtna?" (1999)
fektrel Stoff som skomakaren brukte å smøre léret med, eigentlig vitriol: sulfat av tungmetall (kopparvitriol, jernvitriol). Pulver som blei løyst opp i vatn og smurt som impregnering på léret. (1986)
fellere Fikle, prøve å ordne noko komplisert (1996)
fermels(e) "Lidelse", måsjukdom eller plage, kanskje innbilt sjukdom. "Folk som klaga seg og aldri va fresk, dem hadde mange fermelsa." (1988)
ferre Fare ute om kveldane for å få tjangs, kikke etter jenter/gutar. (1990)
fessumpa Små marulk som lever på grunt vatn, også kalla kuntepella(r). (1999)
fettmit Mannfolk som berre er ute etter "å få seg kvinnfolk", og med det som baktanke prøver seg over alt. (1999)
finnere Snakke nedsettande om ein felles bekjent. (1996)
finnføtter Flukt, omrømming i stor fart etter å ha blitt skremt. "Rampen sku stæle tørrfesken min, men eg ga dem finnføtter sørover fjæra."
finnhi Negativt ladd ord om ein samebustad. (1996)
fiolinstørja Kontrabass. "Nei sjå på den fiolinstørja!" blir det herma etter ein sifjerding første gongen han såg ein kontrabass. (1976)
fisball Tørr (moden) røyksopp. (1995)
fiskebjørn Krepsdyr, 2 - 3 cm langt, som lever som parasitt på fisk; oftast på torsk. (1999)
fiskekonge Torsk med krum nase. Det følgde "tur" (fiskelykke) med å få slik fisk. (1990)
fisketåta Flur, eller liten vase i eit garn, av fisk som har stått fast og snurra rundt. (1996)
fisse Pusse, gjøre blank, ta den siste omgangen med sandpapir, støvklut, svamp etc. (1991, 1996), Også: "Fisse seg opp", dvs. fli seg, stase seg litt opp. (1999)
fitja Skinnflik, fille, opphavlig fotskinnet av eit dyr, men og brukt om part av garnlin eller trådhespe. (1987, 1988)
fitje 1) Spesiell måte å hespe opp eit fiskegarn på (hekle)., 2) Dele opp ei garnhespe i fleire partar og knyte over kvar part. "Når vi fitja opp garnet kunne vi skjelle ei hespa og få fleire fitje.", 3) Surre saman framføtene på ei geit slik at ho ikkje skulle komme til og stele. Også overført om ungdom som rak omkring. "Ho der, ho sku ha vorre fitja!" (1988)
fjærdus Forbigåande spakning av vinden ved fjære sjø. (1995)
fjetterfot Loddrett "fot" mellom meien og fløytstokken på ein slede. Trulig av norrønt fjoturr. (1982/83)
fjølhogg Hoggestabbe. Det kunne vere ein kubbestabbe eller ein plankebit. (1987)
fjøljekt Leikebåt av ei flat fjøl, med master og råsegl, gjerne av never, og ror (spelstyre) som er kilt fast bak. (1999)
fjønster Forvirra og fjollet kvinnfolk. Brukt nedsettande eller som skjellsord om ei som gjør seg til, ei jåle: "Ho e no et årntli fjønster!" (1988)
fjott Dum eller svært godtruen person som lett let seg narre. Godfjott blir blir også brukt i same tyding, og som adjektiv: fjåttat/fjåttåt. (1988)
flå 1) Flytetelne på not eller garn., 2) Flat. "Vi hadde tolv jupe og tolv flåe tallærka heime i Sildvika." (1995)
fleis(a) Ansikt. "Han fekk sjydrefset medt i fleis'n." (1995)
flika Ansikt, fjes, oftast brukt i fleirtal. "Eg skal tørke flir'n utav flikan på deg." Men også brukt i tydinga "geip", "grimaser": "Stå ikkje der og gjør flika åt meg." (1999)
flike Fleipe, drive gjøn, skøye. (1996)
flomål Den normale grensa for høgste flo på ei strand. (1999)
flostreng Tangstripe som sjøen har lagt frå seg ved høgste flo. (1995)
fløytstokk Tverrstokk på ein slede eller stor kjelke. Fløytstokkane kviler på fjetterføttene, som i sin tur er festa til meiene. Oppå fløytstokkane ligg remma. (1984/85)
flyndre Kaste flat stein slik at han hoppar (flyndrar) på vatnet. (1984/85, 1996)
flyndresko Gummikalosje. Notert frå Elvejorda i Torsken. "Kor e fleyjnnerskoen mine?" (1995)
fordelt Vere i ein svært vanskelig situasjon, vere opprådd, forarma, sjuk eller ruinert. (1999)
forherdajarn Særdeles viljesterk person, person som ikkje lar seg stoppe. Brukt f.eks. om ein unge som det ikkje nyttar å snakke til.(1996)
førkja Jente. Litt nedsettande uttrykk. (1996)
forminke Hindre, legge vanskar i vegen slik at resultatet blir dårlig. (1995)
fornitanes Sur, ram, stikkande (om lukt). "Dæ va ei sånn førnitanes lokt." (1995)
forsengogn Treramme med fleire trinser, innretning som blei brukt til å tvinne tråd til linforsenn (forsyn). Ordet er også brukt om baugrullen som ein drog lina over på ein dory. (1987)
forspelt Forfær, overraska. "Nei, no e eg syndig førspælt!" (1996)
føyra Langsgåande sprekk eller grop i ein trestamme, ofte gjenvaksen og fylt med bork (borkeføyra) (1987)
frak Frisk og i god form. (1987)
framsett Framtung. Om båt som er lasta slik at akterenden peiker opp. Også brukt overført om personar som har mykje vekt og volum på framsida. (1997)
frausk Kvitt belegg på tunga til små barn, også kalla "frøsk". (1995)
frette Spørje, frege, spørje nytt. (1986)
frøa Skumfrøs, frode. "Frøa sto om kjæft`n på han." "Vi såg berre kvite skomfrøa langs landet." (1994)
frostherda Lett snøfall i stille ver med frost; luftfuktigheit som frys til krystallar som dalar sakte ned og legg seg på bakken. "Nei, han va ikkje sny, han va berre som ei frosthæra i lokta." (1988)
frostnavar Ukvass handbor (navar) som blei brukt på opne båtar under fiske for å halde varmen. "Vi hadde med oss en gammel navar og en tørrskjævvel tel å borre i." Også brukt om person som har lett for å fryse. (1990)
frosttæva Nedfall av frostrøyk som frys. "Han tæva med frosten." (1996)
frøyn Sprø, porøs. Om mold som lett smuldre opp, eller om ei sprø kake. (1999)
ful 1) Om fisk som ikkje vil bite. "Fesken e ful.", 2) Også om folk: slu, utspekulert. (1999)
fule Vere fornærma, føle seg urettferdig behandla, furte. (1996)
fullséla Saligheit, toppmål av velsigning. (1988)
funtenell Fontanell, tynt område på kraniet, særlig lett å kjenne hos små barn. (1992)
fura 1) Skuring, fart. "Der fekk ho latina fura". (Herming etter ein skoleelev som las latin – eller trudde han gjorde det)., 2) Stripe, lang fordjupning på ei slett overflate. Rynke i eit ansikt. (1994)
fusse Skummel, ubehagelig person. (1992)
fustasje Stort trefat med tønnefasong, ca. dobbelt så stort som ei vanlig tønne (sirupsfustasi). (1999)
fys Spak, mild, makelig. Eit positivt ord som ofte blir brukt i negativ samanheng. Eks.: "Han e ikkje fys på fjorden" : Han er ikkje spak, dvs. det er uver på fjorden. Også brukt positivt: "Sommar'n, han e både fager og fys." Det negative motsvaret til fys er ufys. (1999)
fysak Slengnamn på ein "fyr". "Ka det der e slags fysak?" Ragnvald Iversen har forklart det som "ubehagelig person." (1992)
gå åt Krepere. "Sauen hadd e ramla neri ei bergeklipa og gådd åt." Jf. åtgådd. (1999)
gagnevedt Av "gagneved" (m.): nytteved. Om ved som kan nyttas til emne. "Fann du nokka gagnevedt i greinskjolet?" (1986)
gaiert Stag eller tamp frå toppen av ein lossebom, brukt til å styre og svinge bommen til sidene. (1990)
gajdd Små, tørka eller forvridde tre (tørrgadd, forragadd), også brukt generelt om småvaksen skog – og om småfisk. (1996)
galkasadd Slengnamn på ein som finn på gale ting, ugagnskråke, korttenkt og uvøren gut eller mann. Litt humoristisk valør. (1995)
gamlingen Noanamn på bjørnen. Bjørnen skulle ikkje nemnast med sitt rette namn; derfor fann folk slike "dekknamn" på han. (1999)
gangsperra Smerte og stivheit i (legg)musklane etter hard og uvant røyning. (1997)
gangvad Kveitvad, nokså grov line til kveitfiske. Ordet går sannsynligvis på dette at kveita kunne gå med bruket. Ein løyste onglane av etter kvart som ein drog, og når storkveita sette ned, var det berre å gje etter med grei part. (1986)
gare 1) Garantere, love, forlate seg på. "Eg skal gare førr at han har stole båt`n." , 2) Grense, stripe, rand. "Han kom rejnnanes med auan i hårgar'n." (1990)
gås(e)boge Lokalt nordnorsk namn på storspove (Numentius arquata). (1987)
gaste "Rase", leikeslåst, leike høglydt. "Har du mot (lyst) å gaste?" sa bestefar min. I dag ville det vel heitt: "Har du lyst til å rase/herje?" (1990, 1995)
gaufn Mengdemål, så mykje som rømmest i begge hendene når du held dei saman som ei skål. Ofte brukt som mål for mjøl og korn. (1987)
gaume Gape, lytte på ein fåmen måte. Av gno. gaumr: oppmerksamheit. (1986)
gaura Bukse, ofte brukt om underbukse eller bukse med tronge lår. "No må du få geur'n på deg og komme deg ut i arbeid!" (1990, 1996)
gaursig eller gaursik Gut som ikkje kjem seg i kleda om morran, men fer og vase i underbuksa. Ordet blei òg brukt om folk som var side i buksebaken. (1987)
geit Kvinnebryst, jf. å få geit : få bryst. Sjå neste ord. (1988)
geita Blåved i stokk eller saga material av bartre, også kalla geitved. "Mat'rial'n har lie ute i regnet så det gådd geita i han." (1999)
geithunger Om spedbarn/pattebarn: Tørste etter morsmjølk. "Han Thomas, han har sånn geithunger." (1988)
gerr Fart, mot (av gammalnorsk gir : lyst). "Eg måtte sette gerr'n i han" : sette fart i han, gje han nytt mot. (1994)
gilder 1) Ustødig innretning, "jeggel"., 2) Fallmekanisme av tre pinnar til kasse- eller lemfeller. (1991)
gildre Sette opp ei innretning som lett ramlar over ende. (1991)
gjeddig Tålmodig, iherdig og uthaldande; ikkje gje seg, men ta tida til hjelp for å få eit arbeidsstykke ferdig. (1999)
gjél eller gjell Opphald mellom to elingar. Sjå "elegjel". (1983, 1986)
gjelle Lyse opp ei kort stund i snøkóv. "Då gjella han i han så vi såg Kjerringberget." 1999
gjetlebanhuva Del av tarmkanalen hos drøvtyggarar, det same som nettmagen, ofte brukt til pølsetarm. "Blodpølsa av gjetlebanhuva skal gjetaren (gjetlebanet) ha." (1987)
glarhålka Glatt is (av gammalnorsk glar/gler : glas/spegel og hålt/glatt, altså "glashålt". (1986)
glaup Stor-etar (av å gløype : sluke) (1995)
glavere Spøke eller snakke agelaust om alvorlige ting. (1996)
glohersk Plagsam, infernalsk. "Kleggen va så glohærsk at eg måtte rømme inn." (1999)
glohoppa Klapp(a)kake; kake som blei laga av brøddeig og steikt oppå komfyren. (1996)
gløss Flir med synlige tenner. Å flekke gløss: hånle. (1992)
gnalder Hard og langvarig frost. "No har det vorre fråst og gnajller i fjorten daga snart." (1999)
gnette Smelle. Små smell, f. eks. i veggene på eit trehus. "Det gnætt i veggan, no bli det kaldvér." (1988)
godmatsleik Person som er ekstra glad i kaker og andre søtsaker. (1999)
golke Gulpe, få oppstøyt. "Eg golka lever heile kvejl`n." (1988)
golla Bris, havgolla (havgula). (1999)
gongkaka Det motsette av ei ugjæra kake. Liten deigklump som du tar av deigen under gjæring og steiker på omnsplata. (1999)
gongskiva Tynn skive av usalta flesk til å legge mellom skinkene for å hindre gnag når ein skulle gå langt. Var visstnok mest brukt av kvinnfolk. (1997)
gorm Seigtflytande masse, t.d. avsig av sild, lodde eller anna fisk. "Når vi hadde sild i rommet, taut det sildegorm igjønna skottet og inn i lugaren." (1991)
gov Tett fokk, f.eks. snøkov, røyk, damp eller mjølfokk. (1984/85)
græle Blåse lett, såvidt at sjøen blir grå." Det græle grått i fjor'n." (Arvid Hanssen). Blir også brukt om lett snøfall; sjå kóvgræla .(1999)
græna 1) Eit oter-hi., 2) Ei gammal not. (1987)
gråkakk Gråfarge på grunn av inngrodd skit på kroppen. (1994)
grakse Lever-grums, avfall etter tranbrenning. Også brukt om den feite væska som fiskelever skil ut når ho står lenge og går i oppløysing. Levergrakse blei brukt til å smøre vognhjul el.l. (1983, 1986)
gråspong Lett vindgråe, såvidt at det vises på sjøen. (1990)
grassere Herje, rase, leike voldsomt. "No må dokker unga slutte å rijære og grassere!" sa han bestefar. (1995)
grattelag Her: tabbe, dumstykke, uhell p.g.a lite omtanke eller planlegging. "Pass deg no så du ikkje gjær et grattelag.", Ordet har fleire forklaringar i dialektane i Sør-Troms. Grovfjorden: Grattlag : selskap, selskapelig samankomst. Grytøya: Gratlag : stor stabel. (1988)
greitle "Greiet" eller etterbyrden etter ein fødsel. (1986)
grime 1) Sy lapp på ein røysert (lérstøvel). "Søv han Salomon og han Ol-Krestian? Her ser du kar som kan grime stævvel!" (Herming)., 2) Sjølve lappen som blir sydd på støvelen., 3) Sett av reimer til å legge rundt hovudet på f.eks. ein hest for å leie dyret etter., 4) Stripe, rand, f.eks. av sveitte i eit ansikt. (1999)
grindstaur Jernstaur, spett med ein spesiell fasong, brukt til å stappe hol i marka når "grindan" skulle settas opp. "Grindan" var innhegningar av ferdige "element", som husdyra kunne gå i om natta sommarstid. Dei blei flytta etter kvart som dyra hadde beita snautt. (1987)
griskneppe Band som ein batt rundt trynet på grisen. (1988)
grønål Stripe av luftboblar i sjøen, f. eks. etter ein motordriven båt i fart, eller etter ein tung stein som søkk. (1996)
gronke Mistenke. (1987)
grøttla Steinla, f.eks. oppbygning av stein under bjelkane eller sylla på eit hus. Av gammalnorsk grjot : stein. (1991)
grøvelmål Ulyd, grovt og stygt tilgjort mål for å skremme folk. (1999)
grunnmål Den lengda du dreg juksa opp ifrå botn før du begynner å fiske. I "gammeljuksa" si tid var det 3 - 4 famner. (1987)
grunnmo(a) Understraum som dreg ut frå land samtidig som ei båre bryt mot land. Sjøfugl, oter og kobbe nyttar seg av denne for ikkje å bli slått mot land. (1995)
grunnslog Den parten av ei fiskeline eller ein vad som forsyna (forsenna) er festa til. (1998)
grunnved Korallvokster på steinbotn i sjøen. Kan likne på små tre. Ordet blir òg brukt om tareskog på botnen. (1996)
gudnåmegting Person som det er lite tiltak i. (1986)
håa Svakt vindpust, såvidt det vises på sjøen. (1987)
hadd eller hadda Handtak på bøtte eller spann. (1990)
hækjen Lysten på, grådig, etter mat og anna. (1999)
hæltott Ekstra tott (i-tott) til å forsterke hælen med når ein strikka lestar. (1996)
hakka Hakkemat (lungemos), dvs, matrett, laga av småhakka kjøt av innmat frå slakt. Det kan sjølvsagt òg vere reiskapen "ei hakka". (1983, 1986)
hald (hall) 1) Fiskelykke. I nordnorsk folketru blei fiskelykka god dersom fiskaren hadde hatt seksuell omgang med kvinnfolk natta før han rodde. Det heitte å ta eller å hente seg hald. Særlig under kveitfisket var trua på denne magien sterk (vad-hald)., 2) Ryggverk som kjem brått. (rygghald)., 3) Handtak på bøtte eller spann, dss. hadd. (1988, 1996)
haldsongel Den ongelen som blei brukt når ein sat og heldt etter håkjerringa eller kveita, dvs. sat i ro og venta på at kveita skulle bite. (1988)
hålka Synlig is på bakken eller vegen. Sjå glarhålka. (1996)
hålkefeste Nedbør som frys fast i isen. Når det er hålkefeste, kan ein gå på hålka utan å gli. (1999)
halle seg Kvile seg som snarast, legge seg for ei kort stund. "Eg skal berre hajlle meg i ti menutt." (1996)
hålloi Ståk og spetakkel, høglydte rop. (1996)
hallvard Fisk, helst sei, som som ikkje er hauskoren, men kløyvd slik at han heng i hop etter fremste beinet i munnen, og deretter hengt opp og tørka på hjell. (1999)
halsebrå Oftast brukt i bestemt form: halsebråa; kjøttet på undersida av halsen på eit slaktedyr. (1997)
hålt Glatt. (1996)
halvkar Unggut som rodde det første eller dei to første fiska (skårungsåret). Han fekk halv lott, men namnet går kanskje meir på arbeidsevne og fysisk vekst. "Halvkauring" og "skårunge" blei òg brukt om halvkaren. (1982/83)
halvkauring Unggut som ikkje var full kar i arbeid og styrke. På fiske fekk halvkauringen halv lott. Uttrykket kunne òg bli brukt om ein person av blandingsrase, og også om eit menneske som er redusert til det halve p.g.a. sjukdom eller på annan måte. (1987, 1996)
halvlotteskar Mann som berre har halv lott under fiske. Det var ofte drenger på ein gard som hadde denne oppgjørsordninga. Dei blei rusta ut av husbonden, som for utlegget til bruk og sjøhyre fekk den andre halvparten av lotten. (1982/83)
halvsóle 1) Ein halvsóle: lérstykke som du festar under framdelen av ein sko ved reparasjon., 2) Å halvsóle: sette ny halvsóle under ein sko (ikkje under hælen). (1996)
han bestefar i skinnkufta Noa-namn på bjørnen. Bjørn og andre skadedyr skulle helst ikkje nemnas direkte. Derfor laga folk seg dekknamn, slik at dyret ikkje skulle bli "påkalla" og få høve til å gjøre skade på buskapen. Bamse, gråbein o fl. er slike namn for å avleie magien. (1985)
handfare 1) Kjenne på, saumfare med hendene., 2) Gje juling, banke opp. "Når eg berre tak i deg, så skal eg handfare deg så det kjennes!" (1996)
hand(h)øvle/handhøvel Slagvåpen, verge, kjepp eller anna som du triv til eller ber i handa for å slå med. "Eg fekk tak i et hand(h)øvle og smorte tel oks`n." (1984/85, 1990, 1997)
handklåen Om person som skal ta i alt og fingre med alt. Kan òg brukas om personar som har lett for å rappe med seg ting dei ikkje eig. (1996)
handklå-petter Slengnamn på ein gutunge som fiklar med alt, eller ein som låner ting, f.eks. reiskapar, og ikkje legg dei tilbake igjen. (1999)
handlukst Handfritt, resolutt. "Han tok fyr`n i nakken og heiv han handlokst utførr trappa." (1996)
handse Spandere. Det var skikk at ein gut som reiste første sesongen på fiske, måtte handse på resten av mannskapet før fisket var slutt. Det kunne vere enten drikkande eller etande. (1999)
handsel Dette ordet er henta frå Ragnvald Iversens bok "Senjenmaalet" og er ikkje forklart der. Det kan vere handslag ved kjøp og sal, eller "handsing", sjå neste ord. (1992)
han gjella i han Han lysnar i kovet, blir opphald mellom snø- eller regnelingane: Sjå gjél/gjell. (1986)
harevippa Ei haresnare med vektstong som verkar slik at snara blir utløyst og sprett opp når haren går i ho. (1984/85)
hårjebøtta Jente/kvinne som "er med på moroa", som liker fart, latter og moro. (1996)
hårjelår Som ovafor. (1996)
harke 1) Bremse, f.eks. bremse med foten i snøen når du kjører kjelke., 2) Reinske halsen for slim. (1994, 1996)
hårse Ha det travelt, springe rundt (om folk). Også om hest i brunsttida; av gammalnorsk hors : merr. Sjå horsegalen. (1986)
hårsima Tau eller tråd av hestehår. "Det va en låt som når du dreg ei hårsima igjønna ei sure merraræv," blir det herma etter ein gut på Senja som hørte læraren spelle på salmodikon. Av gammalnorsk sími : tau, reip. (1986)
hå seg Beherske seg, styre iver, matlyst eller sinne. "No må du bætterde hå deg!" (1988)
håsettar Opphavlig namn på ein som var mannskap på ein båt (gammalnorsk háseti ). Til jektemannskap blei håsettarane utpeikt på tinget. Namnet blei òg brukt om ein utropar ved ut- eller oppsetting av store båtar for å få folk til å ta samse tak. (1987)
håsetting Øvste bordet på ein båt. (1992)
hassegadd Negativt uttrykk om mann eller gut. Forma hassagai er notert frå Grytøya. (1995)
ha til overs Ha meir enn ein treng til eige bruk. (1994)
ha til overs for 1) Ha sympati for. Ofte brukt negativt: "Eg har lite tel overs førr den der nydåkte'n" (1999)
hatre 1. Plukke på sår, klø. 2. Plage, mest brukt om insekt på dyr, men også om folk som stadig småhakkar og plagar andre. (1988, 1996)
håtte Minnest, komme på. "Eg håtta ikkje på det i farta." (1997)
hatter Insekt som er til plage for folk og dyr. (Av gammalnorsk hatr : hat, forfølging, spott, hån). (1996)
håtteslaus Ukonsentrert, uoppmerksam, glømsk, ha lite kontroll med seg sjølv. (1999)
hautullat Svimmel og ør, tomelomsk. (1996)
havhømmer Lokalt namn på islom (havimbre, Gavia arctica eller Gavia immer). (1990)
havsauge Fjordmunning ut mot opent hav; synet ein får når ein kjem ut ein fjord og får opent hav i sikte. "Han e kóvtett ut i havsaua." (1986)
hefse Kaste på seg, f.eks trekke opp den eine sida av kroppen med ei brå rørsle; hefse på seg når buksa vil sige ned. Også i tydinga "hive", f.eks. å hefse ein unge unna vegen. (1994)
hegde Spare, verne om, ta vare på. (1995 - 1996)
heike Vise lyst på mat eller drikke (om dyr). "Sauan står og heike ætte vatn." (1999)
heljola Skrubbsvolten, nesten ihelsvolten. (1996)
hemling 1) Tosk, klossmajor., 2) Tak i eit høgt rom, f.eks i ei kjerke. (1992)
hendt som det høver Det same, det eine like snart som det andre. Ofte brukt som svar på spørsmål. "Vil du ta oppvasken ejller gå ut og måkke sny?" "Det e hejnt så dæ høve førr meg": Det er det same for meg. (1999)
henge på båra Styre tett inn til sida av ein båt med større fart slik at din båt blir dregen med. (1998)
herdig Vere viljesterk slik at ein tåler mykje kulde, motsett av "u-hæri". (1992)
hergoreie Ståke, vesne og lage mykje styr. Hergorere er også hørt. "Ka det e dem driv og hærgoreie med oppå loftet?" Hveding tolkar ordet som ei samandraging av herre - god - reie. (1999)
hesse Heise, drage opp noko. "Du må no hesse opp boksa før ho sig heilt neførr ræva." (1999)
hestejalkar Person som kan kunsten å gjelle hesteføll, "hestegjellar", også brukt som skjellsord. (1992)
hestestokk Tjukt plankestykke med hol i som blei festa til ein av framføtene til hesten for at han ikkje skulle springe vekk. (1987)
hette opp Varme opp. "No skal vi hette opp mijddagen ifrå i går." (1996)
hile Fiskemåte etter sei der ei dreg juksa frå botn og heilt opp mens båten er i rofart. (1995)
him Tynt, snølag på tørt underlag, f.eks. på berr mark eller skare. "Han la et lite him av sny om natta, såvidt at vi hadde rekkarføre etter sauan." (1990)
hissigheit Kløe, sterk hud-irritasjon, gjerne i samband med utslett. (1996)
hiva Dugelig, prektig. "Det e ei hiva kjerring han Ola har fått seg." Trulig frå finsk, hyvä : dugelig, framifrå. (1992)
hjellosing Rundfisk som så vidt er bokna under tørking på hjell. Det går sterk lukt av hjellosingen. Etterleddet kan ha samanheng med os : lukt, eller med æse : hjellstong. (1988)
hjelv Oppbygd golv i fjøs eller på låve. Trulig av gno. hjallr : høgt underlag. (1999)
hogge Fleire tydingar. Her: Gradvis minking av flo og fjære dei første sju dagane etter fullmåne og nymåne. "Han høgg med sjyan" : det blir mindre flo og fjære frå dag til dag. Sjå skyte. (1994)
holde på Halde imot med hammar under spikring eller klinking for å gje motslag. (1996)
hollabåt Leikebåt som er hola ut. (1984/85)
hombakke Skoddebanke som står uti havet, særlig når det er nordavind om sommaren (hombakknordavind). Ordet er også brukt om snøtjukke som ein ser langt til havs (Grytøya). (1986)
hømmer Islom. Sjå havhømmer. (1986, 1990)
hømre Det same som humre. Gje ordlaus lyd frå seg når ein er i godt humør. "Han satt og hømra og flirte." (1996)
hopphylla Kort kjetting mellom framføtene på hesten for at han ikkje skal springe sin veg. (1987)
horning 1) Loddrett støtte på begge hjørna bak på ein vedslede for at lasset ikkje skulle gli ut., 2) Nordlandsbåt med høge stamnar. (1986)
horsegalen Å vere i brunst (om hest). Brukt overført om å vere mannfolkgalen. (1992)
horving Hard medfart. "Der fekk du horvinga." (av harv). (1999)
hosebelling Strømpelegg. (1996)
høtta Rynke i panna, helst om den loddrette rynka mellom auga. (1995)
hov-ørsla Tankeløyse. Av å vere "ør i hovve" (hovudet). (1986)
hovtenna "Hårtorva", dvs. huda på kraniet – både hos folk og dyr. "Eg skal rive håvvtejnna av deg!" (1991, 1996)
hovva Om fløan eller heilt oppflødd sjø. "Helgelendingan, di for aldri heimana tel Lofoten uten at sjyen va i håvva. Og di la seg gjerna og venta før di gjekk inn te værret så sjyen va i håvva då òg." (1999)
høyel Jernkrok, spiss jerntein med mothake til å tåge høy med. (1987)
høystål Stabben (lageret) av tørrhøy inne i høyhuset (låven). Den djupaste delen av låven blir kalla "djupstålet" eller "djuplaen". Her ligg høyet lagra. "Gå ut i høystålet og tåg finhøy tel sauan." (1999)
høytong Ei lang bjørlesule (2 - 2,5 m) der begge toppendane var festa i eit sterkt tverrtre. Høytonga var festa framme på vogna med eit passelig langt tau og blei spent fast over tørrhøylasset med eit tau bak slik at høyet ikkje datt av under kjøring. (1992)
huddeka Juling, ris på blanke baken. "Når far din kjem heim, då ska det bli hudekka." (1988)
hugebett "Illebefinnende", styng som kjem brått, men også om lett sjukdom både av fysisk og psykisk art. (1987)
hukre Lage ein skjelvande lyd, f.eks orrhanen sitt spell. (1996)
hund(e)land Langvarig svull, f.eks betennelse og opphovning rundt fingerneglane, men også andre stader på kroppen. (1984/85)
hundsnaske Jage bort, hute vekk, ofte med sterk ordbruk. (1996)
hurpe Sy på ein slurvet måte, snurpe i hop. (1986)
husabel Husbråk, huskestue. (1996)
hybank Juling. (1990)
hylakrok Gammel, dårlig båt. (1986)
hyning Slengnemning, brukt om gut eller mann, omtrent det same som fyr. "Eg trudde eg hadde vunne skirennet, men så kom han der hyningen bortana Sørreisa og slo meg." (1999)
hynning Støtte på slede. Sjå horning. (1982/83)
hyr Glimt, snurt, kort skimt. Berre brukt i bestemt form: "Eg såg berre hyr`n av han" : berre i ein kort skimt. (1992, 1997)
hysegreie Fiskereiskap med tre eller fire onglar til å fiske hyse med (hyseneip). (1987)
ia Liten straumkvervel, ofte etter fisk, men også etter båt. (1987)
ifar Opning på støvel eller anna fotty (der du stikk foten inn). "Nystøvlan e så trong i ífare." (1992)
i høgste visen Alvorlig fornærma, høglydt foruretta. (1990)
ílåta Innmat av slaktedyr; tarmar og delar av magen som blir (blei) brukt til å lage pølser i. (1987, 1988)
ile 1) Isolere (kle) med torv, f.eks. ile ein gamme., 2) Dregg, krabbe eller stein med tau til endefeste for fastståande bruk (line, garn, laksenot). (1984/85)
ile av Sette ut siste ilen på ei garn- eller linsetning. (1999)
ile(n) Ram smak, salt eller beiskt. "Åja, eg kjente det va så íle," sa mannen, han hadde drukke av blodbøtta i staden for vassbøtta i mørket. (1994)
ilendt Spesielle lysforhold slik at landskap og himmel går i eitt, og det blir vanskelig å vurdere kva som er nært og kva som er langt borte. Førekjem stundom om vinteren når lendet er snøkledd, men ordet blir også brukt om sikten i mørke eller snøkov, sett frå sjøen. (1994)
illhugsen Bli illhugsen: bli litt redd. (1986)
imert 1) Stor spikar, bolt., 2) Erigert lem (ståpikk) (1999)
imestimellom Att og fram, både her og der. "Ho fer no imestimejlla, stundevis e ho i åkker`n og stundevis inne ." (1996)
i toft Jamsides med, ved sida av. Brukt om å sitte: "Får eg sette i toft med deg?" (1999)
ive-lér Overlér på sko eller støvel. (1988)
jæra Jare, kant. (1992)
jage haren Gjøre seg ferdig med slåttonna, slå den siste biten. Sjå slå av. (1999)
jakkel Tann, jeksel. (1992)
jakster Uro, bl.a. urolig sjø som gjør arbeidet om bord vanskelig. (1999)
jakstre Skape uro, stresse, vere rastlaus. Også brukt negativt om prat som skaper splid. "Ka du fer og jakstre etter?" (1996)
james 1) Forgå, bli heilt uttrøytta, f.eks. av venting. Også brukt om å trekke sitt siste sukk., 2) Ha ulyst på mat eller kjenne seg kvalm etter maten. (1988, 1996)
jån Dumt og korttenkt menneske, oftast brukt om kvinnfolk. (1986)
jarpe Skravle. "Dokker ska no jarpe med dokker et òg." (1996)
jårre Vere usystematisk, vase, rote bort så resultatet blir berre tull. (1996)
jarrevér Ruskevér med så mykje båra at det blir dårlige arbeidsforhold om bord i ein båt. "Han e no et jarrevér i nordvesten der innmed Stokkeneslandet." (1997)
jarsteinrompa Del av den gammaldagse juksa. Ein stiv streng der søkket (jarsteinen) var festa på midten, opphalaren (snøret) i den eine enden og taumen med pilken (reppen) i den andre. (1999)
jåsse Prate useriøst, lettvint og lite alvorlig. "Sett dokker berre her og jåsse og ikkje gjær gagns arbeid?" (1996)
jebbe Vippe eller bikke, om noko som ligg på balansepunktet og lett kan bikkes over. Ein av variantane i uteleiken "vippe pinne". (1996)
jebbenekk Universalnamn på ein "dings" som ein ikkje veit rette namnet på eller finn anna ord for i farta., f.eks. ein bevegelig del på ein motor. "Jau, det e den der jebbenekken som går opp og ned på motoren." (1986, 1988)
jeggel Ustødig innretning, noko som er stilt opp slik at det lett kan ramle over ende. Også brukt om gilderet på ei kassefelle. (1991)
jegle Stille opp ei ustødig innretning. Oså brukt om folk: "Han jegla seg opp på fire tomkassa med kosten i den eine handa og malingsbøtta i den ajnner. (1991)
jenge Innvolane av fisk, oftast brukt i fleirtal, "jængan". Vanlig nemning på Nord-Senja og yttersida av Kvaløya, mens jinna er brukt lenger sør på Senja. "Det e godt å koke mølja på auarsjænga." (1999)
jerken Bøyen midt under fotbladet. (1996)
jidde Vippe, smågynge, f.eks. sitte på eit kne og bli "jijdda." Også brukt om å svaie, stå urolig på ustødig underlag. (1988, 1996)
jinne Innvolane av fisk, oftast brukt om det som er att når lever og ev. rogn er fjerna, men også brukt generelt om fiskeslog (sjå jenge). (1990)
"Glam", ståk, oftast brukt om lyd av høg tale og rop langt borte. "Vi hørte berre jøe/jøen av dem." Trulig av gammalnorsk ljod: "lyd". (1988/1999)
jobon Tjyvjo (måseart), lat. stercorarius parasiticus. (1986)
jøger Kry, glad og opprømt. (1987)
jokkarlé Ledd nedst i veikryggen der folk ofte får ryggplaget. "Han Albert har fått ondt i jokkarleen igjen, så han kjem seg neppe tel Lofoten i år." (1999)
jømmer Ungsau som ikkje har hatt lam. Av gammalnorsk gymbr. (1987, 1990)
jønster Utnamn på kvinnfolk, negativt. (1995)
jordduns Utslett ein kunne få av å ligge på marka om våren, også forklart som "jorddunst": eim av jord. (1995)
Jørn Persa-mål Eit godt og rikelig matmål. "Det her va et rettelig Jørn Persa-mål." (1990)
jørr Tau eller reip til å reime f.eks eit vedlass fast til sleden med. (1982/83)
jørre Spenne fast, feste eit lass eller ei bør med jørr. Av gammalnorsk gyrda: spenne fast. (1997)
joster Kald sno, trekk. (1992, 1995)
josterhol Stad der det ofte blæs kaldt. (1986)
jøyves Ese, koke over. (1996)
juggelbeint Hjulbeint. (1992)
jugle Gå hjulbeint. (1992)
junge Bordkniv; gjerne ein som var god til å skjere brød med. (1999)
juske Kviskre om hemmelige ting. (1996)
jussong Gammalt namn på juksa (fiskesnøret). Av gno. djúpshofn f. (1999)
jussongla Gammelt namn på juksa, fiskesnøret.(1987)
jykkja eller jytja Gytemoden rogn. På Senja også brukt om små, umoden rogn i torsk. (1996)
jykkjen Glad, opprømt, det same som jøger. (1987)
jylle Vente, vere i uviss og/eller håpefull venting. (1986)
jyntegod Snill, kjælen og god, men også nærtakande. Fins også i forma dyntegod. (1985 - 1986)
jyt Slakk eller "boge" på eit fiskesnøre eller ein ile på grunn av straum i sjøen. (1987)
kakk Liten del, slump, rest som er igjen etter større mengd, f.eks høy på låven om våren. Jfr. uttrykket "kakken tel" – som kanskje skriv seg frå oppmåling av mjøl der du kakka på karet for å få mjølet til å sige. (1998)
kakke 1) Slå lett, kakke på ruta eller døra., 2) Gjøre frå seg, "bæsje" (om barn). Ordet kokke blir også brukt om det same. (1996)
kakken til Uttrykk som betyr "godt og vel", dvs. litt i tillegg til fullt mål. "Hos han Peder fekk ho vesst same betalinga – og kakken tel." (1994)
kalbot Knehase. Av gammalnorsk kalfi: tjukklegg (jf. engelsk calf). "Eg har så ondt atti kallbøtter'n." (1988, 1996)
kale Kveil av (tynt) tau med lengd rundt 45 - 48 famner, jfr. halvkale. Også brukt om taukveiler generelt. (1987)
kalne Betyr eigentlig å morkne, maurne opp, smårotne. På Sør-Senja brukt f.eks om potet som blir sett tidlig og får snø og kaldver på seg. "Han veks ikkje, han ligg berre og kalna i jorda." (1988)
kalosjere Forsterke den nedste delen av strikkalugg (fotty) utvendig med tøy. (1997)
karnafle Tukte, fike til, gje ein lusing. "Har eg nådd han, så sku eg ha karnafla han." Frå tysk karnüffeln. (1990)
kartnagl Tjukk, deformert tå- eller fingernagl, gjerne som resultat av skade. (1996)
karvastokk Merkefjøl, det same som skórkjevle, men òg brukt om ei hending, ein episode. (1996)
kåsja Lita eske. "Kor e tobbakskåsja mi?" (1995)
kastespjeld "Brett" til å kaste korn med, for å skille ut agner og halmrestar. (1987)
kauke Rope høgt, huje. (1986)
kaup Trebolle, skål eller stor kopp. Vanlig om kjørel som er større enn ein kopp, men mindre enn ein stamp. (1996)
kaure Trespon som er smidd slik at han krøllar seg i den eine enden, men heng fast i trestykket i den andre, brukt til opptenning. Også kalla kauring. (1999)
kåve Snu høy med rive når det skal tørke på marka. (1986, 1996)
kela Slagsmål, brudulje. (1994, 1996)
kikne Ikkje få luft, vere nær ved å bli kvelt, oftast brukt saman med preposisjonen av. "Han fekk nokke i ranghalsen og holdt på å kikne av." (1996)
kinntaska Kusma (virussjukdom i spyttkjertlane med opphovning av hals og ansikt). (1984/85, 1996)
kiskank Stripe av snørr som renn frå nasen og ned over øverleppa. (1994)
kistebete Smak av lefsa når folket skulle reise til Lofoten på fiske. (1987)
kitle Føde kji (kje). "Nøkkeljeita har kjitla." Også brukt om kattefødsel. (1996)
kjære Klage, f.eks på urettferdig behandling. (1996)
kjæse Lage ost av mjølk. (1999)
kjæsgryta Stor gryte til å koke ost i. (1987)
kjæspinne Ein trestav over komfyren eller gruva til å henge ostekluten på når han skulle tørke. Uttrykket blei òg brukt nedsettande om ein mann som ikkje tålte kulde. (1987)
kjåkle Godsnakke, overtale, blidgjøre, f.eks prate ungar eller fulle folk "etter munnen" for å roe dei ned. (1987, 1996)
kjeftausa Person, helst hokjønn, som auser ut or seg prat utan å vere så nøye på innhaldet. (1998)
kjeftebask Smikk på munnen. (1996)
kjeftfare Overhøvle, kjefte på. "Ho kjeftfor han så han va'kje vatn vær." (1994)
kjemma Høyfang som er greidd til med rive for å henge i hés. (1999)
kjemme Lage til ei høykjemme med rive. (1999)
kjerkegarn Eitt eller fleire garn i ei garnlenke der verdien av fisken skulle gå til kjerka. Det var helst under bygging det var nødvendig med slik delfinansiering. Ordninga blei praktisert då kjerka på Stonglandseidet blei oppført i 1895/96. Jf. bedehuslina. (1982/83)
kjerredon Stor trestake til lys. (1995)
kjerringjul 2. februar var kjerringjula eller kjerringjuldagen. Då var mannfolka reist på Lofoten, og kvinnfolka kunne slappe av etter strevet og ta seg tid til å smake på restar av rekstekosten. (1999)
kjevja Tungrodd, dårlig og lite elegant båt. (1986, 1995)
kjevlongsgjedd Halvstor torsk, mindre enn ein stortorsk, men større enn ein smågjedd (rundt 60 cm). (1987)
kjøltyngd Lett last, såpass fangst at båten er stabil i sjøen. "Vi va heldig og fekk drie så mykje at vi hadde kjøltøngd då kulingen kom." (1999)
kjone Kline (kysse, klemme). (1996)
kjørka Tiltetting i halsen så ein ikkje får svelge, jf. å ete kjørka på seg. (1991)
kjørsel Hastverk, kjør. (1996)
kjylla Reiskap som blir brukt når ein skal bendsle (surre) over ein vaierspleis. Kjylla ser ut som ei kortskafta klubbe. (1987)
kjypane Skjellsord, nedsettande uttrykk om ein mann. (1992)
klåfingrat Brukt om persom som må fingre borti alt mulig, men også brukt om ein som har lett for å naske. (1997)
klamandus Kloss eller trestykke som ein spikre på som ei forsterkning, f.eks. utanpå ein skøyt. (1990)
klar 1) Sliten, utmødd., 2) Drukna. "Dem kvelva seg og gjekk klar innpå fjorden." , 3) Ferdig, klarert. "E du klar tel å fare?"(1996)
klårhol Gløtt av blå himmel mellom skyene. "Eg ser no antydning tel klårholl i lokta." (1996)
klatra Bratt og lite tilgjengelig terreng. "Den orienteringsposten ligg høgt oppi klatran." (1996)
klatre Bruke pengar til unyttige ting slik at ein til slutt har brukt alt – og har lite igjen for dei. (1996)
kleim Kliss, seig masse, tidligare brukt uttrykk under maling når kornet ikkje var gjennomtørt, dvs. at resultatet ikkje blei mjøl, men ein seig graut som la seg på steinen. "Kverna mel kleim." (1998)
kleise Lespe. Som adjektiv: Å vere kleis. (1994)
klemningshau Kjakepartiet av stor torsk, mange stader brukt som matrett, kokt eller steikt. (1999)
kleva Eitt av mange namn på det kvinnelige kjønnsorganet. (1996)
klire Bytehandle, mykje brukt uttrykk under siste krig: "Vi klirte tel oss tobbak hos tyskertan." (1990)
klobær Åpenbar, godt synlig. Førsteleddet kan opphavlig ha vore "glo": sjå, stire. "Ser du ikkje huva, ho ligg jo klobær framførr auan dine." (1996)
kløkk 1) Herming, fyndord etter ein person. (1994) , 2) Enkelt slag av ein bjøllekolv. (1999)
klokkhøns Rugelysten høne som har slutta å legge egg, eller høne som er i gang med ruginga. (1984/85)
klusja Klyse. (1996)
knavelgalte eller gnavelgalte Hangris (galte) som ikkje får til det han prøver på. Overført brukt om ein mann som heller ikkje får det til; det kan dreie seg både om arbeid og andre ting. "Han e no berre som en knavvelgalte." (1988)
knekte Tigge, trygle, be. "Eg skal så vesst ikkje knekte deg fleire gonga." (1996)
kneppsenna Muskelkrampe, helst i beina. (1997)
knetta Lita og kvikk jente, ofte ei som var litt vill og vidløftig samtidig. (1999)
knøtrau Negativt uttrykk, helst om eit menneske som er sein i arbeid og og får lite gjort i forhold til brukt tid. (1986)
knøvle Småpuffe med knyttnevan, men og om meir hardhendt behandling; knø, tyne: "Han knøvla ho ned i snyskavveln." (1992)
knute 1) Hjørne på lafta hus, det same som nóv, også brukt generelt om hushjørne. Eg glei på hålka oppmed fjøsknuten." , 2) Måseflokk over åte på sjøen "Der e en føggelknute utpå fjorden." (1999)
koa Kvae (harpiks), tidligare brukt som lim på plaster, forreko-plåster. (1991)
kokjen Mett, trøytt og lat. (1996)
kokkelur Sneglehus i fjæra, skal av kongesnegl. (1999)
kokkelure "Kure", krype i hop, gjømme seg bort, søke ly og sitte heilt stille. "Vi sett her og kokkelure og vente på at han skal lyse opp." (1990)
kokkgarn Del av oppgjørsform under garnfiske på Lofoten; kokken sitt private garn i ei garnlenke. I tillegg til ei fast hyre skulle kokken ha verdien av fangsten på dette garnet. (1982/83)
kokre Kakle; om lyden frå rypa og orrhanen, men ikkje frå høns. (1986)
kolla Kveitefeitt, oftast om feittet og dei feittfylte beina i ein kveitskolt, men også brukt om feittet rundt uggene. (1990)
komfoling Juling, pryl. (1996)
komfusas Klammeri, disputt. "Huj'n kom i komfusas mæ oter'n bortmed anlegget." (1999)
komle Vere usystematisk og sein, rote og ikkje få arbeid unna handa. (1999)
komling Ekskrement (mannskit), men også brukt om ein person som ikkje får arbeidet unna handa. (1987)
kommar Vinterknupp på bjørk eller andre lauvtre. (1991)
komme i kast med han kommel Uttrykk brukt når ting floker seg til. "Eg meine du e kommen i kast mæ han kommel." (1994)
kommel Rot, forviklingar som fører til tidheft og venting. (1999)
kommer Nød og klage, stor armod. (1999)
kommerlig Armodslig, elendig. (1999)
komme seg Friskne til etter sjukdom, eller generelt: å bli betre, gjøre framgang. (1996)
komme til halds Komme til nytte. (1999)
komme til lun(d)s Komme til rette, bli gjenfunnen. (1986)
komne Forgå, f.eks. av varme eller av mangel på luft. "Få opp dørra, vi held på å komne neri lugar`n." (1990)
komre Bekymre seg. Sterkt knytt til eldre menneske, jf. kommerbenk : klagebenk. (1986)
konk Flaske. "Har du nokke på konken?" (1992)
koppmoll Banke av rullestein i fjæra; koppmollfjæra. (1984/85)
korel Krangel. Også brukt om leven og herjing. "Det va en frøktelig korell." (1996)
korge (sveitt) Forsterkande uttrykk: gjennomsveitt. (1990)
korpus Kroppshaldning. (1996)
korre Søke varme, f.eks. korre seg ned i dyna. Også brukt om låten til orrhanen sitt spell. Han "korre og kyste". (1991)
korrelanding Utnamn (naboopposisjon) på folk frå Stonglandet på Sør-Senja. Utnamnet blei brukt av folk frå Dyrøya. Stonglandskorran blei òg brukt. (1999)
kort Trerull til å feste framme på båtripa for å drage line eller garn over. Linkorten er smal med spor i midten (sjå linmerr). Garnkorten er breiare med slett rull. (1999)
korvabelling Strømpe som ligg i korv rundt leggen, nedsigen strømpe. (1996)
kovelinga Utnamn (naboopposisjon) på bjarkøyværingar som kom over fjorden til Sør-Senja på fest. (1999)
kóvgræla Lett snøeling, ikkje tettare enn at du har bra sikt."Han va berre ei lita kòvgræla, så vi fann lett fram.". Har språklig slektskap med adjektivet grå. (1988)
krafskjerring Sjølvlært jordmor, "klok kone" i lokalmiljøet som gjerne blei budsendt og brukt som fødselshjelp. (1999)
kragnetja Feitthinna (talghinna) som tynntarmen hos drøtyggarar er festa til. (1987)
krakkstaur Kraftig hesjestaur med nabbar, brukt til råvedhesje. (1987, 1994)
krålen Grisk. Brukt om ein som aldri får nok, som alltid skal grave til seg meir. (1996)
krane Krenge; om båt som legg seg over på sida. (1988)
kraum Iherdig og strevsam arbeidsmann; ein som tar inn med jamn innsats det han taper i fart. (1999)
kraume Arbeide, streve jamt og trutt, sjølv om framdrift kan vere dårlig. (1996)
kregda Meslingar. (1984/85, 1996)
krilgråe Lett krusing av stille sjø eller vatn. (1998)
krøkan Varp, fangst eller arbeidsstykke som er avgrensa i tid og gjerne avhengig av ytre faktorar som ver og vind. Kjem sannsynligvis av krok og krøke i tydinga "få fangst".
krøkken Sjå krykkjen. (1986)
krøle Fomle, plages med arbeid som det er vanskelig å komme til med. (1988)
krusmølja Knust krustøy i store mengder. "Far no ikkje med tallærkstabelen så du gjær ei krusmølja." (1988)
krutisk Snarsint. (1996)
krykkjen Vere lite dristig, uhærig – og ha lett for å fryse. Jf. uttrykket "din krykkjepetter" som erting og skjellsord. (1994)
kubelert Vere i stand til. "Eg e ikkje kubbelert tel å prate med di der italiænaran." (1999)
kugeit Geit som alltid held seg i lag med kyrne. Folk meinte ein kunne ale opp ei kugeit ved å gni fersk kumøkk i nasen på kjeet. (1986)
kuntepella(r) Marulk som lever på grunt vatn. Hørt brukt både som "ei kuntepella" og "ein kuntepellar". Sjå fessompa. (1999)
kure Stå stille i ly for regn og uver, ofte brukt om dyr som søker ly og står tett i hop, men òg brukt adjektivisk om folk som er still og sturen. "Han såg så kuren ut." (1987)
kuven Rund i ryggen, duknakka. (1996)
kvatter Livlig, kvikk og i godt humør. (1987)
kvepkjen Skvetten, lettskremt, ofte brukt om kviger som er kilne og skvett til under mjølkinga. (1996)
kvernauge Rundt hol midt i ein kvernstein. Når kvernsteinen ikkje greidde å male fort nok unna slik at auget fyltes med korn, heitte det at kverna mól i aue. (1987)
kvernkall Vasshjul, loddrett stokk med spjeld som dreiv kvernsteinen. (1987)
kvesma Liten byll, oftast etter insektstikk. (1992)
kvette Kvesse (bryne) eit verkty med handbryne. (1988)
kvisten Namn på den delen av tarmkanalen hos ein drøvtyggar der tynntarmen går over i tjukktarmen. (1987)
labank Kloss, trestykke som ein spikrar som forsterkning utanpå ei skøyt "Tverrtre til å halde fjøler i hop" (Nynorsk ordbok) (1990)
labjen Slapp, laus i konsistensen, f.eks tøy som lett mister fasongen. "Labjen/labjent som ei kobbespya." (1990, 1996)
lædja Noko som er uformelig og blautt. (1999)
læse Låse; døra, kista el.l. (1996)
lag Bøyen, dvs. den delen av ein ongel (fiskekrok) som er nedanfor ei rett linje mellom odden og leggen. Sjå lagfull. (1999)
lagfull Brukt om ein ongel der laget (bøyen) er fylt, f.eks. med agn. Ongelen er egnt lagfull. "Du må ikkje egne lagfullt; då blir ikkje fesken fast." "Han krøykte ongål'n i seg så han sto lagfull inn i neven." (1999)
lake Skjellsord om hankjønn; skarv, brand, utange. "Vel du ha deg unna, din lake." (1999)
lakebrent Skade på sild eller fisk på grunn av for lang tid i saltlake. "Dennan saltfesken e så lakebrent at han e ikkje brukanes." (1997)
lamme ute Bli for sein med eit arbeid som du skulle bli ferdig med til eit bestemt tidspunkt, f.eks ei bygning som må under tak før vinteren. "Eg frøkta førr at han kjem tel å lamme ute med det der prosjektet." (1988)
laskeklipa Klemme til å halde fast léret med når ein sydde sko eller støvlar. (1987)
latrauv 1) Vasshol nær fjøsen eller stua, ikkje reinvasskjelda, men ein stad dei ein lettvint kan hente ei vassfær dersom ein ikkje vil umaka seg heilt til brønnen. Ordet er også brukt om ein fiskeplass nær støa., 2) Person som ikkje gjør meir enn det høgst nødvendige; lat person. (1986)
latspel Den flådde halen på eit slakt. Blir ofte brukt til å koke suppe på. (1987)
laup Ovalt treskrin med lokk. Sida er sveipt i hop av eitt tynt og mjukt trestykke. (1995)
laus Ustabil, upålitelig (om båt); båt som lett mister styringa med vinden attanfrå. Han "renne på båra". Ein slik båt blei rekna som farlig å segle på i uvér. (1990)
lausreipa Utan ryggbør. Også: tomreipa. "Han gjekk lausreipa til fjells etter sauan." (1995)
lauve Hente lauvkvister til dyrefór. Lauving var viktig tidligare for å skaffe tilleggsfór til kyrne. (1984/85)
legd 1) Langsgåande søkk i terrenget., 2) Felt i ein kornåker der kornet har lagt seg flatt., 3) Gammalt fattighjelp-system. (1992, 1997)
legge tott i Tilta, auke på, forsterke. Trulig opphavlig om å forsterke eit tau eller ein tråd ved å legge ein ekstra tott til, men overført ofte om vind og ver. "Han har vesst lagt et par tåtta tel sia i mårrest." (1990)
leigkarsbønn Leigkarar var båtmannskap som blei rusta ut av ein båteigar mot fri kost, fritt bruk og burom og ei fast hyre. Dei var ikke alltid like interessert i hard drift. "Flo sjy og lite fesk" var leigkarsbønna. (1983/84)
leigkarsfære Dårlig arbeidsinnsats. (1983/84)
leigkarshøva Leigkarshøva var dei same forholda som mannskapet bad om i leigkarsbønna: "Flo sjy og lite fesk." (1983/84)
leigkarskonge Båteigaren, dvs. han som hyrte og rusta ut leigkarane til fiske. I visse tilfelle blei han Gammel-Erik kalla "leigkarskongen." (1983/84)
leistand Tidlig stadium av eit kjæresteforhold der dei to går og held kvarandre i handa. "Dem va no i leistand då eg trefte dem." (1996)
lemstre Skade seg alvorlig, gjerne om sjølvpåført skade. "Han lemstra seg med motorsaga." (1999)
lemus Ukontrollerte rykningar i musklane, oftast i andletet. (1997)
lenn Mjuk, mild eller veik (svak). "Han va no lenn, dennan kaffien." (1991)
lenne Mjukne, mildne. "Han lenna no i frosten." (1991)
lesna Religiøst møte med lesing frå bibelen. (1996)
lessen Forsiktig og redd, mangle mot og dristigheit. "Vær no ikkje less'n, hiv deg uti!" (1988)
leste på Strikke ny del (hæl eller fot) på ein ull-lest (ullsokk) som er utsliten. (1996)
leverunge Kokt torskemage, fylt med lever. (1988)
ligge på otteskinn Ligge med otte, urolig kvile fordi ein er redd for eitt eller anna. (1999)
ligge på seng Ligge for å føde; ligge på barselseng. "Ho Marta skal ligge på seng i november." (1999)
likkjeløkka Hell i uhellet – eller ufortent hell, flaks i ein situasjone som kunne ha endt med ulykke. "Han hadde no likkjeløkka med seg den gongen." (1999)
likkjeloven Ved avstraffing: Ikkje bruke full kraft. Legge likkjeloven imella: gje slingringsmonn, ta av for verste støyten. (1996)
linmerr Ein smal trerull til å sette på båtripa for å drage inn lina over; også kalla linkort. Linmerra har eit spor til snøret (grunnsloget) midt på rullen. (1999)
lisse Tråkle i hop rift i fiskegarn eller notlin på ein enkel måte."No har vi lessa i hop det hollet i notposen." (1990)
livlauskjørel Skrøpelig og farlig båt. (1992)
ljøstre Stikke steinbit. Uttrykket kjem frå gammalnorsk ljósta : slå, stikke, og blei andre stader gjerne brukt om å stikke fisk i mørke – med lys av fakkel. (1996)
lobbor(e)n Gjødsla, fruktbar (om gras, åker o.l.) (1992)
lode 1) Rusle utan å ta seg til noke, drive dank. "Eg går no berre her og loda og ser på at ajnner arbeie." Også brukt om ein båt som sig rolig på leiting etter sild (lode og leite), 2) Vakte på, "overvåke" einannan, lode på kverajnner. (1990)
løen Lodden. (1995)
lokkom Kott, lite avlukke i hus, kiste eller skrin. (1994)
loksforherd Heilt umulig, frekk. Sterkare uttrykk enn "forherd". (1996)
lompe Spa torvelomp, dvs. firkanta torvterningar, opp av myra. Lompen blei så skiva opp og tørka til brenntorv – eller kjørt heim rå, banka sund og brukt til strø i fjøsen. (1995)
lonke 1) Tusle, gå sakte., 2) Varme opp:"lonke på kjel'n." (1992)
lopp Dott, helst brukt om ull, høy eller anna mjukt materiale. Blir også brukt om skodde og skyer: skoddelopp, skylopp. (1987)
løppen Koagulert, stivna. Om mjølk som er sett til rømkolle. "E rømkolla løppen no?" (1995)
lorr Tilfelle av vondt i kroppen, oftast brått og utan påviselig årsak; småsjukdom, ryggonde: rygglorr. (Nord-Senja, Kvaløya) (1999)
lortfall Avstanden frå buksebaken og ned til golvet eller marka. "Nånei, du e nok endå førr støtt i lortfajlle." (1990)
lott 1) Del av den samla fangsverdien på fiske, rekna ut etter eit fast system (mannslott, båtlott osv.)., 2) Det bøygde trestykket som er felt inn mellom kjølen og stamnane på ein trebåt (frammerlottet, atterlottet). (1988)
love i Strikke ny lóv (innside) i ein utsliten vott. (1996)
løyert Poseliknande spebarnsplagg. Blei nytta før strømpebuksa kom i bruk. (1999)
løyk Liten djup bekk som renn stille. (1992)
løype 1) Koke fiskeavfall (løyping) til husdyra., 2) Flekke never i sevjetida. Blir brukt både om sjølve arbeidet (løypinga) og om eigenskapen hos nevra: Nevra "løype", dvs. slepper borken lett. (1984/85, 1996)
lugg(e) Heimlaga foteklede, laga av gamle lestar med påsydd tøy til forsterking. Luggane var ekstra lette foteklede og blei brukt haust- og vinterstid på tørt føre. (1983, 1988)
luggetelefon Menneske som fer gardimellom med slarv og sladder. Negativt uttrykk. (1996)
lusa hoste i lovotten Hånlig uttrykk, brukt når mindreårige eller fysisk underlegne prøver å hevde seg verbalt overfor ein autoritet, f.eks. vaksne. "Ka? Eg synes eg hørte lusa hosta i lovott'n." (1999)
lusk Eit stykke brensel, ved, torv. "Stekk en vedlusk i åmen." (1992)
lynna Hinne av tran, olje eller liknade på vatn, mellom anna brukt for å få stille og blank overflate når ein skulle stikke flyndre. (1995)
lynnepose Pose av tøy, f.eks. sekkestrie, som blei fylt med grakse (levertran) og hengt på utsida av båten for å få blank overflate. (1999)
lyra Langt kast, også mottaket av ballen under ballspel. Å "ta lyra": ta imot ballen med hendene. (1999)
lyre Kaste med stor kraft. (1984/85, 1996)
mådd Smular, avfall. (1992)
mælja Hempe eller lykkje (løkke), f.eks. knappmælja, strøypmælja (snare). (1999)
makkerål Stad der du finn jordmakk (meitemakk). Eg hadde et sånt godt makkerål oppi skogkanten." (1996)
maksle Arbeide med eit plagsamt arbeid som det er lite framdrift i. "Han rodde og maksla, men det bar meir att ejnn fram." (1994)
månesetta Den tida månen "sitt", dvs. er på det svartaste, før han tennest. (1996)
mankament Mangel, behov. "Eg kom i mankamejnt førr spiker. (1995)
marlakje Bladmagen, ein av dei fire "magane" til ein drøvtyggar. (1987)
marle Mødig i kroppen, elendig. "Eg e så marle." (1990)
marlekvakje Ein som strevar, men lite vinn av arbeid p.g.a. lite makt og energi. (1988)
marmelskank Person som ikkje er mykje tess; kan vere sjuk, sarven. "Han va marmeln": Han var sarven. (1996)
marmelstarr Person som ikkje duger til noe. (1996)
marvelta Aurhol der dyr og menneske kan gå seg fast. (1988)
matmorskam Dårlig, ustelt mat. Ordet er ofte brukt positivt: "Ja, den slåttegraut'n, han va just ikkje nokke matmorskam! Der va både smak og feitt."(1999)
mat-vand Kresen på mat. "Han e så matvajn at han ikkje eingong et skorpa på skiva." (1998)
mauk Vatnet ein koker fisk og anna mat i. (1984/85)
méddrage Tilpasse stokkane under lafting av tømmerhus ved å hogge rygg på understokken og eit langsgåande spor i øverstokken slik at dei grip i einannan. (1987)
medgard Mellomgolv. (1999)
med løste Gravid. Brukt om kvinnfolk som under svangerskapet fekk trong til å ete spesielle ting. "Ho e vesst mæ løste." (1988)
médlys Uttrykk brukt under fiske. Såpass lys at ein kunne sjå méd-merka på land. (1998)
mehe Usjølvstendig person, person som berre jattar med andre. Også brukt om ein som ikkje kjem seg til noe. (1996)
meihau Fremste enden på ein sledemei. (1982/83)
meilett Såpass underlag av snø at du kan kjøre med hest og slede i utmarka. (1994)
meinbåg Uvillig, lite hjelpsam, tverr. Av norrønt bágr : vanskelig. Også som substantiv: Din meinbåg. (1984/85 - 1986)
meinlys Vanskelig lys, lysforhold der konturane forsvinn slik at det blir vanskelig å sjå. Jf. ilendt. (1994)
meisterstykke Gjøre det heilt store, både i posistiv og negativ (ironisk) meining: både ein prestasjon og ein grov tabbe. (1996)
melterått Ukokt, rått. Også brukt overført om noko som er aldeles for gale: "Hnei, sku du ha hørt nokke så mejlte rått!" (1996)
mikkjelærend Kort avstikkar, snarærend. "Eg va berre et mikkjelærend borti gåran" (1996)
misjonsgarn Eitt bestemt garn i ei garnlenke der verdien av fangsten skulle gå til misjonen. (1982/83)
mit 1) Dynamitt, vanlig kortform av ordet under anleggsarbeid. (1992), 2) Det same som midd: lite kongrodyr (mjølmit). (1999)
mite Sprenge fjell med dynamitt. (1992)
møkkerdung-siri Linerle (Motacilla alba). Ho var ofte å sjå på marka om våren når møkra blei spreidd. (1986, 1992)
molestere Skamfare. Også brukt overført om å bråke, slamre med dører o.l. (1996)
molje Molo, bølgjebrytar. (1992)
moll 1) Skrell og anna avfall frå middagsbordet (potetmoll, fiskemoll)., 2) Rullestein i fjæra. Sjå "koppmoll". (1984/85)
mølnevatn Så mykje vatn at det kunne drive kverna. I små bekker var det berre i flomtida vår og haust at det var nok mølnevatn. (1987)
monse Reke ute om kveldane etter jenter. (1990)
mor Mord. (1992)
morle 1) Verke, smerte. "Han morla og småverkte i den hajnna i fleire daga.", 2) Å snø lett og tørt. "Nokke stort snyfajll va det no ikkje, han morla berre litt." (1996)
morrel Om snø når korna er som bittesmå hagl, nærmast som pulverisert kaldluft. (1996)
mostre Furte, småskjenne, komme med sure replikkar fordi du er fornærma eller misfornøgd. (1988, 1996)
movere Om båt: manøvrere, bevege seg sakte, leite seg fram. (1990)
mue 1) Samle høy som skal tørke på marka i muer, dvs. små dungar, dersom det er fare for regn. , 2) Liten høydunge. (1999)
multe Småete, plukke, smule i seg. (1991)
mylbakke Den tynne kanten som legg seg over egga når ein sliper kniv, øks eller ljå, det same som ro. (1988)
myle 1) Kvesse ljå, øks eller kniv med bryne., 2) Le med lukka munn. Smile for seg sjølv, ikkje meddele seg. "Han satt førr seg sjøl og mylte i skjegget." (1987, 1988, 1996)
mylte Mjuke opp juret til kua når det er hardt og mjølkesprengt. (1984/85)
myten Lur, innful, om ein som veit meir enn han vil røpe. (1987)
nater Pågåande, frekk, innpåsliten. Om person som ikkje gir seg sjølv om han blir avvist. Han va nater etter kvinnfolk." (1988)
naugg Lite hol, rift i klesplagg eller hud, gjerne etter ein kvass gjenstand. (1988)
navar Handbor med tverrstilt handtak av tre. (1999)
neip Fiskereislap med to eller tre onglar på ei tverrstong, ofte brukt etter hyse (hyseneip) (1986)
neipe Feste eitt eller anna så lauselig med spiker. "Eg har berre neipa den golvlesta foreløpig." (1990)
nemme Lite hakk eller feste. "Der va et lite næmme på steinen såpass at eg fekk tak med to fengra." (1990)
nesefisk Fisk du får på første jaget med juksa. Blei ikkje sett på som noe godt teikn for vidare fiske. "Næsefesken e aldri god." (ordtak) (1995)
nesegrev Nysgjerrig person; ein som vil stikke nasen opp i andre sine saker. (1992)
netja Feitthinna rundt innvolane på dyr. Ho kan minne om eit nett. Av norrønt netja. (1984/85, 1986)
neverskrukka Kopp eller kaup av samanbretta never, brukt f.eks. til å plukke bær i. Sjå skrukka. (1999)
nevertein Spiss tein med mothake på enden, brukt til å tre tenningsnever opp på. Einer var god å bruke til nevertein. (1990)
nevervis Om eit arbeid som er utført provisorisk. "Det e no gjort mest som på et nævervis." (1992)
nevle Handsame, ta på, fingre på eitt eller anna, kna, bearbeide. "Slutt å nævle med fesken!" (1996)
nikk Kort tidsrom, augneblink. "I siste nekken": i siste sekund. (1998)
nøkke Bøye ein spiker slik at han går inn i og grip tak i veden på baksida av det emnet du slår han igjennom. (1999)
nomre på Gje uttrykk for mistanke eller tvil om eitt eller anna, lure på, også "antyde". (1987)
nov Hushjørne. Også brukt overført om hinder, stengsel: "Du kjem ikkje lenger enn tel novva med den saka." (1996)
nøyte 1) Nøyte seg: henge i, drive på, 2) Utnytte, snylte på andre. (1996)
nuven Hornlaus, snau på skolten (om dyr). Snauklipt, rund (om folk). (1992)
oa Uro, ri eller kort og rastlaus periode der ein er opptatt med ein og same tingen. Brunst-tid hos dyr. (1987)
ognebrun Augebryn. (1994)
ok eller oka Tverrtre til å halde fjøler i hop når ein spikrar. (1999)
okkel "Ankel". "Eg har så lett førr å vrekke oklan." "Eg slo meg på okkelkul'n." (1996)
økkel Hud-utvekst på dyr, eit slags vorter som ofte heng fast etter ei tynn tåg. (1988)
øksen Oksegalen (om kyr) (1996)
oll Skrål og skrik. "Hør førr et åjll av måsen neri fjæra." (1997)
olle Skråle og kauke. (1996)
ølne "Gløde", utstråle sterk varme.
ølning Kastevind som slår til på ein spesiell vindstrek i Gryllefjord. (1986)
ølningsbolt Fleip-namn på ein ekstra stor spikar eller bolt som skal halde for Ølningen. (1986)
omfar Omgang, runde, f.eks. stokkelag på eit lafta hus eller maskeomfar på ein bunding. (1995)
ønes Bli nærsøken, f.eks. om dyr som trenger seg på av nysgjerrigheit, men òg brukt om å egle seg inn på andre. (1987, 1996)
oppbolna Oppblåst, luft- eller gassfylt, brukt om dyr og menneske. (1996)
oppfær Små luftbobler som stig opp til overflata frå fisk som går i stim. (1998)
oppgong Kombinasjon av springflo og tungsjø slik at båra bryt lenger enn vanlig opp over land. (1996, 1997)
oppsegla Oppsegla eller oppseggelt er brukt om båtar som på grunn av lang tids lastefart har fått kul midt på skroget der trykket har vore størst. Gamle frakteskuter av tre var ofte oppsegla/oppseggelt. (1999)
oppskjørta Forkava, stressa og i affekt, gjerne på grunn av tidsnød eller uventa nytt. (1996)
oppsop Eientlig det ein sopar opp, kostar saman. Brukt nedsettande om person: "Ka det e slags oppsop du kjem draganes heim med?" (1999)
orga Lykkje (løkke) av skinn, vidje eller streng, f.eks. som stengsel på ei grind eller som tåband (binding) på ei ski. (1984/85, 1987)
orgar Initiativrik person, ein som arbeider energisk og gjerne får andre med seg slik at positive ting skjer rundt han. (1988)
orge Ivre, stå på. Orge tel: ta initiativet til eitt eller anna. (1988)
øse eller øsest Tine, smelte. (1992)
øse seg opp Hisse seg opp, arbeide seg opp i sinne. (1999)
øssel Uøkonomisk, sløset. Det same som øsselaktig. (1996)
osteklut Lerretsklut som blei lagt rundt osten i osteforma. (1987)
ostetrøsk Skrupresse for å presse osten med i osteforma. (1987)
øva Evigheit. Brukt i uttrykket "ei unders øva": evig lang (vente)tid. "Det gjekk ei unders øva før brevet kom." (1994)
ovbella, ovbelle eller åbella Utyske, noe som er overhendig stort, for stort til å makte med, f.eks. dersom ein mann på småbåt får fast ei kveite på 200 kilo. Jf. uttrykket et fattigmanns åbejlle . (1987, 1992)
øvst på røra Øvst på kanten, f.eks. hyllekanten. Jf. rør : kant. (1996)
pallfare Undersøke grundig, leite, helst i terrenget, men brukt overført om kroppsundersøking: "Dæm skal no pajllfare meg både ijnnvendig og utvejndig på sjukhuset." (1987, 1996)
påsittar Ein juksabåt (småbåt) som under eit sesongfiske fekk henge atti siste doryen til ei linskøyte eller storskøyte med juksa mot å betale ein viss sum eller ei viss mengd fisk (tiande kvar fisk) til båtlaget for olje m.m. Det var særlig i år då fisken sto langt ute i Egga at denne ordninga blei brukt. (1982/83)
passe løye Vente på eit høve eller opphald mellom bårene for å ta land eller komme seg av land med open båt. Løyet kom gjerne etter tre eller ni bårer. Det motsette er uløye: Få eit uløye: få eit brott inn over båten. (1986)
peive Veifte med armane eller med ein kjepp. (1986, 1996)
pel Rommål, 1/4 liter, ofte brukt som brennvinsmål. (1995)
pellar 1) Pille, tablett., 2) Støtte under hus., 3) Ironisk replikk med personlig adresse. (1996)
pellejytt Lettvint. Også kvikk, "snar i snuan". "Han såg rekti så pellejytt ut." (1990)
pellementmakar Person som er flink til å reparere innvikla ting, f.eks. radioar, klokker og motorar. (1996)
perkjel eller perkel Namn på fanden: han perkjel. Også han perkola. Trulig av finsk perkele : satan. Sjettperkel er ein annan variant som tilsvarar Skjetterik : fanden. (1994, 1996)
pikke 1) Hogge småved, dvs, tynne greiner, ris el.l. med øks. Pekke småved., 2) Kakke lett, pikke på døra., 3) Hakke. "Høna pekke kårn." (1996)
pina 1) Dørken i ein skøytlugar., 2) Trongaste staden ved kjølbordet i ein båt., 3) Smerte, jfr. tannpina., 4) Mistanke. Å bære pina på : ha mistanke til., 5) Aasen: "Rommet omkring Ildstedet i en Fiskerhytte." (1986)
pingaura Bukse som er trong og lita i forhold til personen som skal bruke ho. (1990)
pisa Namnet på den minste oljelampa i huset. (1999)
pissbedånels Eit fåment menneske, helst ein litt dum person som ikkje har tiltak, men står handfallen der andre ser kva som må gjørast. "Ta i! Stå ikkje som et pessbedånels!" (1986)
pissbraka Plagg til å legge i vogga for at resten av underlaget ikkje skulle bli utbløytt. (1988)
pisshest Fottøy, f.eks. avskorne støvlar, nedtrødde sko, tresko, gummikalosjar etc. til å smette på seg når ein skulle ut om døra som snarast. (1999)
pistrat Brukt om ein som tåler lite, ein som syter og klagar for alt. (1996)
pjåndehol Stad der det er vanskelig og plagsamt å komme til for å få utført eit arbeid. (1986, 1995)
pjåtål Spiss pinne til ulik bruk, f.eks. til å komme til i krikar og krokar under rundvask. Også brukt om pinne til å stappe i pølsetarmar med, eller generelt om tapp eller pinne. Frå gammalnorsk pjåt = liten pinne. (1999)
pjaure 1) Småskjenne, irettesette., 2) Arbeide med eitkvart som går seint og gir lite resultat. (1987, 1995)
pjetle Det same som "pjaure". Ofte er dei to orda brukt i lag: "Han gjekk no der og pjætla og pjøura på ongan." (1995, 1996)
pjolske Snakke utydelig, prøve å gjøre seg forståelig på eit språk ein ikkje kan skikkelig. Også brukt om prat som ein ikkje forstår. "Dæm dreiv no og pjolska seg imella på kvænsk. Eg førsto ikkje stort av det." (1996)
plikt eller plikte Tilje, dvs. botnfjøl, platt over kjølen i ein mindre båt. "Båten lak så plektan låg og flaut." (1999)
plitt Lite rom fremst i piken på ein båt. (1988)
poen Oppfylt i magen, stinn. "Eg blei så poen etter møljemijddagen." (1996)
pokers makt Med pok(k)ers makt: apsolutt, utan vilkår. (1996)
pokka Feittsamling i buken på grisen. Av pokka sydde ein pokkerull. (1988)
pollert Fortøyningspåle på kai eller båt. (1990)
poppedekk Liten motorbåt (sjark) med einsylindra motor. Ordet er trulig laga etter motorlyden. (1988)
poppel Skvalpesjø, båregang utan særlig vind, poppelsjy. "Han va nokke poppelsjy då vi gjekk over fjor'n." (1988)
porle Lett og tørt snyfall, jf. morle. "Han har porla og snya i heile førrmiddag." (1997)
porvall Gutunge, "småglunt". "Send en porvajll inn etter skjeftnøkkel'n." (1995)
potetagn Eit urlite medskøyt til poteten, den uslaste middagsmaten ein kan ete. Under fattige kår kunne det vere så lite som litt grovsalt eller eit lite stykke salt sild. (1996)
prennek Tørre småkaker, i visse bygder brukt om ein spesiell sort tørr kjeks. Ordet er komme frå russisk via russenorsk (prennik: kaker) og fins òg i finsk. "Kæm som har vorre og snoka i prennekboks'n min?" (1996)
pretta Ugagn, ofte av uskyldig eller humoristisk art – og særlig brukt om det ungane gjorde. (1996)
prettestykke Det same som pretta: pek, skøyarstrek. (1988)
prylert Litt negativt slengnamn på ein gutunge. (1996)
punndrott Underdrag. Låge skyer som driv ein annan veg enn dei øvste skylaga. Sjå anddrott. (1995)
pusseronk Klesplagg, busserull. (1995)
radusere Herje, ødelegge. "Lynet hadde raddusert nokke voldelig neri bryjn'n." (1999)
råne Å råne med seg: Å vakne, komme til medvett etter avsviming eller tung søvn. "Han råna no mæ seg etter kvært." (1990)
rangskjetten Å vere rangskjett`n: ha uregelmessig avføring; diare, forstopping etc. (1999)
rangvisbismar Kranglevoren og påståelig person. "Han Peder va meg no en årntli rangvisbesmar." (1997)
rank Ustødig, ustabil, ha lett for å kvelve. Om båt på vatnet. (1988)
rånnåle Flerre, skjere eller rive opp (i striper) på ein slurvet måte, øydelegge, ramponere, fare stygt med, brukt om mishandling av t.d. fisk eller slakt Trulig av norrønt rond : rand, stripe. (1987)
rase 1) Leikeslåss, herje og le., 2) Agere ut i sinne, knuse, øydelegge. (1996)
rataskank Uoppdragen og ubyen person, ein som gjør skade og ugagn, stel osv. Svært negativt ord. (1995)
råtte 1) Annamme, merke. "Eg råtta ikkje liv på juksa i dag.", 2) Lage komplott, slå seg saman og legge skumle planar. "Dem har no råtta seg i hop førr å stoppe nyveien." Frå tysk rotte: skare, bande. (1994)
råttkalv Sur eller roten kjerneved i eit tre som elles ser friskt ut. Sisteleddet trulig av gammalnorsk kalfi: legg. (1999)
råttøsja Dovent, ustelt kvinnfolk. (1992)
rauan røtter Uttrykk som beskriv at noe er kaotisk, ramponert eller rota til, f.eks eit nedfalle hus. "Møblan og alt låg i rauan røtter etter festen (hulter til bulter) (1994, 1996)
rauka eller rauke Brenntorv som er stabla på ein spesiell måte for å tørke (torvrauke, torvséte/såte), eller kornband som er stødd mot kvarandre på åkeren (kornrauke). Generelt om ting som er stabla eller sett i hop til ein dunge eller eit reis. (1983/84, 1987)
rauke Stable eller sette eitt eller anna i rauke. "Vi rauka torv tel over mijddag." (1986, 1996)
råvedhés Hesje som er laga av råved, dvs. lange trestenger (renner, rær). Stengene kvilte på nabbar som var bora inn i annakvar staur (krakkstaur) og festa med band til den neste (slettstauren). (1992)
raveldill Ein slags snurrebass i stort format med form som ei avkorta kjegle. Han gjekk rundt på golvet og laga eit svare bråk. (1999)
réål Vridd eller krokvaksen ved i ein trestamme. Under saging kan slik ved klemme sagbladet fast. (1988)
regjere Rase, leikeslåss. "Onga, no må dokker slutte å rase og rijære når han bestefar skal kvile mijddag." (1996)
reie av Uttrykk frå fiske, men overført brukt om å utkonkurrere ein rival. "Han hadde tjangs mæ ho Petra, men så blei han vesst avreidd av en militær." (1991)
reipkrok Trehake som var festa til enden av det bandet (reipet, jørret) som ein reima vedlasset fast til sleden med. (1982/83)
reiv Bleier til småungar, oftast brukt i fleirtal: reiva. Også brukt om bandasje, ombinding. "Du må få reiva på fenger'n så du ikkje får skit i såret." (1988)
reive 1) Legge barnet i reive., 2) Linne (binde om) eit sår. (1986)
reka Spade av tre til snø- eller møkkerskufling. (1992)
reksere Kalle, sjikanere på det grovaste. (1999)
rekstevis Improvisert og slurvet matstell, hushald, reparasjon o.l., vanligvis brukt negativt. Viser trulig til dei nokså enkle og improviserte forholda under reise og på fiske (på rek: på reise). (1998)
rem 1) Bord som går frå meienden og bakover på ein slede, dvs. ytste bordet på kvar side av "platten". Remma kviler på fjetterføttene som er festa til meien., 2) Fjerde bordet frå kjølen i ein klinkbygd båt. (1982/83)
remje Skrike høgt og stygt, også brukt om å gråte. (1996)
rempa Omgangssjuke, helst om magesjuke (diaré) eller mageverk. (1998)
renne opp "Innhente" ved å springe fort "Han rejnte opp tre saua ujnner sauleitinga." (1992)
renne opp Smelte, bråne. "Ser du ikkje at smørre hejll på å rejne opp?" (1992)
repp Pilk til juksafiske, vanligvis med ein stor krok med bly smelta rundt leggen. Repp med krok til begge sidene blei kalla dobbelrepp. (1999)
retjebenk Benk til å kvile seg, rette seg ut på, gjerne i kjøkkenet eller på kammerset. Ordet strekkbenk førekjem også i same tydinga. (1988)
retje seg Legge seg som snarast med kleda på, utan å sove. (1988)
rettedyr Noa-namn for katta når ein var på fiske. Katta måtte ikkje nemnast om bord. I staden sa ein rettedyret (det rette dyret). Jf. rettekaren som noanamn for fanden – eller for penis. (1987)
rev Eit slags utslett eller eksem hos små barn. (1996)
reve seglet Minske segl ved å ta inn rev, dvs. binde eller huke opp visse breidder nede på seglet. (1987)
revgaupa Namn brukt om rødreven når han skrik stygt på vårvinteren. "Eg hørte rævgaupa skreik oppi hågan." (1999)
revja, revjebein Sidebein med kjøt på av sau. Av gammalnorsk rif : ribbein. Glosteikt saurevja var (og er) god mat. Uttrykket er også brukt om menneske. "Eg har vesst bræsta et revjebein." (1986)
ri 1) Stramme ein knute, jf. ri-knute. (1994), 2) Kort hektisk eller kritisk periode (uvers-ri, sjukdoms-ri eller -ria ).
ringved Materialen til reisverket i ein gamme. Også brukt om det ferdige reisverket, før never og torv blei lagt på. (1999)
ripmått Reiskap, strekmål, til snekkararbeid. (1987)
ristel Den loddrette kniven på eit plogskjér. (1986)
rive i han Kort gløtt i skodde eller kóv; lette i snøkóvet såvidt at ein får sikt. "Han reiv i han så pass at vi fekk lajnnkjejnning." (1999)
rive kjeft Diskutere, "krangle" uten å meine det alvorlig."Vi satt no berre og reiv kjeft." (1990)
ro 1) Kanten som legg seg over egga når du sliper kniv, øks eller ljå. Ordet blir ikkje brukt i fleirtal., 2) Rund metallskive med hol i midten til å tre inn på klinknagl eller på båtsaumen (båtspikaren) slik at saumen får feste både inni og utanpå båtbordet. Fleirtal av ordet er rønner med vanlig tungespiss-n. (1988. 1996)
Skinn på fisk, men også overført om folk: "Det e gammelt rø på min næse." Av gammalnorsk rod : fiskeskinn. (1990)
robote Sløye fisk, flå eller arbeide med slakt, krage skinnet av fugl. Ordet kjem frå russisk via russenorsk rubotum som betyr "arbeide". (1987)
rofse Rive, slite, fare stygt fram, helst i omgang med mat. (Rofse maten i seg, rofsefære) (1988)
rofsen Vere uvøren og slurven i arbeid og eting. Jf. å rofse. (1994)
rognsnu Rogn som er ranga og kokt med lever inni, også kalla "rognjolk". (1988)
rokka Rynke. Også brukt overført: "Han e så rokkåt på sjyen i dag." (1995)
røkken Vere snar og flink, spesielt med hendene. "Ho e røkken tel å plokke tytebærr." (1986)
rokksø(y)a Sterkt og brått vindkast som piskar sjøen til vers. (1995)
rør Kant, grense, f.eks. skogrøra : skogkanten, lysbotnrøra : kanten av lysbotnen. "Han rodde langs lysbotnrøra." (1988)
rosse i Gje kontant tilsnakk, irettesette på ein brå måte. (1987)
røstjern Vertikale beslag av flatjern til feste for vanta (masterstaga) på ein båt. Røstjerna er festa utanpå skutesida. (1999)
røyte 1) Late seg, sove lenge, vere doven. Ligg du og røyte endå, klokka e ti!", 2) Felle hår. Også brukt om å legge skinn som skulle barkast i vatn for først å få dei til å sleppe hårlaget: røyte skinn. (1992)
røytvér Langvarig våtvér, ofte brukt om rått ver, regn og skodde sommarstid. (1999)
røyve Mål for ull, større enn ein lopp. Det blei ofte brukt om ulla frå ein sau. (1987)
ruggelbotn "Urein" botn med korallvokster. Jf. ruglet: uslett, ujamn. (1995)
russ Heimlaga røyk (sigarett) av tobakk og avis- eller gråpapir. (1999)
ry Blanding av mjøl og vatn som ein smør på gnikkalefse, også kalla "gnekk". 1995
ryke 1) Gripe tak i noke under stort hastverk. "Han rauk tak i tampen og kneip han av over rekka.", 2) Falle, miste balansen. "Han rauk over enda på glarhålka.", 3) Om veret: "Han kan snart finne på å ryke opp igjen.", 4) Gje ifrå seg røyk eller damp. "Det ryk av skorsteinen.", 5) Om oppiska sjø: "Det ryk av båra." (1996)
ryse Kulse, grøsse, få skjelvingar i huda. Oftast brukt i fortid: "Eg røss i holdet." (1992)
såa Urlite grann, rest. "Ho hadde ikkje melsåa igjen." (1995)
sæing Måseart, gråmåse. (1999)
sæma Menneske som er seint og somlet i arbeid. (1986)
sakalav(e) Uflidd person, slask, lasaron, fyllefant. Nedsettande uttrykk som referer seg til Sakalaver, eit tidligare namn på Madagaskar og dei som kom derifrå. (1990)
salridd Brukt om hestar med særlig stor svai i ryggen. Også brukt overført om gamle hus der taket har sige ned på midten. (1999)
sansekaka Lusing, øyrefik. (1988)
sarven Småsjuk, i dårlig form. "Eg va sarven av influænsa i heile forrje vekka." (1987)
saspon Flat holsleiv, brukt til å hente dei kokte fiskestykka opp av søet. (1999)
sauggen Fuktig i kleda av sveitte eller væte utanfrå. "Støvlan e vesst læk. Eg har gådd sauggen på føtn i heile dag." (1990)
saume 1) Sy for hand,, 2) Gå med stor fart. "E det han Peder som kjæm saumanes utover veien?" (1986)
saumrunnen Om klinkbygd båt der båtsaumen (spikaren) er rusta og svekka. "Båten e gammel og saumruj'n." (1996)
sauphau Tosk. Lite pent uttrykk om ein som er dum eller har gjort noe dumt. "Sleppe du enden av il'n, dett sauphau!" (1999)
save 1) Gå på fylla over lang tid. Drikke og save., 2) Ein save: fyllik. (1990)
savløyping Stokk som borken er løypt av i sevjetida. (1986)
sebba Rest, smule, grann; svært lite. "Det va ikkje sebba igjæn." (1990, 1997)
sefrødd Spiredyktig. Om korn som var såpass modent at det kunne brukast til neste års såkorn. (1992)
seggen, sigen Vere trøytt, f.eks etter eit kraftig matmål. (1990)
seglsyn Lengste avstand du kunne øygne eit storbåtsegl på opent hav, ca. 9 km. (1987)
senevol, senemage Svømmeblæra hos fisk. (1990)
sennband Sene som blei brukt til å binde rundt samantvunne sennegras. (1999)
senne 1) Fore kommagen med sennegras., 2) Lyge ein annan person full. "Nei, no har dæm senna deg fujll." (1994)
serva Episode, hending. (1996)
sete Stable torv i seter (såter). Sjå rauke. (1995)
sette gerr i Sette fart i, gje nytt mot. Også: skremme eller ergre til reaksjon og handling. Av gno. girnd: lyst, trå. (1988)
sette staven igjen Besøke ein stad for siste gong. (1999)
sette til Omkomme, helst brukt om å omkomme (bli klar, gå klar) ved forlis. "Han oldefar sætte tel her på fjor'n i 1850." (1995)
sildgryn Suppe kokt av potet, heilgryn eller smågryn med bitar av spekesild oppi. Tørka timian høvde godt som krydder. (1995)
sine av Bli fri for mjølk. Kua "sine av" ei tid før kalvinga. Også brukt generelt om å tørke ut. (1984/95)
siri Latrinebøtta om bord i ein båt. Oftast var det ei trebøtte eller eit avsaga kvartel med tautamp i. (1987)
sirihalar Fleipnamn på yngstemann av eit båtmannskap. Det simplaste ein kunne bli sett til av arbeid, var å hente opp sirimauk (sjøvatn) til andre på båten som skulle på "ho siri". (1999)
sirimauk Sjøvatn til å ha i trebøtta før ein skulle på "ho siri". Vatnet blei henta opp med ei slagpøs. (1999)
sittarvad Fiskereiskap etter kveite der ein sat og heldt i snøret. "Di hadde jo settar-va. Då satt di og holdte etter ho." (1999)
sitte i eit navarhol Vere isolert, leve eller bu avsides. (1990)
sjakk Sjuk, matt, i dårlig form. (1988)
sjalke Sjabbe, prate om laust og fast. (1992)
sjamse Tomprate og fjase utan samanheng og alvorlig meining. (1998)
sjamse Prate utydelig, tomprate utan større meining eller samanheng. (1996)
sjark 1) Liten motorbåt med styrehus bak., 2) Slengnamn på ein unggut. (1996)
sjella Landvind. (1992)
sjelterskjå 1) Tørkeskjå som var bygd med vegger av skjeltrar, dvs. loddrette stavar eller bord som var skuvd inn i eit rammeverk med spor oppe og nede., 2) Overført brukt om eit gissent og trekkfullt hus. "Huset hannes Karl va kajlt lekså en sjejltersjå." (1997)
sjettaur Gjørme av mold og vatn. (1996)
sjettfornem Vere innbilt finare enn andre. (1996)
sjettsu Ureinslig kvinnfolk. "Ørkedags fru, men helligdags sjettsu" (ordtak). (1995)
sjøfall Tidmål, seks timar, dvs. tida mellom full flo og full fjære. (1987)
sjokle Surkle, klukke. "Det sjokla i magen når han sprang." (1990)
sjusere Beregne sånn omtrentlig, tilpasse utan å ta nøyaktig mål. (1990)
skabberakkel Gjenstand eller menneske i dårlig forfatning. "Det va berre et skabberakkel tel båt. " "Han har berre et skabberakkel tel kjerring." (1996)
skaftunge Trestykke som er festa som forsterkning under troet på eit torvtekt hus. Skaftungen bind saman dei nedste troborda (ut-troet). Torvhaldskrokane er gjerne festa rett over skaftungane. (1990)
skakksoll Soll (sikt) som blei brukt under korntreskinga for å skilje kornet frå agnene. (1987)
skaldre Småslamre, klirre, f.eks. om dør eller vindauge som er så romt i karmen at det rører seg i vind, sjølv om det er stengt. (1988)
skallhark Slengord, brukt om ein utgått sko eller ein gammal og dårlig båt, men òg om ein uvøren og likesæl person. (1987)
skarbett 1) Om øks eller anna eggverkty som er ukvesst slik at det er skar (hakk) i egga. "Øksa e så skarbett at ho e ikkje brukanes i marka.", 2) Om ungar i tannfellingsalderen. "Eg meine du e skarbett!?" (1997)
skåre Skjere hakk i mindre fisk som skal steikast. (1984/85)
skarnskjul "Avtrede", skjul for siria (do-bøtta) om bord i jekter og andre eldre farty. (1988)
skarvøks Tverrøks som blei brukt under båtbygging. (1987)
skata 1) Flatfisk med lang hale., 2) "Akebrett", laga av to - tre samanbundne tønnebord. (1999)
skat(t) Toppriset av ei bjørk eller anna tre; også brukt om store avhogde greiner. Namnet har trulig samanheng med den avspissa forma, jfr. fisken skate og fuglenamnet skade (dansk for skjur) På Åland er Skate eit vanlig grunnord på nes og øyer med trekanta form. (1984/85)
skave Skave bork av tre, helst rogn (skav) til barking eller dyrefór, men òg brukt i same tyding som å lauve, å "skave lauv". (1996)
skavel Skjerereiskap som var laga av eit krumt blad, festa på eit kort treskaft, og brukt til å skave bork med. (1986)
skinnbuksa Noa-namn for ørn. Ordet ørn skulle ein helst ikkje nemne; i staden brukte dei "skinnboksa" som namn. (1999)
skinnstakk Sjøhyre, sid trøye av geitskinn, brukt i fembøringstida. Skinnstakken var den tids "oljehyre." (1987)
skitpurkaktig Ureinslig. (1990)
skjærsett Stå opprådd, fastlåst i eit problem. Trulig av å bli sett på eit omflødd skjer utan båt.(1996)
skjåtet Flekket. Gjerne brukt om dyr eller folk som misser hår eller pels flekkevis, jf. uttrykket å skjåtrøyte. Også brukt i andre samanhengar, f.eks om ein åker som er flekket etter isbrann. (1987)
skjåtrøyte Felle hår, pels eller ull flekkevis. (1998)
skjefta Vere utstyrt for. "Eg va ikkje skjæfta førr å feske sild, eg hadde berre juksa med i båt`n." (1992)
skjefte Setje skaft på reiskap. "Du må skjæfte øksa før du kajn høgge ved." (1999)
skjeggbresting Unggut som begynner å få dun på haka. "Akte deg førr gråhæringan og skjeggbrestingan" (ordtak med adresse til jenter). (1995)
skjemla Kvitmalt trefjøl, ca. ein meter lang, ofte forma som ein fisk og med jern spikra på enden. Blei brukt under sildefiske for å skremme silda frå å stikke ut av nota under snurpinga. Skjemla blei firt ned og halt opp i notopninga. (1998)
skjemle eller skimle 1) Blinke, range auga så berre det kvite er synlig. "Skjemle mæ auan.", 2) Ha skeivt syn, vere "skjemmeløygd" (skjeløygd)., 3) Skremme fisk med skjemla. (1999)
skjemmelbas Humoristisk namn på den av eit notmannskap som hadde som fast jobb å skjemle (skimle). Den eigentlige nemninga var baughund. (1999)
skjemmeløygd Skjeløygd. "Han e så skjemmeløygd at tåran rejn i kryss over navvel'n." (1999)
skjenbarlig Aldeles tydelig. "Eg såg han jo skjennbarli, bjørn'n, oppi hojltet her." (1996)
skjerja Noa-ord for kveite. På fiske skulle ikkje kveita nemnast med namn. Derfor blei noa-ord som skjerja og balduska brukt i staden. Ordet skjerja kjem trulig av å skjere (til rekling). (1986)
skjevel Stokk som er skaven rein for bork. (1986)
skjevelskjol Skjol (vedreis) av avbarka vedstrangar. (1996)
skjøre Renne, fare fort av garde. Når sildestimen blir jaga av fisk eller kval slik at han kjem opp til overflata, alle same vegen, seier ein at silda skjører. (1997)
skjørpe Brette opp øverleppa og lage gra-mål. Om vér, bukk eller andre dyr i brunst når hoa er i nærleiken. (1987)
skjote Sjabbe, prate om laust og fast. (1994)
skjøtte 1) Passe, vere pliktoppfyllande, skjøtte arbeidet sitt., 2) Sky eller passe seg."Han skjøtta ingen ting," brukt om ein som fuser fram utan hemningar. (1996)
skoge Belegg i gryta, f.eks. etter grautkoking. Skove er eit anna ord for det same. (1992)
skogsop Person som finn bær i marka når andre lite eller ingen ting finn. (1990)
skokkel-sei Uvanlig stor sei, over 10 kilo. (Lang som ein skokkel, dvs. skåk på slede. (1995)
skolte Irettesette, kjefte opp. (1994)
skonkle Riste, skumple. (1992)
skórkjevle Trestykke til å merke i med kniv kor mange fiskevekter som blei voge inn eller kor mange høylass som var kjørt inn på låven. Det blei skore små hakk for kvart lass eller vekt og eit stort for kvart femte eller tiande. Jf. karvastokk. (1998)
skottål Hand-harpun med mothakar som slår seg ut når lina blir stramma. Brukt både til harpunering (kast) og til stikking av f.eks. kveite på grunt vatn. Skottålen er då festa til eit lodd. Av gammalnorsk skutill : harpun. (1999)
skottméd Méd ein tok med atterstamnen i eit punkt på land for å halde stø kurs under roing. (1987)
skralltein Tretein som sto med den eine enden ned på kvernsteinen og den andre fast i eit tverrtre ut frå kornskreppen. Av vibrasjonen når kvernsteinen gjekk rundt kunne kornet ry frå skreppen og ned i kvernauget. (1987)
skrapkaka Den yngste (siste) i ein søskenflokk (attpåklatt), men opphavlig kake av den siste slumpen av røre, jf. spøttkaka. (1998)
skratt 1) Rakrygga og bratt i nakken.., 2) Lite sår eller rift i skinnet. (1987, 1991, 1996)
skraup Gammel og dårlig sko eller båt. (1996)
skrepp Trekanta kasse som stod over steinen i eit kvernhus. Kornet som skulle malast, blei tømt opp i skreppen og dryssa derifrå ned i auget på kvernsteinen (1987)
skreppe Skryte. (1991)
skreppskit Skrytepave. (1991)
skrikke Bevege litt, komme ut av stilling, f.eks. når ein skal sette noke nøyaktig i hop og ein eller annan skubbar borti så det heile kjem ut av lage. "Eg skal ikkje skrekkes en tomme!" (1997)
skrikle Det skjura gjør når ho lagar mål. "Eg fekk ikkje fred i mijddagskvil'n førr ei skjur som satt og skrekla uti hagen." (1996)
skrø Skrape av seg på beina før ein går inn. "Skrø av deg på føt'n!" (1995)
skrokk Skrott av slakta dyr (kjøttskrokk), men også brukt om folk: Eg e ajll i heile skrokken." (1996)
skroll Flokk, folkehop."Han fekk heile ongeskråjlla etter seg." (1999)
skromp 1) Skryt. "Håjll no fred med skrompe dett!", 2) Namn på ein som skryter. "Håjll no fred, din skromp!" (1991)
skrompe Skryte."Kvær skrompe av si syra." (ordtak) (1987)
skrubba Sandskrubbe eller sandflyndre. (1984/85)
skrukka To leiver flatbrød lagt i hop og bretta to gonger over midten. Trulig av skrukke: brett, fald. (1987, 1995)
skullermusk Mistenkelige saker, aktivitet som ikkje toler dagslys på seg. "Skal tru ka slags skullermusk dem held på med?" (1990)
skumskot Skimt, syn som berre varer ein kort augneblink. "Eg såg ho i et skomskott på hi sida av gata." (1987)
skyte Gradvis auking av flo og fjære den siste veka fram mot fullmåne og nymåne. "Han sjyt mæ sjyan," dvs. blir større flo og fjære frå dag til dag. Sjå hogge. Skyte har òg mange andre tydingar: skyte garn, skyte stein (sprenge), skyte inn årene osv. (1994)
skyte mage Om fisk som blir tatt opp frå djupt vatn og ikkje greier trykkendringa. Når det indre trykket blir større enn det utvendige, blir magesekken ranga ut gjennom munnen. Brosma og ueren "skyt mage" og flotnar. (1999)
slå av (Trykk på siste ordet). Slå siste stykket av åkeren eller slåttemarka. "Vi slo av i går" : Vi blei ferdig med slåtta i går. I perf.: Marka e avslien : Marka er ferdighausta. Sjå jage haren.(1999)
slagne Mjukne, f.eks. om flatbrød som har trekt til seg fukt og mista sprøheita. (1996)
slagpøs Sinkbøtte med tamp i; gjerne brukt til å hente opp sjøvatn, f.eks. "sirimauk" ifrå båt. (1999)
slå hauet av gauken Starte med slåtta; slå den første biten. "Har dokkar bjynjt mæ slåtta?" "Ja, vi slo haue av gauken i går." (1999)
slakjen Slapp, dau i kroppen, ute av slag. (1987)
slambiren Småsjuk, det same som slakjen. (1999)
slåpe Dra føtene etter seg når ein går. (1996)
slasen Småsjuk, kjenne seg i dårlig form. (1988)
slåttemann Lokalt namn på vadefuglar, bl.a. brushane, (Philomachus pugnax) som årvisst kom i flokkar på markene like etter slåttonna. (1999)
slebre Sleike, slevje, slafse. (1996)
sleikmølja Ferskfiskmåltid (mølja) med for lite lever. Det var ei skam å koke sleikmølja når det var lever nok å ta av. (1988)
sletten Smart, lur, men ordet kan også bli brukt om å vere snar og snop. "Han va så slett'n at han kom seg unna." Blir ofte brukt i uttrykket slug og slett'n. (1994, 1996)
slettstaur Hesjestaur utan nabbar til råvedhesje. Mellom kvar krakkstaur blei det sett ein slettstaur som rennene (rærne) blei knytt fast til med vidje eller snøre. (1994)
sli Grønske av ein alge på fjæresteinane. "Dætt no ikkje; der e sli på steinan." (1995)
slir Tverrtre bakerst mellom skoklane (skjækene) til slede, plog el.l. . (1982/83)
slofs Sladder. Også brukt om respektlaus prat om alvorlige ting, blasfemi. (1988, 1996)
sløg Slukøra, skamfull. Ordbøkene har ei anna tyding: slug. (1988)
sloga 1) Handreiskap til å treske korn med., 2) Noe ein dreg etter seg, f.eks. ei harv av ris eller kjetting til å sloge frau med, fleire småbåtar på slep etter ein større, eller fleire ungar som heng etter ei mor. I åttringstida hende det at dei "tredde sloga" og slepte fisken til lands når dei fekk meir enn båten bar. (1987)
sloge Slepe, drage noe etter seg. "Vi har sloga møkker på Storåkker'n i dag." "Dem har sloga med garlenken sine over heile fjorden så det finnes snart ikkje en auar igjen." (1999)
slomse Ta ting på slump, vere omtrentlig, ikkje berekne nøyaktig med tid eller mål. Ein slik person blir gjerne kalla ein slomsar. (1997)
smæren Ekkel sursøt smak, bismak som sit att i munnen. Kan bli brukt om smaken på mat som har tatt til å surne, eller om ettersmaken når ein f.eks. har ete heggebær. (1988)
smått Trong opning mellom hus. (1992)
smaus Lyst. Ha god smaus på : Ha god lyst på. (1999)
smiltar Kyss. Lokalt, Nord-Senja. "Får æg en smjltar?" (1992)
smiten Smal og spiss, også brukt i tydinga "snop". Ein båt kan vere "smal og smiten". "Resskatta va så smit'n at ho kom seg ijnn igjønna navarhollet." (1994)
snafs Godbit, "snadder". "Der ligg nokke kjøttsnafs i kjøleskapet." (1994)
snask Frekk, utidig person. "Den som fer som en snask, han får seg en dask" (ordtak) (1995)
snaske 1) Hute, pelle. "Vel du snaske deg vekk!" "Hut og snask deg dit du høre heime!" (1995), 2) Fare over alt, også der ein ikkje har ærend. "Ho Frydia snaska tel Grand Canaria her i fjor." (1996)
snebbelig Liten og nett. "Dæ va en sånn snebbeli lit'n kniv." (1992)
snebben Nett, smart. "Dæ va ei snebben lita tøtta." (1992)
sneppert Apparat som blei brukt til å sette hol på blodårer under årelating. Ei fjørbelasta klo blei utløyst og slo inn i huda. (1999)
snepre Plukke, f.eks. plukke av matfatet etter at måltidet er slutt. Uttrykket har trulig samanheng med sneppert. (1991)
snørrtåta Nasen. (1999)
snøsar Vérlam som ikkje blei gjella om våren. Eit slikt lam var snar til å registrere om sauene "sprang". Lammet blei så jaga bort slik at storvéren fekk sleppe til gjøre resten. "Vérvarsel" var eit anna namn på eit slikt lam. (1996)
snøsost Tørr, raspa brunost som blei blanda med sukker og brukt som pålegg. Han hadde lett for å fyke av skiva på utpust. (1998)
snurpe 1) Sy på ein slurvet måte., 2) Stenge botnen i ei snurpenot under fiske. (1986)
Vatnet som ein har kokt fisk i (fiskesø) Kjøttsøet blir oftast kalla kjøttkraft. Sjå mauk. (1984/85)
soe Kauke, huje for å bli hørt over lang avstand. "Han Lappe-Jon soa på hunden sin." (1995)
soknebolk Del av den juksatypen som blei brukt før svenskpilken overtok på 1950-talet. Soknebolken var ei stiv snørebuktpå ca 50 cm, vikla med bekatråd. Juksasnøret (opphalaren) var festa i den eine enden, taumen med pilk i den andre og jarsteinen (søkket) på midten. Blei seinare erstatta med streng. Sjå jarsteinrompa. (1987)
sole på Strikke ny botn (såle) i eit par lestar, forsterke botnen. (1996)
solgjess Optisk fenomen; ein lys flekk som er synlig på himmelen ved sida av sola. Det kan også vere to, ein på kvar side. (1987)
solkat eller solkåt Skittent, tilgrisa. (1996)
somle 1) Vere sein og treg, gje seg unødig god tid., 2) Rote med hendene i væske. (1988)
somnrøyta Sjusovar; person som ikkje kjem seg opp, men ligg utover dagen. (1996)
sopskrukka Person som er svær til å sanke til seg. "Ho låg no der i tytebærrmarka som ei sopskrokka." (1996)
sovel Tillegg til hovuddelen av eit matmål; pålegg på skiva (brødsovel), fisk eller sild til poteten (potetsovel). Frå gammalnorsk sufl som betyr "feitevarer som ein et til brødet". (1995, 1996)
spaieres Ryktes. Om tidend som går frå munn til munn. (1996)
spåmann Øyrbeinet eller "skulderbladet" hos fisk. Han blei brukt til å spå veret med. Då la ein beinet på hovudet og bukka . Blei spåmannen liggande på marka med den kuva sida opp, blei det godt ver. Vende den hole sida opp, blei det dårlig ver. (1984/85, 1990)
spannklemma Det same som laskeklipe. Skru-klemme av tre, brukt bl.a. under skomakararbeid. (1987)
spekulasi Tørre småkaker, kjeks av forskjellig fasong. (1999)
spelle seg Å leike. "Jentongan driv og spælle seg med dokken." (1984/85)
sperrevepp Lett, spretten og forfina mannsperson. (1996)
spikarlø Jernstykke med fleire hol i, brukt som underlag når ein skal stemple hol i jernband el.l. (1987)
spile Gå meir tynnkledd enn du bør; jf. "spil(l)enaken": heilt naken. (1991, 1996)
spissbur Skøyar, spiloppmakar. (1990?)
spissburaktig Brukt om ein som støtt finn på artige fantestrek. (1996)
spissburstrek Uskyldig fantestrek. (1996)
spøa Tynn, flat trespil til å snu flatbrød- eller lefseleivar under steiking. Også brukt overført: "Eg har'kje sett spøa av det." (Om noko som er blitt borte). (1990, 1995)
spong Jernbeslag under sledemei eller under kjølen på ein båt. Fleirtal: spenger. (1982/83)
spønne 1) Sparke, rote opp jord., 2) Fare langs vegen utan mål og meining. "Han for no og spønte langsmed landet.", 3) Rase, herje. (1995, 19969
spøttkaka Pannekake eller vaffelkake av den siste slumpen røre, jf. "skrapkaka". (1998)
sprena Diaré. Frå gammalnorsk spræna: sprute. (1990)
sprettauskjer Lite auskjer til småbåt; tidligare laga av tre, no av plast.(1987)
sprettskit Overlegen, arrogant type. (1996)
springe vind i pongan Ha hastverk. "Eg ska så vesst ikkje sprenge vind i pongan førr å treffe dem." (1990)
sprøla Diaré, laus avføring. Jfr. sprena. (1990)
sprotne Rakne, helst om strikkaplagg eller saum på klesplagg. "Boksa språtna i saumen." (1999)
sprott Sprungen enkeltmaske i eit strikkaplagg eller i eit fiskegarn, lite hol: maskesprott. (1999)
spuns 1) Tappehol i tynne eller fat (spunshol)., 2) Liten stim av sild eller lodde, mindre enn "dott". (1988, 1997)
spurdag Ein som spør mykje og ofte, gjerne brukt om ungar. (1986)
stabulere Klare sine økonomiske plikter, ha nok pengar til faste og daglige utlegg. "Det stabbulere ikkje med penga der i gården." Trulig omlaging av stabil. (1996)
stallband Lang bolt som går gjennom fetterfoten på ein slede og held mei og rem i hop. (Sjå ill. i årboka 1982/83)
standels(e) Ereksjon, stivt lem. (1999)
starrabeist Husdyr som har abortert. (1990)
starre Abortere (om dyr) (1996)
starve 1) Gå seint og ustøtt (starve seg fram)., 2) Døy, oftast å døy av alderdom. "Ho Anna blei 98 år før ho starva." (1999)
ståst eller ståss Strebe etter, prøve å oppnå. "Den jobben der e ikkje nåkka å ståss(t) etter."
stauke Lese seint og dårlig. "Han stauka seg igjønna leksa på et vis." (1996)
staut 1) Stabil, pålitelig, men òg brukt i tydinga vakker og velbygd. , 2) Ein type solid bomullstøy (1996)
stave 1) Når land speglar seg i stille sjø, jf. "stavstilla"., 2) Nemne opp bokstav for bokstav under lesing., 3) Gå med stav, stave seg fram. (1998)
stavlaus Ukontrollert, med stor fart. "Han møste fotfestet og for stalvaust nerover blindhålka." Også brukt om å fare fritt omkring. "Røktet går no stavlaust rundt i bygda." (1996)
stavstilla Blankstilla, slik at landet "stave seg" i sjøen. (1996)
stekke i Tilta, auke på; ofte om ver og vind: "Han stakk i med sjyen." "Han har stokke i med frosten." (1990)
stelke 1) Myte, felle fjør. "Her har rypa sotte og stelka seg.", 2) Gå varsamt på glatt underlag. Ho stelka seg av gårde på hålka." (1990)
stemme Stoppe, stenge. "Han Ole Elvenes kunne stemme blod." (1997)
stemorsida Den minste sida på ei brødskiva; den det trengs minst smør til. Smurte du på den, då hadde du smurt på "stimorssida". (1990)
stikk 1) Slag med handpumpe når du skal lense ein båt., 2) Knute eller løkke på tau (pålestikk, halvstikk)., 3) Stikk i kortspell., 4) Stikk med kniv, nål el.l. (1988)
stikke 1) Gje etter litt og litt på eit stramt tau, gje ut snøre når du har stor fisk på., 2) Spa brenntorv i skiver med torvspade, enten av lomp eller direkte frå benk i torvmyra (stikke torv)., 2) Lage luggesólar ved å legge fleire lag tøy (nytt eller brukt) oppå kvarandre og sy tett i tett på maskin gjennom dei. Så blei solane klipt så dei passa til luggane. (1995, 1997)
stodderkonge Person som vil vere større enn han er. Ein latstaur som er stor i kjeften. (1986)
stokke Løyse fisk av garna, jfr. tine. (1999)
stolm Opphovning av juret hos kyr like før kalvinga. (1988)
stompe Falle framover, falle ukontrollert med hovudet først utan å ta seg for. (1987)
stønning Fisk som held seg på ein bestemt stad, han "stør seg" mot ein bakke eller på ein grunne. Også kalla "støing": fjordstøing, bakkestøing. (1996)
stoppe og slå Teknikk for å ta inn på ein svært stram tamp. Tampen blir lagt rundt ein påle der ein eller to mann låser han av. Andre legg press på tampen frå sida (slår). Når dei slepper, må han eller dei som "står i stoppen", vere snar og ta inn den vesle slakken (stoppe etter ). Så kan ein gjenta det heile. (1999)
stornase Storkar, handelsmann, ein som var rikare enn vanlige småfolk. (1991)
storstandig Om ein person som vil gje inntrykk av å vere "høgare på strå", dvs. stå på eit høgare sosialt nivå enn andre. Det kan gje seg utslag i språkbruken, pengebruken, måten å kle seg på eller framferd generelt. (1997)
støvle Ta seg fram til fots i vind og væte (støvlføre). "Det va berre så vidt eg greidde å støvle imot han (vinden)." "Vi får støvle oss nerover i sørpa." Også brukt om å vasse med støvlar på. (1996)
stråle Salte lett, salte fisk over natta. "Vi skal ha nystråla sild tel mijddag i dag." (1994)
stranten Lang, tynnvaksen og spinkel. (1988)
strekka Ri-lykkje, snare, også kalla "strøypmælja". (1987)
stréne 1) Gå fort og målbevisst. "Ho kom strænanes utover veien i motvinden.", 2) Farte omkring, streife utan å gje seg tid til å stanse. "Eg har stræna rundt i byen i heile sag førr å finne meg vintersko." (1997)
stromf Stor trestamp eller trekar (Skaland). Dss. stromp eller strompa, også brukt om brynekopp av tre eller uthola trekjørel. (1995)
strøppent Strøppent eller stroppent. Om egg under ruging der utviklinga av unge er begynt. Ved å søkke egga i ferskvatn kan ein sjå om dei er friske eller strøpne. Strøpne egg lettar med den butte enden. Ordet kjem av gammalnorsk strópi = blanding av kvite og plomme. Uttrykket blir òg brukt overført om å vere gravid."Den brura, ho såg no nokke strøppen ut." (1991)
strotte Gje korreks, irettesette. (1987, 1994)
strunk, strunken Stiv og ustødig, lite smidig. Helst brukt om kroppen til menneske og dyr. (1999)
strut 1) Den delen av ein ihopknytt sekk som er ovafor sekkebandet., 2) Luftlyre, trekkstrut på f.eks. ein jordkjellar., 3) Kremmarhus, papirstrut, f.eks. til å ha sukkertøy i., 4) Heimlaga sigarett, gjerne av avispapir, også kalla "strull". (1997)
stulle 1) Rusle rolig og sakte., 2) Stelle, pusle med små gjøremål. (1984/85)
stuss Stille, alvorlig og fortenkt. Kan òg bety mutt. (1999)
stuv Trestubbe, oftast brukt om stubbar som står igjen etter hogst. (1999)
stuve Felle tre. "Vi stuva berre ned bjørken og lot dem ligge tel tørk med lauvet på." (1999)
styrlaus Utan styring, vill, rabiat (om person) (1996)
styrmannsbrusk Bruskstykket mellom dei bakre (nedre) sidebeina på slaktedyr. Dette skulle ein skjere laus og kaste attover aksla mot ein vegg. Sat bruskskiva fast i veggen, blei du styrmann. (1987)
styv Rumpe, ende. Til småungar kunne ein seie: "Pass deg, ejllers så skal eg ta deg i styven!" (1999)
sugge Drikke brennevin ofte. (1992)
sula V-forma kløft, f.eks. kløfta grein, rommet mellom beina frå skrittet og ned. "Du e lang i sula." Stundom også brukt som terrengnemning; ein kløyvd fjelltopp e.l. (1999)
sule eller syle opp 1) Hespe juksasnøret opp på ei sule (juksasula)., 2) Avslutte eit fiske. "Han Erling har vesst sylt opp og gådd heim av Finnmarka." (1982/83)
suss Trutkyss, nemning brukt i barnespråk. (1999)
sutle Søle med vatn. Også om lyden av vatn (klukking, skvalping). (1986)
sval Utbygg, tilbygg på sida av eldre hus (naust med svaler). Også brukt om forgang (fjøssval) (1995)
svane Minke, f.eks. om hevelse (hovna) som går tilbake. "Hovna held vesst på å svane ned no." (1990)
svang Svolten, hungrig. (1990)
svange 1) Hudfalda mellom låret og vomma på eit dyr., 2) Partiet mellom låret og buken på eit menneske. (1999)
svarveising Runde, omgang med tau under surring eller belegging. "Slå en ekstra svarveising rundt pollerten." Blir òg brukt overført om å gjøre ein ekstra sving, runde eller runddans. "Han fekk seg en ekstra svarveising på glarhålka." (1988)
sveia Mjuk riskvist, pisk, brukt f.eks. når ein skulle jage på kyrne (1990)
svenske I uttrykket "å gjøre svenske av seg". 1) Lure seg unna, forsvinne, stikke av frå plikter., 2) Skyte for høgt (med skytevåpen) (1990)
svesjen Rask i arbeid og framferd, "snar i snuan". (1987)
svinrygg Oppbygning (forhøgning) av rekka på ei fiskeskøyte, frå stamnen og 2 - 3 meter bakover på begge sidene. (1984/85)
syle 1) Hespe opp juksasnøret på ei tresule (sjå sule opp)., 2) Kaste med stor kraft. "Han sylte stein etter reven.", 3) Springe fort. "Syl av gårde og jag geit'n utav åkker'n" (1996)
synge opp Stanse brått opp fordi tamp eller kjetting strammar til; f.eks når ein båt som driv med ankeret ute, stansar opp og legg seg etter vinden fordi ankeret grip tak. (1988)
synnavindstipa Lokalt namn på fugl som pip og varslar sørlig vind (trulig kjøttmeis, Parus major). (1992)
tæmme Drikke til overmål, tylle i seg brennevin. (1992)
tæpe Stille seg på tå, trø lett på foten eller så vidt nå ned i bakken med foten: "Han for så fast at det va så vidt han tæpa neri bakken." "Eg tåle knapt å tæpe på den foten eg vrekka." (1991, 1994)
tæppe Tette, dytte igjen ei opning, f.eks. spunsholet i ei tønne. Kjem trulig av tapp. (1991)
tæring 1) Tuberkulose., 2) Forbruk. "Man må sette tæringa etter næringa" (ordtak) (1996)
tæsa Eitt av mange namn på det kvinnelige kjønnsorganet, men overført brukt om jolle eller flat, ustabil båt. "Det e no berre ei tæsa tel båt." (1990)
tåge Å tåge høy: Drage høy fram frå høystålet. (1999)
takkel Talje og anna tauverk om bord på skip, f. eks. talje til å heise dorry eller lettbåt om bord med. (1987)
tanle Gnage, tygge på mat som er seig eller hard. (1987, 1994)
ta på rømta Rømme, stikke av. "Han tok på rømta då vi kom." (1997)
targe Slite sund, rive i filler."Garnan e så opptarga at det e ikkje botvon i dem." (1988)
tåta Snipp, liten spiss pose av tøy el.l. Levertåta : Ein spiss tøypose fylt med kokt lever som småungane fekk å suge på. Lintåta : Ein snipp av notlin, såpass stor at ein fekk tak rundt med vottane under lining (draging). Sjå fisketåta . (1999)
teknebok Lommebok for større sedlar. Opphavlig brukt om ei lita bok der ein skreiv opp løpande inntekter og utgifter. (1999)
tempetikk Pendelen på eit vegg- eller golv-ur. (Jf. italiensk tempus: tid) (1987)
tenål Hard, tjærefylt ved i furu. Knip om sagbladet. (1988)
tenne 1) Drage ein båt med framenden sånn passelig opp i fjæra. (tejnne båten) (1994), 2) Ro hardt, ta eit krafttak med årene. Utt. med tungspiss-n: "tenne. Skaland (1996)
teple Liten fjelltopp. (1992)
tettingbette Bit av ei brødskive som er skoren rein for skorpe og delt opp i småbitar, tiltenkt småungar eller gamle, tannlause folk. (1994)
tiggarøks Unge som masar og tigg om eitt eller anna. (1990)
tine 1) Plukke, oftast brukt i uttrykket tine av, dvs. å løyse fisk av garnet. "Vi dreg sildgarnet rundt; så kan vi tine av når vi kjem på land." (1988, 1996), 2) Under tresking med treskemaskin. Kjøre visten (sjå viste) to gonger gjennom treskemaskinen slik at aksa blei knust og snarpa slått av kornagnene. (1992)
tinta Ei lita og svært enkel parafinlampe. Ho kunne f.eks.vere laga av ein mjølkeboks. (1999)
titling Liten fisk som er tørka rund. Under bergenshandelen vat titling eit vanlig kommersielt uttrykk for mindre torsk som var tørr. (1988)
tjyv Feilmaske i fiskegarn; kunne oppstå under bøting eller binding. Ein tjyv hadde tre eller fem bjelker mens andre masker hadde fire. (1986)
tjyvbelling Uærlig person, ein som stel. (1996)
tokn Gjelle hos fisk. (1990)
tøla Utstyr, saker, verkty. "Pakk tølan dine og kom deg ut av huset!" Av gammalnorsk tól som bl.a. betyr reiskap, verkty. (1996)
tomelomsk Svimmel og ør i hovudet. (1996)
tomme Presse med tommelen, fingerknuvane eller med heile knyttneven for å få skinnet til å sleppe under flåing av dyr. Tomme skinnet av sauen. (1998)
tor Svak varme i omnen, så vidt du hører det brenn. "Legg et lite tor i åmen." (1987, 1996)
tormeisa Plage, hindring, vanske (Nord-Senja). (1998)
tormeising Lusing, slag (Nord-Senja). (1998)
tørning Omgang, runde. "Ho fekk seg en tørning med influensa." (1995)
tørnring Jernring som er festa i berg ved sjøen og brukt til å fortøye båtar i. (1999)
tørrhøygong Rask gange, gange i stort hastverk. Gå tørrhøygong : ha hastverk. (1990)
torvhald Planke eller firskoren stokk som er festa nedst på raftene på eit torvtekt hus for å hindre torva i å sige utfor. (1987)
totle 1) Tørrmjølke, tøye og drage i kuspenene før du begynner å mjølke., 2) Drage smått og forsiktig, f.eks. når du dreg tung fisk. (1988)
tøtta Jente eller vaksent kvinnfolk, gjerne ei som er litt kraftig og utmerker seg i arbeid."Det va ei hiva tøtta." (1996)
tottsprunge Om tau der ein tott (kordel) er sprungen slik at styrken er svekka. (1996)
tøv Lukt, stank, har samanheng med tev. "Kom deg unna med skjett-tøven din!" (1998)
tøvfjøl Trefjøl med riller, brukt til å tøve (tove) ullplagg som vottar og lestar på. (1986)
trehendt Lite flink med kniven; det motsette av å vere hag. (1996)
trensle Flytte, drage eller bere noe som eigentlig er for stort og tungt å vinne med for eitt menneske. Ordet "tresse" er òg brukt om det same. (1998)
trøa Fiskestong. "Kor du har gjort av bambustrøa mi?" (1999)
trø i vengen Gå på friarføter, gjøre seg lekker for ei jente ein likar (hanen trør i vengen når han skal spanske seg for hønene). (1996)
tronovéa Ei tvinge eller brekkstong for å rette vridde stokkar under lafting av hus. (1988)
trøs Flis, spon og restar av never og bork rundt hoggstabben etter vedkløyving eller blakking. (1988, 1996)
tungalda Tungsjø, dønning i stille ver; ofte før og etter uver. (1999)
tus Nattpotte. (1994)
tuske 1) Fare stilt fram, drive med skjult kjæresteri."Dem driv vesst å tuske så smått i lag.", 2) Drive tuskhandel, bytehandel., 3) Slå knuvane på knyttneven mot knuvane til ein annan til den eine må gi seg (guteleik) (1992).
tvertførraktig Uvillig til å hjelpe, vrang og vrien. (1996)
tvidrott Skydrift som viser to vindretningar samtidig, f.eks. når eit øvre skylag driv sør mens eit nedre driv nord. "Når vi va oppe om mårran og såg i dråttn, så kujnne han far sei: Han bi ikkje nokken god dag, han e tvidrått." (1988)
tvisjy Tilstand akkurat i vindskiftet når bårene kjem ifrå to kantar. (1988)
tvoga Vaskefille, vasketue. (1992)
tykjepelk Umulig person, oftast brukt om menn. Person som finn på galskap av vond vilje. Brukt som skjellsord. (1996)
tyskert Stort kjegleforma fløyt av tre til fiskebruk (garn og line) (1998)
ubør Ufruktbar, gjerne brukt om jord som ber dårlig, dvs. gir dårlig avling. (1992)
ubyden Uskikkelig, vemmelig (om folk). (1999)
ufrøsje Stor og skræmelig skapning, udyr, skrømt, ufisk el.l. (1987)
ufyllfat Storetar; person som aldri får nok mat. (1992)
ukjo Pakk, noko eller nokon som berre er til skade og plage (folk, dyr, insekt). (1995, 1996)
ukjure Det same som ukjo: pakk, uting. (1999)
umakredd Lat, uvillig å umake seg, f.eks. å utføre eit arbeid som krev litt røyning. (1996)
unnlag Uttrykk brukt under korntresking. Eit unnlag var hundre kornband som blei lagt fram og treska før stans og omplassering av mannskapet. (1992)
unnlenda Utflatande terreng langs foten av fjell. "Vi gjekk rundt på unnlejnna i staen førr å gå over fjejlle." (1996)
usje Gje frå seg lyd som uttrykker at ein er i dårlig form, har det travelt etc. (1996)
útange Vrien og vrang person, gut eller mann som er ulydig eller har dårlig framferd. (1988, 1995)
uverge Ulovlig våpen i slåsskamp; kniv, stein el.l. (1999)
vadd Veddemål. Å slå vadd. (R.I. 1992)
vadfis Eit innbilt napp når du fiskar med juksa. (vad: snøre) (1988)
vadkjéke 1) Skjere opning på undersida av ein fiskeskolt, bakom kjeften, f.eks. for å komme til og få ongelen laus. Dette er grunntydinga. Også brukt om å skjere fisken opp i kverken., 2) Sette åtte fingrar bak nakken og tomlane i munnen på eit menneske og dra munnvikene ut maksimalt., 3) Sette knyttnevane hardt mot begge kinna på eit menneske og vri rundt. (1988)
vadkromma Opphovning og smerte i hendene p.g.a. overbelastning (seneskjedebetennelse). Vadkromma fekk ein av å ligge lenge med juksa (vad: snøre). (1988)
vafle Slå med flathanda. "Eg vafla tel han under øyret så det small." (1996)
våg 1) Vektstong eller brekkstong, gjerne brukt til å bryte opp stein i åker (f)., 2) Verk, materie i eit betent sår (f.), 3) Djup og lun vik eller bukt, ofte brukt til hamn for båtar (m.)., 4) Vågestykke (n.) Jf. uttrykket på våg og vone. , 5) Gammel vekt-eining. 1 våg: 18 kg. (1997)
vågmat Stein eller trekubbe som ein legg under våga (vektstonga) for å få rett vinkel og full kraft når tunge ting skal løftast, f.eks. stor stein i eit nybrot. (1988)
vågmor Sentrum i ein svull, staden der puss og materie er samla. (1988)
valke Kna, bearbeide med hendene. (1996)
valondere Sprade, gå og vise seg fram. (1999)
våmen 1) Om mat: Smaklaus på grunn av lite salt. Også om lett usmak på grunn av surning eller lang lagring, 2) Om folk: Dau, vissen i kroppen, kraftlaus. (1988)
vand Vanskelig, f.eks. kresen på mat, (mat-vand). Oftast brukt om personar, men òg i andre samanhengar: "Der e så vér-vajnt utmed lajnet, man kjem ikkje åt med båt." (1987)
vanjelja Preik eller andaktsstykke til opplesing. Ordet er det same som evangelium. (1987)
vank Skeiv i kroppen, ufør. "Han blei vank i hofta etter den biluløkka." (1996)
vanske Forsmå. (1992)
vanspark Stygg eller uskaplig ting, reiskap eller dyr, det same som misfoster. (1996)
vantreft Negativt ord, opphavlig om eit menneske som skaper mistrivsel rundt seg, men også brukt om dyr og om ting som er ubrukeleige og til liten nytte. "Det va et vantreft tel båt." "Ho har et vantreft tel kajll." Ordet kjem av å vantrivast. (1991)
vargøyre Person full av leven og godt humør, ein som har overskot av energi. (1996)
vårkrak Husdyr som er så utmagra om våren at dei ikkje greier å stå på føtene. Også brukt om folk: "Han e no berre et vårkrak." (om ein som er svak) (1996)
varle Mjuk, langsam vinkebevegelse i vatn. Ein fisk som står i straumen, "varle" med sporden. (1990)
varmebonn Når det peip i omnen slik det kan gjøre når veden er rå, sa ho bestemor: "Det e varmebonnan som skrik." Jf. eldbarn. (1996)
varp 1) Dregg eller lite anker med tau i (varpanker), brukt på djupt vatn for å halde ein båt på plass – eller når ein skulle flytte eit større farty i stilla., 2) Heldig fangst, storkast. Ordet kjem av det gammalnorske ordet verpa som bety "kaste". (1987)
vassgløypa Glassmanet, jf. blådomna. "Det e så mykje vassgløypa i havet." (1999)
våtte La seg merke med, la gå inn på seg. "Grisen fekk slegga i hauet, men det våtta han ikkje" "Det våtta meg ikkje å gå matlaus i tre- fire daga." (1988, 1991)
vedstø Ordtak eller herming som blir hugsa etter ein person som forlengst er borte. Opphavlig var vedstø eit einstaka tre som ein sette att i hogstfeltet for å reise veden på. Når vinterveden var kjørt heim, stod dette treet åleine att. (1986)
vedstole Legge eit skikkelig underlag. Eigentlig: å fore med ris på jordgolvet i ein høyskjå for at høyet ikkje skulle trekke fukt til seg, eller legge eit underlag med ris under torvseténe. Overført brukt om å legge underlag generelt, f.eks. å ete litt før eit måltid – eller før eit arbeid. (1985)
veggsmed Eit insekt, ein svart bille med blankt skjold som lever i tørt treverk og lagar tikkelydar når han gneg gangar i veden. (1986)
vegn Fellesnamn på reiskapar til fangst og fiske. Av gammalnorsk veidn: fangst. "Ka slags vægn drefta dokker med?" (1997)
veie Tverrstokken mellom meiene fremst på ein slede. (1982/83).
velk Stor, fyldig. "Det va en velk(e) fesk." (1999)
vell Stjert, halefjør på fugl. (1999)
vellen Spiserøyret på eit slaktedyr, brukt til pølsetarm. "Ta vare på vellene!" (1987)
vend Brukt om tøy som fell godt om kroppen, f.eks. i ein kjole. "Det e god vejnn i tøyet." (1999)
vere i andlåta Ha pustevanskar; hive etter pusten i søvne. (1986)
verr Forvirra, fortumla. Jf. "å virre" (verre): fare omkring utan styring. (1987)
versel Vasskjelde som ikkje frys til om vinteren. Av gammalnorsk vermsl : varm kjelde. Somme stader er uttalen væssel. (1986, 1996)
ver-vand Var for – eller lett påverkelig av ver og vind. Sjå vand. (1998)
vette Heise, vinde opp (vette sægel). (1992)
vevel Trekjepp, høvelig til å halde i neven og gjerne brukt som verge eller slagvåpen. (1987)
vevle Vase ihop, rote til det ein held på med. Overført brukt om å prate tøv. "Ka du sett og vævle om." (1986)
vind Vridd, skeiv. Jf. vindøygd : skjeløygd. "dettan tøyet e så vijnt at det e vanskelig å kleppe tel." (1988)
vindlys Nordlys. (1987)
vindsjen Vindhard, forblåst (om stad). (1999)
vindsjes Tørke i vind. "Høyet heng og vijnsjes i hæsa." (1999)
vindusvatn Vatn i vunduskarmen, fukt etter smelta rim og is på innsida av ruta. "Ta tua og tørk opp vindusvatnet." (1999)
vinstra eller venstra Del av tarmkanalen til ein drøvtyggar; ein av dei fire "magane", offisielt løypen eller løypemagen. (1986, 1987)
visk Lita mengd av laust stoff, jf. ein høyvesk (høydott) (1999)
viske 1) Tåge laus tørrhøy og fore dyra. Veske tel sauan. (1987), 2) Vifte. "Ka du fer å veske med no?" (1999), 3) Viske ut blyantstrek med viskelér. (1999)
visperis Bjørkeris der bork og never er fjerna. Eit passelig knippe reine kvister blei så bunta i hop og brukt til visp. (1984/85)
viste Treska korn med agner og snarp, ferdig til drøfting. (Drøfte: skilje korn frå snarp) (1992, 1998)
vomfrausk Storetar, jf. ufyllfat. (1995)
vondel Samantulla høyball, gjerne nok til eitt mål til eit dyr. (1994)
vondle Vikle saman tørt høy til ein vondel. (1999)
vørk Påpasselig og omsorgsfull, ofte brukt om dyr eller menneske som har særskilt omsorg for avkommet sitt. "Gammelsauen e så vørk førr lamman sine." (1990)
vorr Tøvprat, laust snakk, tomt prat. (1999)
vorre Tøvprate, "vrøvle". (1999)
ygg Skvetten, urolig, sky, utrygg, på vakt. (1987)
ymte Gje eit hint, antyde, ymte frampå. Ragnvald Iversen (1912) meiner det betyr å ane. (1992)