05 Midttromsmål

Dialektane i Midt- og Sør-Troms har mange dialekttrekk til felles og skil seg frå dei i Nord-Troms blant anna ved å vere e/a-mål og ha nektingsadverbet ikkje, samtidig som det er fleire viktige målmerke som har ulik utbreiing. Det blir dermed vanskeleg å dele opp området i mindre dialektgrupper, og derfor møter ein også ulike oppdelingar i litteraturen. Inndelinga vi har valgt her baserer seg på grensene for pronomenformene (jf. Bull 1996: 172): I det vi her kaller midttromsmål er pronomenformene æ(g), mæ(g) og dæ(g), i det vi kaller senjamål er formene e(g), me(g) og de(g), mens det i sørlege delar av fylket igjen er æ(g), mæ(g) og dæ(g). I den oversikten du finn på desse nettsidene er sørtromsmål presentert saman med nordleg nordlandsk, sidan dialektane på kvar side av fylkesgrensa er særs like.

Midttromsmål omfattar dialektar frå Tromsø kommune og sørover til og med Malangen og nordre delar av Senja. Dei skil seg frå senjamålet i sør når det gjeld pronomenformer og for mesteparten av området endinga i presens i kasta-klassen. I tradisjonell bygdedialekt høyrer ein også former som her/dærdå og vokalen o for u føre palatalar (som ollj vs. ullj) (Bull 1996: 171f).

Kjelde

Bull, Tove. 1996. "Målet i Troms og Finnmark" i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar. Oslo: Novus.

Denne dialektgruppa omfatter følgende dialekter: