Dialektord fra Senja

Denne ordlisten er fra kommune i fylke

Dialektord fra Senja

Med henvisninger til:

Samla av: Helge Stangnes

Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.

Gå tilbake til oversikten

a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z å æ ø

Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.

gå åt Krepere. "Sauen hadd e ramla neri ei bergeklipa og gådd åt." Jf. åtgådd. (1999)
gagnevedt Av "gagneved" (m.): nytteved. Om ved som kan nyttas til emne. "Fann du nokka gagnevedt i greinskjolet?" (1986)
gaiert Stag eller tamp frå toppen av ein lossebom, brukt til å styre og svinge bommen til sidene. (1990)
gajdd Små, tørka eller forvridde tre (tørrgadd, forragadd), også brukt generelt om småvaksen skog – og om småfisk. (1996)
galkasadd Slengnamn på ein som finn på gale ting, ugagnskråke, korttenkt og uvøren gut eller mann. Litt humoristisk valør. (1995)
gamlingen Noanamn på bjørnen. Bjørnen skulle ikkje nemnast med sitt rette namn; derfor fann folk slike "dekknamn" på han. (1999)
gangsperra Smerte og stivheit i (legg)musklane etter hard og uvant røyning. (1997)
gangvad Kveitvad, nokså grov line til kveitfiske. Ordet går sannsynligvis på dette at kveita kunne gå med bruket. Ein løyste onglane av etter kvart som ein drog, og når storkveita sette ned, var det berre å gje etter med grei part. (1986)
Metaordbok: gangvad
gare 1) Garantere, love, forlate seg på. "Eg skal gare førr at han har stole båt`n." , 2) Grense, stripe, rand. "Han kom rejnnanes med auan i hårgar'n." (1990)
gås(e)boge Lokalt nordnorsk namn på storspove (Numentius arquata). (1987)
gaste "Rase", leikeslåst, leike høglydt. "Har du mot (lyst) å gaste?" sa bestefar min. I dag ville det vel heitt: "Har du lyst til å rase/herje?" (1990, 1995)
gaufn Mengdemål, så mykje som rømmest i begge hendene når du held dei saman som ei skål. Ofte brukt som mål for mjøl og korn. (1987)
gaume Gape, lytte på ein fåmen måte. Av gno. gaumr: oppmerksamheit. (1986)
Metaordbok: gauma
gaura Bukse, ofte brukt om underbukse eller bukse med tronge lår. "No må du få geur'n på deg og komme deg ut i arbeid!" (1990, 1996)
Metaordbok: gaure
gaursig eller gaursik Gut som ikkje kjem seg i kleda om morran, men fer og vase i underbuksa. Ordet blei òg brukt om folk som var side i buksebaken. (1987)
geit Kvinnebryst, jf. å få geit : få bryst. Sjå neste ord. (1988)
geita Blåved i stokk eller saga material av bartre, også kalla geitved. "Mat'rial'n har lie ute i regnet så det gådd geita i han." (1999)
geithunger Om spedbarn/pattebarn: Tørste etter morsmjølk. "Han Thomas, han har sånn geithunger." (1988)
gerr Fart, mot (av gammalnorsk gir : lyst). "Eg måtte sette gerr'n i han" : sette fart i han, gje han nytt mot. (1994)
gilder 1) Ustødig innretning, "jeggel"., 2) Fallmekanisme av tre pinnar til kasse- eller lemfeller. (1991)
gildre Sette opp ei innretning som lett ramlar over ende. (1991)
gjeddig Tålmodig, iherdig og uthaldande; ikkje gje seg, men ta tida til hjelp for å få eit arbeidsstykke ferdig. (1999)
gjél eller gjell Opphald mellom to elingar. Sjå "elegjel". (1983, 1986)
gjelle Lyse opp ei kort stund i snøkóv. "Då gjella han i han så vi såg Kjerringberget." 1999
gjetlebanhuva Del av tarmkanalen hos drøvtyggarar, det same som nettmagen, ofte brukt til pølsetarm. "Blodpølsa av gjetlebanhuva skal gjetaren (gjetlebanet) ha." (1987)
glarhålka Glatt is (av gammalnorsk glar/gler : glas/spegel og hålt/glatt, altså "glashålt". (1986)
glaup Stor-etar (av å gløype : sluke) (1995)
glavere Spøke eller snakke agelaust om alvorlige ting. (1996)
glohersk Plagsam, infernalsk. "Kleggen va så glohærsk at eg måtte rømme inn." (1999)
Metaordbok: glohersk
glohoppa Klapp(a)kake; kake som blei laga av brøddeig og steikt oppå komfyren. (1996)
gløss Flir med synlige tenner. Å flekke gløss: hånle. (1992)
gnalder Hard og langvarig frost. "No har det vorre fråst og gnajller i fjorten daga snart." (1999)
gnette Smelle. Små smell, f. eks. i veggene på eit trehus. "Det gnætt i veggan, no bli det kaldvér." (1988)
godmatsleik Person som er ekstra glad i kaker og andre søtsaker. (1999)
golke Gulpe, få oppstøyt. "Eg golka lever heile kvejl`n." (1988)
golla Bris, havgolla (havgula). (1999)
gongkaka Det motsette av ei ugjæra kake. Liten deigklump som du tar av deigen under gjæring og steiker på omnsplata. (1999)
gongskiva Tynn skive av usalta flesk til å legge mellom skinkene for å hindre gnag når ein skulle gå langt. Var visstnok mest brukt av kvinnfolk. (1997)
gorm Seigtflytande masse, t.d. avsig av sild, lodde eller anna fisk. "Når vi hadde sild i rommet, taut det sildegorm igjønna skottet og inn i lugaren." (1991)
gov Tett fokk, f.eks. snøkov, røyk, damp eller mjølfokk. (1984/85)
Metaordbok: gov
græle Blåse lett, såvidt at sjøen blir grå." Det græle grått i fjor'n." (Arvid Hanssen). Blir også brukt om lett snøfall; sjå kóvgræla .(1999)
græna 1) Eit oter-hi., 2) Ei gammal not. (1987)
gråkakk Gråfarge på grunn av inngrodd skit på kroppen. (1994)
grakse Lever-grums, avfall etter tranbrenning. Også brukt om den feite væska som fiskelever skil ut når ho står lenge og går i oppløysing. Levergrakse blei brukt til å smøre vognhjul el.l. (1983, 1986)
Metaordbok: grakse
gråspong Lett vindgråe, såvidt at det vises på sjøen. (1990)
grassere Herje, rase, leike voldsomt. "No må dokker unga slutte å rijære og grassere!" sa han bestefar. (1995)
grattelag Her: tabbe, dumstykke, uhell p.g.a lite omtanke eller planlegging. "Pass deg no så du ikkje gjær et grattelag.", Ordet har fleire forklaringar i dialektane i Sør-Troms. Grovfjorden: Grattlag : selskap, selskapelig samankomst. Grytøya: Gratlag : stor stabel. (1988)
greitle "Greiet" eller etterbyrden etter ein fødsel. (1986)
grime 1) Sy lapp på ein røysert (lérstøvel). "Søv han Salomon og han Ol-Krestian? Her ser du kar som kan grime stævvel!" (Herming)., 2) Sjølve lappen som blir sydd på støvelen., 3) Sett av reimer til å legge rundt hovudet på f.eks. ein hest for å leie dyret etter., 4) Stripe, rand, f.eks. av sveitte i eit ansikt. (1999)
grindstaur Jernstaur, spett med ein spesiell fasong, brukt til å stappe hol i marka når "grindan" skulle settas opp. "Grindan" var innhegningar av ferdige "element", som husdyra kunne gå i om natta sommarstid. Dei blei flytta etter kvart som dyra hadde beita snautt. (1987)
griskneppe Band som ein batt rundt trynet på grisen. (1988)
grønål Stripe av luftboblar i sjøen, f. eks. etter ein motordriven båt i fart, eller etter ein tung stein som søkk. (1996)
Metaordbok: grønål
gronke Mistenke. (1987)
grøttla Steinla, f.eks. oppbygning av stein under bjelkane eller sylla på eit hus. Av gammalnorsk grjot : stein. (1991)
grøvelmål Ulyd, grovt og stygt tilgjort mål for å skremme folk. (1999)
grunnmål Den lengda du dreg juksa opp ifrå botn før du begynner å fiske. I "gammeljuksa" si tid var det 3 - 4 famner. (1987)
grunnmo(a) Understraum som dreg ut frå land samtidig som ei båre bryt mot land. Sjøfugl, oter og kobbe nyttar seg av denne for ikkje å bli slått mot land. (1995)
grunnslog Den parten av ei fiskeline eller ein vad som forsyna (forsenna) er festa til. (1998)
grunnved Korallvokster på steinbotn i sjøen. Kan likne på små tre. Ordet blir òg brukt om tareskog på botnen. (1996)
gudnåmegting Person som det er lite tiltak i. (1986)