Dialektord fra Senja

Denne ordlisten er fra kommune i fylke

Dialektord fra Senja

Med henvisninger til:

Samla av: Helge Stangnes

Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.

Gå tilbake til oversikten

a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z å æ ø

Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.

pallfare Undersøke grundig, leite, helst i terrenget, men brukt overført om kroppsundersøking: "Dæm skal no pajllfare meg både ijnnvendig og utvejndig på sjukhuset." (1987, 1996)
Metaordbok: pallfara
påsittar Ein juksabåt (småbåt) som under eit sesongfiske fekk henge atti siste doryen til ei linskøyte eller storskøyte med juksa mot å betale ein viss sum eller ei viss mengd fisk (tiande kvar fisk) til båtlaget for olje m.m. Det var særlig i år då fisken sto langt ute i Egga at denne ordninga blei brukt. (1982/83)
passe løye Vente på eit høve eller opphald mellom bårene for å ta land eller komme seg av land med open båt. Løyet kom gjerne etter tre eller ni bårer. Det motsette er uløye: Få eit uløye: få eit brott inn over båten. (1986)
Metaordbok: løgje
peive Veifte med armane eller med ein kjepp. (1986, 1996)
Metaordbok: peiva
pel Rommål, 1/4 liter, ofte brukt som brennvinsmål. (1995)
pellar 1) Pille, tablett., 2) Støtte under hus., 3) Ironisk replikk med personlig adresse. (1996)
pellejytt Lettvint. Også kvikk, "snar i snuan". "Han såg rekti så pellejytt ut." (1990)
pellementmakar Person som er flink til å reparere innvikla ting, f.eks. radioar, klokker og motorar. (1996)
perkjel eller perkel Namn på fanden: han perkjel. Også han perkola. Trulig av finsk perkele : satan. Sjettperkel er ein annan variant som tilsvarar Skjetterik : fanden. (1994, 1996)
pikke 1) Hogge småved, dvs, tynne greiner, ris el.l. med øks. Pekke småved., 2) Kakke lett, pikke på døra., 3) Hakke. "Høna pekke kårn." (1996)
pina 1) Dørken i ein skøytlugar., 2) Trongaste staden ved kjølbordet i ein båt., 3) Smerte, jfr. tannpina., 4) Mistanke. Å bære pina på : ha mistanke til., 5) Aasen: "Rommet omkring Ildstedet i en Fiskerhytte." (1986)
Metaordbok: pine
pingaura Bukse som er trong og lita i forhold til personen som skal bruke ho. (1990)
pisa Namnet på den minste oljelampa i huset. (1999)
pissbedånels Eit fåment menneske, helst ein litt dum person som ikkje har tiltak, men står handfallen der andre ser kva som må gjørast. "Ta i! Stå ikkje som et pessbedånels!" (1986)
Metaordbok: pissbedånelse
pissbraka Plagg til å legge i vogga for at resten av underlaget ikkje skulle bli utbløytt. (1988)
pisshest Fottøy, f.eks. avskorne støvlar, nedtrødde sko, tresko, gummikalosjar etc. til å smette på seg når ein skulle ut om døra som snarast. (1999)
pistrat Brukt om ein som tåler lite, ein som syter og klagar for alt. (1996)
pjåndehol Stad der det er vanskelig og plagsamt å komme til for å få utført eit arbeid. (1986, 1995)
pjåtål Spiss pinne til ulik bruk, f.eks. til å komme til i krikar og krokar under rundvask. Også brukt om pinne til å stappe i pølsetarmar med, eller generelt om tapp eller pinne. Frå gammalnorsk pjåt = liten pinne. (1999)
pjaure 1) Småskjenne, irettesette., 2) Arbeide med eitkvart som går seint og gir lite resultat. (1987, 1995)
pjetle Det same som "pjaure". Ofte er dei to orda brukt i lag: "Han gjekk no der og pjætla og pjøura på ongan." (1995, 1996)
Metaordbok: pjetla
pjolske Snakke utydelig, prøve å gjøre seg forståelig på eit språk ein ikkje kan skikkelig. Også brukt om prat som ein ikkje forstår. "Dæm dreiv no og pjolska seg imella på kvænsk. Eg førsto ikkje stort av det." (1996)
plikt eller plikte Tilje, dvs. botnfjøl, platt over kjølen i ein mindre båt. "Båten lak så plektan låg og flaut." (1999)
plitt Lite rom fremst i piken på ein båt. (1988)
poen Oppfylt i magen, stinn. "Eg blei så poen etter møljemijddagen." (1996)
Metaordbok: poen
pokers makt Med pok(k)ers makt: apsolutt, utan vilkår. (1996)
pokka Feittsamling i buken på grisen. Av pokka sydde ein pokkerull. (1988)
pollert Fortøyningspåle på kai eller båt. (1990)
poppedekk Liten motorbåt (sjark) med einsylindra motor. Ordet er trulig laga etter motorlyden. (1988)
poppel Skvalpesjø, båregang utan særlig vind, poppelsjy. "Han va nokke poppelsjy då vi gjekk over fjor'n." (1988)
porle Lett og tørt snyfall, jf. morle. "Han har porla og snya i heile førrmiddag." (1997)
porvall Gutunge, "småglunt". "Send en porvajll inn etter skjeftnøkkel'n." (1995)
potetagn Eit urlite medskøyt til poteten, den uslaste middagsmaten ein kan ete. Under fattige kår kunne det vere så lite som litt grovsalt eller eit lite stykke salt sild. (1996)
prennek Tørre småkaker, i visse bygder brukt om ein spesiell sort tørr kjeks. Ordet er komme frå russisk via russenorsk (prennik: kaker) og fins òg i finsk. "Kæm som har vorre og snoka i prennekboks'n min?" (1996)
pretta Ugagn, ofte av uskyldig eller humoristisk art – og særlig brukt om det ungane gjorde. (1996)
prettestykke Det same som pretta: pek, skøyarstrek. (1988)
prylert Litt negativt slengnamn på ein gutunge. (1996)
punndrott Underdrag. Låge skyer som driv ein annan veg enn dei øvste skylaga. Sjå anddrott. (1995)
pusseronk Klesplagg, busserull. (1995)