Dialektord fra Senja

Denne ordlisten er fra kommune i fylke

Dialektord fra Senja

Med henvisninger til:

Samla av: Helge Stangnes

Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.

Gå tilbake til oversikten

a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z å æ ø

Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.

vadd Veddemål. Å slå vadd. (R.I. 1992)
vadfis Eit innbilt napp når du fiskar med juksa. (vad: snøre) (1988)
vadkjéke 1) Skjere opning på undersida av ein fiskeskolt, bakom kjeften, f.eks. for å komme til og få ongelen laus. Dette er grunntydinga. Også brukt om å skjere fisken opp i kverken., 2) Sette åtte fingrar bak nakken og tomlane i munnen på eit menneske og dra munnvikene ut maksimalt., 3) Sette knyttnevane hardt mot begge kinna på eit menneske og vri rundt. (1988)
vadkromma Opphovning og smerte i hendene p.g.a. overbelastning (seneskjedebetennelse). Vadkromma fekk ein av å ligge lenge med juksa (vad: snøre). (1988)
Metaordbok: vadkrumme
vafle Slå med flathanda. "Eg vafla tel han under øyret så det small." (1996)
våg 1) Vektstong eller brekkstong, gjerne brukt til å bryte opp stein i åker (f)., 2) Verk, materie i eit betent sår (f.), 3) Djup og lun vik eller bukt, ofte brukt til hamn for båtar (m.)., 4) Vågestykke (n.) Jf. uttrykket på våg og vone. , 5) Gammel vekt-eining. 1 våg: 18 kg. (1997)
vågmat Stein eller trekubbe som ein legg under våga (vektstonga) for å få rett vinkel og full kraft når tunge ting skal løftast, f.eks. stor stein i eit nybrot. (1988)
vågmor Sentrum i ein svull, staden der puss og materie er samla. (1988)
valke Kna, bearbeide med hendene. (1996)
valondere Sprade, gå og vise seg fram. (1999)
våmen 1) Om mat: Smaklaus på grunn av lite salt. Også om lett usmak på grunn av surning eller lang lagring, 2) Om folk: Dau, vissen i kroppen, kraftlaus. (1988)
vand Vanskelig, f.eks. kresen på mat, (mat-vand). Oftast brukt om personar, men òg i andre samanhengar: "Der e så vér-vajnt utmed lajnet, man kjem ikkje åt med båt." (1987)
Metaordbok: vand
vanjelja Preik eller andaktsstykke til opplesing. Ordet er det same som evangelium. (1987)
vank Skeiv i kroppen, ufør. "Han blei vank i hofta etter den biluløkka." (1996)
vanske Forsmå. (1992)
vanspark Stygg eller uskaplig ting, reiskap eller dyr, det same som misfoster. (1996)
vantreft Negativt ord, opphavlig om eit menneske som skaper mistrivsel rundt seg, men også brukt om dyr og om ting som er ubrukeleige og til liten nytte. "Det va et vantreft tel båt." "Ho har et vantreft tel kajll." Ordet kjem av å vantrivast. (1991)
vargøyre Person full av leven og godt humør, ein som har overskot av energi. (1996)
vårkrak Husdyr som er så utmagra om våren at dei ikkje greier å stå på føtene. Også brukt om folk: "Han e no berre et vårkrak." (om ein som er svak) (1996)
varle Mjuk, langsam vinkebevegelse i vatn. Ein fisk som står i straumen, "varle" med sporden. (1990)
varmebonn Når det peip i omnen slik det kan gjøre når veden er rå, sa ho bestemor: "Det e varmebonnan som skrik." Jf. eldbarn. (1996)
varp 1) Dregg eller lite anker med tau i (varpanker), brukt på djupt vatn for å halde ein båt på plass – eller når ein skulle flytte eit større farty i stilla., 2) Heldig fangst, storkast. Ordet kjem av det gammalnorske ordet verpa som bety "kaste". (1987)
vassgløypa Glassmanet, jf. blådomna. "Det e så mykje vassgløypa i havet." (1999)
våtte La seg merke med, la gå inn på seg. "Grisen fekk slegga i hauet, men det våtta han ikkje" "Det våtta meg ikkje å gå matlaus i tre- fire daga." (1988, 1991)
vedstø Ordtak eller herming som blir hugsa etter ein person som forlengst er borte. Opphavlig var vedstø eit einstaka tre som ein sette att i hogstfeltet for å reise veden på. Når vinterveden var kjørt heim, stod dette treet åleine att. (1986)
vedstole Legge eit skikkelig underlag. Eigentlig: å fore med ris på jordgolvet i ein høyskjå for at høyet ikkje skulle trekke fukt til seg, eller legge eit underlag med ris under torvseténe. Overført brukt om å legge underlag generelt, f.eks. å ete litt før eit måltid – eller før eit arbeid. (1985)
veggsmed Eit insekt, ein svart bille med blankt skjold som lever i tørt treverk og lagar tikkelydar når han gneg gangar i veden. (1986)
Metaordbok: veggesmed
vegn Fellesnamn på reiskapar til fangst og fiske. Av gammalnorsk veidn: fangst. "Ka slags vægn drefta dokker med?" (1997)
veie Tverrstokken mellom meiene fremst på ein slede. (1982/83).
velk Stor, fyldig. "Det va en velk(e) fesk." (1999)
vell Stjert, halefjør på fugl. (1999)
vellen Spiserøyret på eit slaktedyr, brukt til pølsetarm. "Ta vare på vellene!" (1987)
vend Brukt om tøy som fell godt om kroppen, f.eks. i ein kjole. "Det e god vejnn i tøyet." (1999)
vere i andlåta Ha pustevanskar; hive etter pusten i søvne. (1986)
verr Forvirra, fortumla. Jf. "å virre" (verre): fare omkring utan styring. (1987)
versel Vasskjelde som ikkje frys til om vinteren. Av gammalnorsk vermsl : varm kjelde. Somme stader er uttalen væssel. (1986, 1996)
Metaordbok: vermsel
ver-vand Var for – eller lett påverkelig av ver og vind. Sjå vand. (1998)
vette Heise, vinde opp (vette sægel). (1992)
vevel Trekjepp, høvelig til å halde i neven og gjerne brukt som verge eller slagvåpen. (1987)
vevle Vase ihop, rote til det ein held på med. Overført brukt om å prate tøv. "Ka du sett og vævle om." (1986)
Metaordbok: vevla
vind Vridd, skeiv. Jf. vindøygd : skjeløygd. "dettan tøyet e så vijnt at det e vanskelig å kleppe tel." (1988)
vindlys Nordlys. (1987)
vindsjen Vindhard, forblåst (om stad). (1999)
vindsjes Tørke i vind. "Høyet heng og vijnsjes i hæsa." (1999)
vindusvatn Vatn i vunduskarmen, fukt etter smelta rim og is på innsida av ruta. "Ta tua og tørk opp vindusvatnet." (1999)
vinstra eller venstra Del av tarmkanalen til ein drøvtyggar; ein av dei fire "magane", offisielt løypen eller løypemagen. (1986, 1987)
visk Lita mengd av laust stoff, jf. ein høyvesk (høydott) (1999)
viske 1) Tåge laus tørrhøy og fore dyra. Veske tel sauan. (1987), 2) Vifte. "Ka du fer å veske med no?" (1999), 3) Viske ut blyantstrek med viskelér. (1999)
visperis Bjørkeris der bork og never er fjerna. Eit passelig knippe reine kvister blei så bunta i hop og brukt til visp. (1984/85)
viste Treska korn med agner og snarp, ferdig til drøfting. (Drøfte: skilje korn frå snarp) (1992, 1998)
vomfrausk Storetar, jf. ufyllfat. (1995)
vondel Samantulla høyball, gjerne nok til eitt mål til eit dyr. (1994)
vondle Vikle saman tørt høy til ein vondel. (1999)
Metaordbok: vondla
vørk Påpasselig og omsorgsfull, ofte brukt om dyr eller menneske som har særskilt omsorg for avkommet sitt. "Gammelsauen e så vørk førr lamman sine." (1990)
vorr Tøvprat, laust snakk, tomt prat. (1999)
vorre Tøvprate, "vrøvle". (1999)
Metaordbok: vorra