Dialektord fra Senja
Denne ordlisten er fra kommune i fylkeDialektord fra Senja
Med henvisninger til:
- Dialektordliste fra Senja
- Metaordboka ved Enhet for digital dokumentasjon, Universitetet i Oslo
- Elling Ellingsen (2007): Ordsamling fra Lavangen
Samla av: Helge Stangnes
Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.
a | b | c | d | e | f | g | h | i | j | k | l | m | n | o | p | q | r | s | t | u | v | w | x | y | z | å | æ | ø |
Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.
abelére | Argumentere imot, drage i tvil. "Dæ e'kje tel å abbelere på" : Det er udiskutabelt; ikkje til å tvile på. Kanskje ei omlaging av appellere. Abbedere er brukt andre stader i Troms. (1998) | |
aftes | I går kveld, kortform av "går aftes". "Ho kom i aftes" : Ho kom i går kveld. Stundom brukt i tydinga "i kveld". Eigeform av "aftan", brukt som tidsadverb (adverbiell genitiv). (1994) | |
agalaus | Vill, ustyrlig, ofte brukt om ungar som er styrlause og bråkete. (1996) | |
Metaordbok: agelaus | ||
agg | 1) Uro i sinnet., 2) Vond kjensle overfor eit anna menneske (ha agg til nokon)., 3) Båre, urolig sjø ved land eller kai. "Dæ blei sånt agg attmed kaia at vi måtte gå bortpå og tørne." (1994) | |
agnhald | Mothaken på ein ongel (fiskekrok); også somme stader kalla agnor. "Han tykjen flirte då han fann opp agnhajlle." (ordtak) (1999) | |
aiere | Skape seg, halde leven. "Slutt å aiere tujlling!" Dialektform av "agére". (1996) | |
akkordering | Drøfting, forhandling mellom to eller fleire partar. "Dæ blei ei heil akkodering om feskeprisan." (1996) | |
ala | Heimlaga reiskap, brukt til å pløye renner i potetåkeren før setting (potetala). (1988) | |
all | Trøytt og støl i kroppen etter tungt arbeid eller hard medfart. (1987) | |
Metaordbok: all | ||
alla med seg | Alt i alt, fulltallig. Eigentlig: "alle, seg sjølv medrekna." (1991) | |
allovering | Bråk, rop og skrik. "Dæ va sånn alloering av mås'n at du hørte ikkje dett eie mål. (1996) | |
alo | Skrik og ståk av menneske, fuglar eller dyr. (1986) | |
Metaordbok: alo | ||
alterert | Sjokkert, oppskaka, psykisk utkjørt. Også brukt om ting som er ødelagt. (1996) | |
Metaordbok: alterert | ||
ama | Stor tønne, fustasje. (1995) | |
anddal | Båredal, avstanden frå ein båretopp til den neste. (1988, 1994) | |
andror | Tung roing i motvind eller motstraum. (1984/85) | |
andstøyping | Born frå to ekteskap/sambuarskap som er blitt "søsken" ved at foreldra har gifta seg. Også brukt om barn som har same mor men forskjellige fedre, og om to som er i lag som søsken utan å vere søsken. (1986) | |
andstraum | Motstraum. (1999) | |
annamme | Få, ta til seg, bli eigar av. "Eg har juksa i tre tima uten å annamme liv." "Du skal ikkje annamme ei bærr på min teig!" (1996) | |
ara | Del av selety. Stropp av lér, stundom smal "plate" av jern m/hol, som ein stikk gjennom opning i skåka og låser med ein pinne (ar-stikka). (1984/85) | |
arhol | Hol i skåk (skokkel) på slede eller vogn, laga for å stikke ara gjennom. (1984/85) | |
arl | Samling og skrik av sjøfugl over åte, f.eks. over ein sei- eller sildestim. (1999) | |
arstikke | Godt og vel fingertjukk pinne (splint) som du låser ara med for å feste hest med selety til skjækene. (1984/85) | |
atterbud | Avbud, tilbakekalling. Også brukt om "tilbakemelding". (1992) | |
atthål | Bakglatt, – om ski. "Skien e så atthål at eg kjem meg verken att eller fram." (1997) | |
attkjeppa | Bakevje, straum som ber den motsette vegen av hovudstraumretninga, ofte langs land. (1999) | |
attlete | Angre. "Eg attlete ikkje på den handelen." (1987, 1996) | |
attre | Å attre seg: Å ta atterhald, unnslå seg, dra seg unna. Kan òg bety å rygge, flytte tilbake. (1994) | |
attsett | Baktung. Om båt som er lasta slik at bakenden ligg djupt og framenden peiker tilsvarande opp. (1999) | |
augfare | Ta eit overblikk over. "Han aufór havranda, men såg ingen båt." (1999) | |
ausjun | "Åsyn", andlet. "Han va heilt kvit i ausjuna." Trulig ei omlaging av "augsyn". Også brukt som avstandsmål: Ei ausjun borte. (1996) | |
auster | Sjø som ein må ause ut av båten. (1999) | |
auvert | Vrient, vanskelig. "Dæ va så auvert å komme tel. (1994) | |
avbåkelig | Vanskelig, uhøvelig, helst om arbeid som er vanskelig å komme til, eller som krev ei vanskelig kroppsstilling for å utføre. Formene åbokt og avbokt er òg brukt. Sisteleddet kjem av gammalnorsk bágr : vanskelig. (1998) | |
avbregda | Ulikt, f.eks. ulikt det som var før, eller ulikt det som er rundt. "Namnan e blidd så abregda i det siste." (1999) | |
avel eller avl | Vase, floke, særlig brukt om vase på fiskereiskap. (1983, 1994) | |
avmektig | Sliten, avkrefta. (1996) | |
avrak | Stor og uskapelig ting. Han kom heim med et stort avrak av en mottorsykkel." "Eg drog et stort og magert avrak av en torsk." (1999) | |
Metaordbok: avrak | ||
avreidd | Sjøuttrykk som blir brukt overført om ein som blir utkonkurrert i kvinnfolkvegen av ein rival. "Han hadde drag på ho Petra, men blei vesst avreidd av han Jens." (1991) |