Dialektord fra Senja
Denne ordlisten er fra kommune i fylkeDialektord fra Senja
Med henvisninger til:
- Dialektordliste fra Senja
- Metaordboka ved Enhet for digital dokumentasjon, Universitetet i Oslo
- Elling Ellingsen (2007): Ordsamling fra Lavangen
Samla av: Helge Stangnes
Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.
a | b | c | d | e | f | g | h | i | j | k | l | m | n | o | p | q | r | s | t | u | v | w | x | y | z | å | æ | ø |
Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.
einbørning | Eit lam som er "einboren", dvs. ikkje har søsken. (1988) Enkelbøring er brukt på Kvaløya i same tydinga. (1999) | |
ein(e)låg | Avkok av einer, brukt til reingjøring av kvartel og trekjørl og til vask og skyllemiddel til håret. (1995) | |
einpinning | Motorbåt med berre ei master. (1990) | |
einsleta | Likt i farge. "Haren va så einsletta med marka at eg såg han ikkje." (1999) | |
eitel | 1) Kjertel i kjøt eller flesk., 2) Hard partikkel, t.d. i ein slipestein eller eit bryne., 3) Snarsint og stri person. (1987) | |
ekke | Skuve eller flytte i små etappar. "Han ekka seg nærar og nærar." "Vi får prøve å ekke skapet på plass." (1999) | |
ekker | Tørka arve, brukt som blautfor til dyr, oftast til kalvefor. Varmt vatn blei slått over den tørka arven. Ekker kunne òg brukast til å legge på svullar fordi han heldt så godt på varmen. Blei også brukt til å bake juret på husdyr som hadde jurbetennelse. (Ytre Kvaløya) (1999) | |
eksere | 1) Gjøre militærteneste., 2) Herje, leikeslåst, skape seg. (1996) | |
eldban | Piping i omnen når rå ved brenn. Gamle folk sa gjerne då at det var eldbonnan som gråt fordi dei mangla klede. Då kunne ein kaste noko inn i omnen, f.eks. ein ull-lopp om ein sat og karda eller spann. (Sjå varmebonn) (1986, 1997) | |
elde | Rest som kan yngle og vekse. "Du må aldri tømme pengeboka. Det må være ælde igjen." Også brukt arveeigenskap hos husdyr: "Ho (kua) e ujnna et godt ælde", – om rest av såkorn, og om liten leivning eller rest generelt. (1994) | |
elegjél | Opphald mellom to elingar, også berre kalla gjel eller elingsgjel. (1986) | |
elrå | Kort gløtt i kóveling, dss. elejel. (1999) | |
elte | 1) Levne, glømme, la noko ligge igjen. "Eg har elta litt dessær te deg.", 2) Kna deig. (1996) | |
Metaordbok: elta | ||
elvekjerring | Uvanlig stor torsk. Før trudde folk at slik fisk sto der ferskvatn kom opp av havbotn (undersjøiske elver). (1987) | |
endsloppen | Opprådd. Av å sleppe enden på ilen under setting av bruk. "Eg e `kje så endsloppen at eg ikkje har litt potedes å avse." (1994) | |
enkel(t)pinnar | Motorbåt med berre ei master, jf. "einpinning". (1998) | |
estimere | 1) Bry seg om. "Eg æstemere ikkje å svare deg." (1996) , 2) Respektere: "Han va et æstimert menneske,." (1999) |