Dialektord fra Senja
Denne ordlisten er fra kommune i fylkeDialektord fra Senja
Med henvisninger til:
- Dialektordliste fra Senja
- Metaordboka ved Enhet for digital dokumentasjon, Universitetet i Oslo
- Elling Ellingsen (2007): Ordsamling fra Lavangen
Samla av: Helge Stangnes
Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.
a | b | c | d | e | f | g | h | i | j | k | l | m | n | o | p | q | r | s | t | u | v | w | x | y | z | å | æ | ø |
Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.
labank | Kloss, trestykke som ein spikrar som forsterkning utanpå ei skøyt "Tverrtre til å halde fjøler i hop" (Nynorsk ordbok) (1990) | |
labjen | Slapp, laus i konsistensen, f.eks tøy som lett mister fasongen. "Labjen/labjent som ei kobbespya." (1990, 1996) | |
Metaordbok: labjen | ||
lædja | Noko som er uformelig og blautt. (1999) | |
læse | Låse; døra, kista el.l. (1996) | |
lag | Bøyen, dvs. den delen av ein ongel (fiskekrok) som er nedanfor ei rett linje mellom odden og leggen. Sjå lagfull. (1999) | |
lagfull | Brukt om ein ongel der laget (bøyen) er fylt, f.eks. med agn. Ongelen er egnt lagfull. "Du må ikkje egne lagfullt; då blir ikkje fesken fast." "Han krøykte ongål'n i seg så han sto lagfull inn i neven." (1999) | |
lake | Skjellsord om hankjønn; skarv, brand, utange. "Vel du ha deg unna, din lake." (1999) | |
lakebrent | Skade på sild eller fisk på grunn av for lang tid i saltlake. "Dennan saltfesken e så lakebrent at han e ikkje brukanes." (1997) | |
lamme ute | Bli for sein med eit arbeid som du skulle bli ferdig med til eit bestemt tidspunkt, f.eks ei bygning som må under tak før vinteren. "Eg frøkta førr at han kjem tel å lamme ute med det der prosjektet." (1988) | |
laskeklipa | Klemme til å halde fast léret med når ein sydde sko eller støvlar. (1987) | |
latrauv | 1) Vasshol nær fjøsen eller stua, ikkje reinvasskjelda, men ein stad dei ein lettvint kan hente ei vassfær dersom ein ikkje vil umaka seg heilt til brønnen. Ordet er også brukt om ein fiskeplass nær støa., 2) Person som ikkje gjør meir enn det høgst nødvendige; lat person. (1986) | |
latspel | Den flådde halen på eit slakt. Blir ofte brukt til å koke suppe på. (1987) | |
laup | Ovalt treskrin med lokk. Sida er sveipt i hop av eitt tynt og mjukt trestykke. (1995) | |
laus | Ustabil, upålitelig (om båt); båt som lett mister styringa med vinden attanfrå. Han "renne på båra". Ein slik båt blei rekna som farlig å segle på i uvér. (1990) | |
lausreipa | Utan ryggbør. Også: tomreipa. "Han gjekk lausreipa til fjells etter sauan." (1995) | |
lauve | Hente lauvkvister til dyrefór. Lauving var viktig tidligare for å skaffe tilleggsfór til kyrne. (1984/85) | |
legd | 1) Langsgåande søkk i terrenget., 2) Felt i ein kornåker der kornet har lagt seg flatt., 3) Gammalt fattighjelp-system. (1992, 1997) | |
legge tott i | Tilta, auke på, forsterke. Trulig opphavlig om å forsterke eit tau eller ein tråd ved å legge ein ekstra tott til, men overført ofte om vind og ver. "Han har vesst lagt et par tåtta tel sia i mårrest." (1990) | |
leigkarsbønn | Leigkarar var båtmannskap som blei rusta ut av ein båteigar mot fri kost, fritt bruk og burom og ei fast hyre. Dei var ikke alltid like interessert i hard drift. "Flo sjy og lite fesk" var leigkarsbønna. (1983/84) | |
leigkarsfære | Dårlig arbeidsinnsats. (1983/84) | |
leigkarshøva | Leigkarshøva var dei same forholda som mannskapet bad om i leigkarsbønna: "Flo sjy og lite fesk." (1983/84) | |
leigkarskonge | Båteigaren, dvs. han som hyrte og rusta ut leigkarane til fiske. I visse tilfelle blei han Gammel-Erik kalla "leigkarskongen." (1983/84) | |
leistand | Tidlig stadium av eit kjæresteforhold der dei to går og held kvarandre i handa. "Dem va no i leistand då eg trefte dem." (1996) | |
lemstre | Skade seg alvorlig, gjerne om sjølvpåført skade. "Han lemstra seg med motorsaga." (1999) | |
lemus | Ukontrollerte rykningar i musklane, oftast i andletet. (1997) | |
lenn | Mjuk, mild eller veik (svak). "Han va no lenn, dennan kaffien." (1991) | |
lenne | Mjukne, mildne. "Han lenna no i frosten." (1991) | |
lesna | Religiøst møte med lesing frå bibelen. (1996) | |
lessen | Forsiktig og redd, mangle mot og dristigheit. "Vær no ikkje less'n, hiv deg uti!" (1988) | |
Metaordbok: lessen | ||
leste på | Strikke ny del (hæl eller fot) på ein ull-lest (ullsokk) som er utsliten. (1996) | |
leverunge | Kokt torskemage, fylt med lever. (1988) | |
ligge på otteskinn | Ligge med otte, urolig kvile fordi ein er redd for eitt eller anna. (1999) | |
ligge på seng | Ligge for å føde; ligge på barselseng. "Ho Marta skal ligge på seng i november." (1999) | |
likkjeløkka | Hell i uhellet – eller ufortent hell, flaks i ein situasjone som kunne ha endt med ulykke. "Han hadde no likkjeløkka med seg den gongen." (1999) | |
likkjeloven | Ved avstraffing: Ikkje bruke full kraft. Legge likkjeloven imella: gje slingringsmonn, ta av for verste støyten. (1996) | |
linmerr | Ein smal trerull til å sette på båtripa for å drage inn lina over; også kalla linkort. Linmerra har eit spor til snøret (grunnsloget) midt på rullen. (1999) | |
lisse | Tråkle i hop rift i fiskegarn eller notlin på ein enkel måte."No har vi lessa i hop det hollet i notposen." (1990) | |
livlauskjørel | Skrøpelig og farlig båt. (1992) | |
ljøstre | Stikke steinbit. Uttrykket kjem frå gammalnorsk ljósta : slå, stikke, og blei andre stader gjerne brukt om å stikke fisk i mørke – med lys av fakkel. (1996) | |
lobbor(e)n | Gjødsla, fruktbar (om gras, åker o.l.) (1992) | |
lode | 1) Rusle utan å ta seg til noke, drive dank. "Eg går no berre her og loda og ser på at ajnner arbeie." Også brukt om ein båt som sig rolig på leiting etter sild (lode og leite), 2) Vakte på, "overvåke" einannan, lode på kverajnner. (1990) | |
løen | Lodden. (1995) | |
lokkom | Kott, lite avlukke i hus, kiste eller skrin. (1994) | |
Metaordbok: lokkom | ||
loksforherd | Heilt umulig, frekk. Sterkare uttrykk enn "forherd". (1996) | |
lompe | Spa torvelomp, dvs. firkanta torvterningar, opp av myra. Lompen blei så skiva opp og tørka til brenntorv – eller kjørt heim rå, banka sund og brukt til strø i fjøsen. (1995) | |
lonke | 1) Tusle, gå sakte., 2) Varme opp:"lonke på kjel'n." (1992) | |
lopp | Dott, helst brukt om ull, høy eller anna mjukt materiale. Blir også brukt om skodde og skyer: skoddelopp, skylopp. (1987) | |
Metaordbok: lopp | ||
løppen | Koagulert, stivna. Om mjølk som er sett til rømkolle. "E rømkolla løppen no?" (1995) | |
lorr | Tilfelle av vondt i kroppen, oftast brått og utan påviselig årsak; småsjukdom, ryggonde: rygglorr. (Nord-Senja, Kvaløya) (1999) | |
lortfall | Avstanden frå buksebaken og ned til golvet eller marka. "Nånei, du e nok endå førr støtt i lortfajlle." (1990) | |
lott | 1) Del av den samla fangsverdien på fiske, rekna ut etter eit fast system (mannslott, båtlott osv.)., 2) Det bøygde trestykket som er felt inn mellom kjølen og stamnane på ein trebåt (frammerlottet, atterlottet). (1988) | |
love i | Strikke ny lóv (innside) i ein utsliten vott. (1996) | |
løyert | Poseliknande spebarnsplagg. Blei nytta før strømpebuksa kom i bruk. (1999) | |
løyk | Liten djup bekk som renn stille. (1992) | |
løype | 1) Koke fiskeavfall (løyping) til husdyra., 2) Flekke never i sevjetida. Blir brukt både om sjølve arbeidet (løypinga) og om eigenskapen hos nevra: Nevra "løype", dvs. slepper borken lett. (1984/85, 1996) | |
lugg(e) | Heimlaga foteklede, laga av gamle lestar med påsydd tøy til forsterking. Luggane var ekstra lette foteklede og blei brukt haust- og vinterstid på tørt føre. (1983, 1988) | |
luggetelefon | Menneske som fer gardimellom med slarv og sladder. Negativt uttrykk. (1996) | |
lusa hoste i lovotten | Hånlig uttrykk, brukt når mindreårige eller fysisk underlegne prøver å hevde seg verbalt overfor ein autoritet, f.eks. vaksne. "Ka? Eg synes eg hørte lusa hosta i lovott'n." (1999) | |
lusk | Eit stykke brensel, ved, torv. "Stekk en vedlusk i åmen." (1992) | |
lynna | Hinne av tran, olje eller liknade på vatn, mellom anna brukt for å få stille og blank overflate når ein skulle stikke flyndre. (1995) | |
lynnepose | Pose av tøy, f.eks. sekkestrie, som blei fylt med grakse (levertran) og hengt på utsida av båten for å få blank overflate. (1999) | |
lyra | Langt kast, også mottaket av ballen under ballspel. Å "ta lyra": ta imot ballen med hendene. (1999) | |
lyre | Kaste med stor kraft. (1984/85, 1996) |