Dialektord fra Senja
Denne ordlisten er fra kommune i fylkeDialektord fra Senja
Med henvisninger til:
- Dialektordliste fra Senja
- Metaordboka ved Enhet for digital dokumentasjon, Universitetet i Oslo
- Elling Ellingsen (2007): Ordsamling fra Lavangen
Samla av: Helge Stangnes
Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.
a | b | c | d | e | f | g | h | i | j | k | l | m | n | o | p | q | r | s | t | u | v | w | x | y | z | å | æ | ø |
Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.
mådd | Smular, avfall. (1992) | |
mælja | Hempe eller lykkje (løkke), f.eks. knappmælja, strøypmælja (snare). (1999) | |
makkerål | Stad der du finn jordmakk (meitemakk). Eg hadde et sånt godt makkerål oppi skogkanten." (1996) | |
maksle | Arbeide med eit plagsamt arbeid som det er lite framdrift i. "Han rodde og maksla, men det bar meir att ejnn fram." (1994) | |
månesetta | Den tida månen "sitt", dvs. er på det svartaste, før han tennest. (1996) | |
mankament | Mangel, behov. "Eg kom i mankamejnt førr spiker. (1995) | |
marlakje | Bladmagen, ein av dei fire "magane" til ein drøvtyggar. (1987) | |
marle | Mødig i kroppen, elendig. "Eg e så marle." (1990) | |
marlekvakje | Ein som strevar, men lite vinn av arbeid p.g.a. lite makt og energi. (1988) | |
marmelskank | Person som ikkje er mykje tess; kan vere sjuk, sarven. "Han va marmeln": Han var sarven. (1996) | |
marmelstarr | Person som ikkje duger til noe. (1996) | |
marvelta | Aurhol der dyr og menneske kan gå seg fast. (1988) | |
matmorskam | Dårlig, ustelt mat. Ordet er ofte brukt positivt: "Ja, den slåttegraut'n, han va just ikkje nokke matmorskam! Der va både smak og feitt."(1999) | |
mat-vand | Kresen på mat. "Han e så matvajn at han ikkje eingong et skorpa på skiva." (1998) | |
mauk | Vatnet ein koker fisk og anna mat i. (1984/85) | |
méddrage | Tilpasse stokkane under lafting av tømmerhus ved å hogge rygg på understokken og eit langsgåande spor i øverstokken slik at dei grip i einannan. (1987) | |
medgard | Mellomgolv. (1999) | |
med løste | Gravid. Brukt om kvinnfolk som under svangerskapet fekk trong til å ete spesielle ting. "Ho e vesst mæ løste." (1988) | |
médlys | Uttrykk brukt under fiske. Såpass lys at ein kunne sjå méd-merka på land. (1998) | |
mehe | Usjølvstendig person, person som berre jattar med andre. Også brukt om ein som ikkje kjem seg til noe. (1996) | |
meihau | Fremste enden på ein sledemei. (1982/83) | |
meilett | Såpass underlag av snø at du kan kjøre med hest og slede i utmarka. (1994) | |
meinbåg | Uvillig, lite hjelpsam, tverr. Av norrønt bágr : vanskelig. Også som substantiv: Din meinbåg. (1984/85 - 1986) | |
Metaordbok: meinbåg | ||
meinlys | Vanskelig lys, lysforhold der konturane forsvinn slik at det blir vanskelig å sjå. Jf. ilendt. (1994) | |
Metaordbok: meinljos | ||
meisterstykke | Gjøre det heilt store, både i posistiv og negativ (ironisk) meining: både ein prestasjon og ein grov tabbe. (1996) | |
melterått | Ukokt, rått. Også brukt overført om noko som er aldeles for gale: "Hnei, sku du ha hørt nokke så mejlte rått!" (1996) | |
mikkjelærend | Kort avstikkar, snarærend. "Eg va berre et mikkjelærend borti gåran" (1996) | |
misjonsgarn | Eitt bestemt garn i ei garnlenke der verdien av fangsten skulle gå til misjonen. (1982/83) | |
mit | 1) Dynamitt, vanlig kortform av ordet under anleggsarbeid. (1992), 2) Det same som midd: lite kongrodyr (mjølmit). (1999) | |
mite | Sprenge fjell med dynamitt. (1992) | |
møkkerdung-siri | Linerle (Motacilla alba). Ho var ofte å sjå på marka om våren når møkra blei spreidd. (1986, 1992) | |
molestere | Skamfare. Også brukt overført om å bråke, slamre med dører o.l. (1996) | |
molje | Molo, bølgjebrytar. (1992) | |
moll | 1) Skrell og anna avfall frå middagsbordet (potetmoll, fiskemoll)., 2) Rullestein i fjæra. Sjå "koppmoll". (1984/85) | |
Metaordbok: mol | ||
mølnevatn | Så mykje vatn at det kunne drive kverna. I små bekker var det berre i flomtida vår og haust at det var nok mølnevatn. (1987) | |
monse | Reke ute om kveldane etter jenter. (1990) | |
mor | Mord. (1992) | |
morle | 1) Verke, smerte. "Han morla og småverkte i den hajnna i fleire daga.", 2) Å snø lett og tørt. "Nokke stort snyfajll va det no ikkje, han morla berre litt." (1996) | |
morrel | Om snø når korna er som bittesmå hagl, nærmast som pulverisert kaldluft. (1996) | |
mostre | Furte, småskjenne, komme med sure replikkar fordi du er fornærma eller misfornøgd. (1988, 1996) | |
Metaordbok: mustra | ||
movere | Om båt: manøvrere, bevege seg sakte, leite seg fram. (1990) | |
mue | 1) Samle høy som skal tørke på marka i muer, dvs. små dungar, dersom det er fare for regn. , 2) Liten høydunge. (1999) | |
Metaordbok: muga | ||
multe | Småete, plukke, smule i seg. (1991) | |
mylbakke | Den tynne kanten som legg seg over egga når ein sliper kniv, øks eller ljå, det same som ro. (1988) | |
myle | 1) Kvesse ljå, øks eller kniv med bryne., 2) Le med lukka munn. Smile for seg sjølv, ikkje meddele seg. "Han satt førr seg sjøl og mylte i skjegget." (1987, 1988, 1996) | |
Metaordbok: myla | ||
mylte | Mjuke opp juret til kua når det er hardt og mjølkesprengt. (1984/85) | |
myten | Lur, innful, om ein som veit meir enn han vil røpe. (1987) |