Dialektord fra Senja
Denne ordlisten er fra kommune i fylkeDialektord fra Senja
Med henvisninger til:
- Dialektordliste fra Senja
- Metaordboka ved Enhet for digital dokumentasjon, Universitetet i Oslo
- Elling Ellingsen (2007): Ordsamling fra Lavangen
Samla av: Helge Stangnes
Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.
a | b | c | d | e | f | g | h | i | j | k | l | m | n | o | p | q | r | s | t | u | v | w | x | y | z | å | æ | ø |
Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.
nater | Pågåande, frekk, innpåsliten. Om person som ikkje gir seg sjølv om han blir avvist. Han va nater etter kvinnfolk." (1988) | |
naugg | Lite hol, rift i klesplagg eller hud, gjerne etter ein kvass gjenstand. (1988) | |
navar | Handbor med tverrstilt handtak av tre. (1999) | |
neip | Fiskereislap med to eller tre onglar på ei tverrstong, ofte brukt etter hyse (hyseneip) (1986) | |
neipe | Feste eitt eller anna så lauselig med spiker. "Eg har berre neipa den golvlesta foreløpig." (1990) | |
nemme | Lite hakk eller feste. "Der va et lite næmme på steinen såpass at eg fekk tak med to fengra." (1990) | |
nesefisk | Fisk du får på første jaget med juksa. Blei ikkje sett på som noe godt teikn for vidare fiske. "Næsefesken e aldri god." (ordtak) (1995) | |
nesegrev | Nysgjerrig person; ein som vil stikke nasen opp i andre sine saker. (1992) | |
netja | Feitthinna rundt innvolane på dyr. Ho kan minne om eit nett. Av norrønt netja. (1984/85, 1986) | |
Metaordbok: netje | ||
neverskrukka | Kopp eller kaup av samanbretta never, brukt f.eks. til å plukke bær i. Sjå skrukka. (1999) | |
nevertein | Spiss tein med mothake på enden, brukt til å tre tenningsnever opp på. Einer var god å bruke til nevertein. (1990) | |
nevervis | Om eit arbeid som er utført provisorisk. "Det e no gjort mest som på et nævervis." (1992) | |
nevle | Handsame, ta på, fingre på eitt eller anna, kna, bearbeide. "Slutt å nævle med fesken!" (1996) | |
nikk | Kort tidsrom, augneblink. "I siste nekken": i siste sekund. (1998) | |
nøkke | Bøye ein spiker slik at han går inn i og grip tak i veden på baksida av det emnet du slår han igjennom. (1999) | |
nomre på | Gje uttrykk for mistanke eller tvil om eitt eller anna, lure på, også "antyde". (1987) | |
nov | Hushjørne. Også brukt overført om hinder, stengsel: "Du kjem ikkje lenger enn tel novva med den saka." (1996) | |
nøyte | 1) Nøyte seg: henge i, drive på, 2) Utnytte, snylte på andre. (1996) | |
nuven | Hornlaus, snau på skolten (om dyr). Snauklipt, rund (om folk). (1992) | |
Metaordbok: nuven |