Dialektord fra Senja
Denne ordlisten er fra kommune i fylkeDialektord fra Senja
Med henvisninger til:
- Dialektordliste fra Senja
- Metaordboka ved Enhet for digital dokumentasjon, Universitetet i Oslo
- Elling Ellingsen (2007): Ordsamling fra Lavangen
Samla av: Helge Stangnes
Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.
a | b | c | d | e | f | g | h | i | j | k | l | m | n | o | p | q | r | s | t | u | v | w | x | y | z | å | æ | ø |
Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.
såa | Urlite grann, rest. "Ho hadde ikkje melsåa igjen." (1995) | |
sæing | Måseart, gråmåse. (1999) | |
sæma | Menneske som er seint og somlet i arbeid. (1986) | |
Metaordbok: sæme | ||
sakalav(e) | Uflidd person, slask, lasaron, fyllefant. Nedsettande uttrykk som referer seg til Sakalaver, eit tidligare namn på Madagaskar og dei som kom derifrå. (1990) | |
Metaordbok: sakalav | ||
salridd | Brukt om hestar med særlig stor svai i ryggen. Også brukt overført om gamle hus der taket har sige ned på midten. (1999) | |
sansekaka | Lusing, øyrefik. (1988) | |
sarven | Småsjuk, i dårlig form. "Eg va sarven av influænsa i heile forrje vekka." (1987) | |
saspon | Flat holsleiv, brukt til å hente dei kokte fiskestykka opp av søet. (1999) | |
sauggen | Fuktig i kleda av sveitte eller væte utanfrå. "Støvlan e vesst læk. Eg har gådd sauggen på føtn i heile dag." (1990) | |
saume | 1) Sy for hand,, 2) Gå med stor fart. "E det han Peder som kjæm saumanes utover veien?" (1986) | |
Metaordbok: sauma | ||
saumrunnen | Om klinkbygd båt der båtsaumen (spikaren) er rusta og svekka. "Båten e gammel og saumruj'n." (1996) | |
sauphau | Tosk. Lite pent uttrykk om ein som er dum eller har gjort noe dumt. "Sleppe du enden av il'n, dett sauphau!" (1999) | |
Metaordbok: sauphovud | ||
save | 1) Gå på fylla over lang tid. Drikke og save., 2) Ein save: fyllik. (1990) | |
savløyping | Stokk som borken er løypt av i sevjetida. (1986) | |
sebba | Rest, smule, grann; svært lite. "Det va ikkje sebba igjæn." (1990, 1997) | |
sefrødd | Spiredyktig. Om korn som var såpass modent at det kunne brukast til neste års såkorn. (1992) | |
seggen, sigen | Vere trøytt, f.eks etter eit kraftig matmål. (1990) | |
seglsyn | Lengste avstand du kunne øygne eit storbåtsegl på opent hav, ca. 9 km. (1987) | |
senevol, senemage | Svømmeblæra hos fisk. (1990) | |
sennband | Sene som blei brukt til å binde rundt samantvunne sennegras. (1999) | |
senne | 1) Fore kommagen med sennegras., 2) Lyge ein annan person full. "Nei, no har dæm senna deg fujll." (1994) | |
serva | Episode, hending. (1996) | |
sete | Stable torv i seter (såter). Sjå rauke. (1995) | |
sette gerr i | Sette fart i, gje nytt mot. Også: skremme eller ergre til reaksjon og handling. Av gno. girnd: lyst, trå. (1988) | |
sette staven igjen | Besøke ein stad for siste gong. (1999) | |
sette til | Omkomme, helst brukt om å omkomme (bli klar, gå klar) ved forlis. "Han oldefar sætte tel her på fjor'n i 1850." (1995) | |
sildgryn | Suppe kokt av potet, heilgryn eller smågryn med bitar av spekesild oppi. Tørka timian høvde godt som krydder. (1995) | |
sine av | Bli fri for mjølk. Kua "sine av" ei tid før kalvinga. Også brukt generelt om å tørke ut. (1984/95) | |
siri | Latrinebøtta om bord i ein båt. Oftast var det ei trebøtte eller eit avsaga kvartel med tautamp i. (1987) | |
sirihalar | Fleipnamn på yngstemann av eit båtmannskap. Det simplaste ein kunne bli sett til av arbeid, var å hente opp sirimauk (sjøvatn) til andre på båten som skulle på "ho siri". (1999) | |
sirimauk | Sjøvatn til å ha i trebøtta før ein skulle på "ho siri". Vatnet blei henta opp med ei slagpøs. (1999) | |
sittarvad | Fiskereiskap etter kveite der ein sat og heldt i snøret. "Di hadde jo settar-va. Då satt di og holdte etter ho." (1999) | |
sitte i eit navarhol | Vere isolert, leve eller bu avsides. (1990) | |
sjakk | Sjuk, matt, i dårlig form. (1988) | |
sjalke | Sjabbe, prate om laust og fast. (1992) | |
sjamse | Tomprate og fjase utan samanheng og alvorlig meining. (1998) | |
sjamse | Prate utydelig, tomprate utan større meining eller samanheng. (1996) | |
sjark | 1) Liten motorbåt med styrehus bak., 2) Slengnamn på ein unggut. (1996) | |
sjella | Landvind. (1992) | |
sjelterskjå | 1) Tørkeskjå som var bygd med vegger av skjeltrar, dvs. loddrette stavar eller bord som var skuvd inn i eit rammeverk med spor oppe og nede., 2) Overført brukt om eit gissent og trekkfullt hus. "Huset hannes Karl va kajlt lekså en sjejltersjå." (1997) | |
sjettaur | Gjørme av mold og vatn. (1996) | |
sjettfornem | Vere innbilt finare enn andre. (1996) | |
sjettsu | Ureinslig kvinnfolk. "Ørkedags fru, men helligdags sjettsu" (ordtak). (1995) | |
sjøfall | Tidmål, seks timar, dvs. tida mellom full flo og full fjære. (1987) | |
sjokle | Surkle, klukke. "Det sjokla i magen når han sprang." (1990) | |
sjusere | Beregne sånn omtrentlig, tilpasse utan å ta nøyaktig mål. (1990) | |
skabberakkel | Gjenstand eller menneske i dårlig forfatning. "Det va berre et skabberakkel tel båt. " "Han har berre et skabberakkel tel kjerring." (1996) | |
Metaordbok: skaberakk | ||
skaftunge | Trestykke som er festa som forsterkning under troet på eit torvtekt hus. Skaftungen bind saman dei nedste troborda (ut-troet). Torvhaldskrokane er gjerne festa rett over skaftungane. (1990) | |
skakksoll | Soll (sikt) som blei brukt under korntreskinga for å skilje kornet frå agnene. (1987) | |
skaldre | Småslamre, klirre, f.eks. om dør eller vindauge som er så romt i karmen at det rører seg i vind, sjølv om det er stengt. (1988) | |
skallhark | Slengord, brukt om ein utgått sko eller ein gammal og dårlig båt, men òg om ein uvøren og likesæl person. (1987) | |
skarbett | 1) Om øks eller anna eggverkty som er ukvesst slik at det er skar (hakk) i egga. "Øksa e så skarbett at ho e ikkje brukanes i marka.", 2) Om ungar i tannfellingsalderen. "Eg meine du e skarbett!?" (1997) | |
skåre | Skjere hakk i mindre fisk som skal steikast. (1984/85) | |
skarnskjul | "Avtrede", skjul for siria (do-bøtta) om bord i jekter og andre eldre farty. (1988) | |
skarvøks | Tverrøks som blei brukt under båtbygging. (1987) | |
skata | 1) Flatfisk med lang hale., 2) "Akebrett", laga av to - tre samanbundne tønnebord. (1999) | |
skat(t) | Toppriset av ei bjørk eller anna tre; også brukt om store avhogde greiner. Namnet har trulig samanheng med den avspissa forma, jfr. fisken skate og fuglenamnet skade (dansk for skjur) På Åland er Skate eit vanlig grunnord på nes og øyer med trekanta form. (1984/85) | |
skave | Skave bork av tre, helst rogn (skav) til barking eller dyrefór, men òg brukt i same tyding som å lauve, å "skave lauv". (1996) | |
skavel | Skjerereiskap som var laga av eit krumt blad, festa på eit kort treskaft, og brukt til å skave bork med. (1986) | |
skinnbuksa | Noa-namn for ørn. Ordet ørn skulle ein helst ikkje nemne; i staden brukte dei "skinnboksa" som namn. (1999) | |
skinnstakk | Sjøhyre, sid trøye av geitskinn, brukt i fembøringstida. Skinnstakken var den tids "oljehyre." (1987) | |
skitpurkaktig | Ureinslig. (1990) | |
skjærsett | Stå opprådd, fastlåst i eit problem. Trulig av å bli sett på eit omflødd skjer utan båt.(1996) | |
Metaordbok: skjersett | ||
skjåtet | Flekket. Gjerne brukt om dyr eller folk som misser hår eller pels flekkevis, jf. uttrykket å skjåtrøyte. Også brukt i andre samanhengar, f.eks om ein åker som er flekket etter isbrann. (1987) | |
skjåtrøyte | Felle hår, pels eller ull flekkevis. (1998) | |
skjefta | Vere utstyrt for. "Eg va ikkje skjæfta førr å feske sild, eg hadde berre juksa med i båt`n." (1992) | |
skjefte | Setje skaft på reiskap. "Du må skjæfte øksa før du kajn høgge ved." (1999) | |
skjeggbresting | Unggut som begynner å få dun på haka. "Akte deg førr gråhæringan og skjeggbrestingan" (ordtak med adresse til jenter). (1995) | |
skjemla | Kvitmalt trefjøl, ca. ein meter lang, ofte forma som ein fisk og med jern spikra på enden. Blei brukt under sildefiske for å skremme silda frå å stikke ut av nota under snurpinga. Skjemla blei firt ned og halt opp i notopninga. (1998) | |
skjemle eller skimle | 1) Blinke, range auga så berre det kvite er synlig. "Skjemle mæ auan.", 2) Ha skeivt syn, vere "skjemmeløygd" (skjeløygd)., 3) Skremme fisk med skjemla. (1999) | |
skjemmelbas | Humoristisk namn på den av eit notmannskap som hadde som fast jobb å skjemle (skimle). Den eigentlige nemninga var baughund. (1999) | |
skjemmeløygd | Skjeløygd. "Han e så skjemmeløygd at tåran rejn i kryss over navvel'n." (1999) | |
skjenbarlig | Aldeles tydelig. "Eg såg han jo skjennbarli, bjørn'n, oppi hojltet her." (1996) | |
skjerja | Noa-ord for kveite. På fiske skulle ikkje kveita nemnast med namn. Derfor blei noa-ord som skjerja og balduska brukt i staden. Ordet skjerja kjem trulig av å skjere (til rekling). (1986) | |
skjevel | Stokk som er skaven rein for bork. (1986) | |
Metaordbok: skjevel | ||
skjevelskjol | Skjol (vedreis) av avbarka vedstrangar. (1996) | |
skjøre | Renne, fare fort av garde. Når sildestimen blir jaga av fisk eller kval slik at han kjem opp til overflata, alle same vegen, seier ein at silda skjører. (1997) | |
skjørpe | Brette opp øverleppa og lage gra-mål. Om vér, bukk eller andre dyr i brunst når hoa er i nærleiken. (1987) | |
skjote | Sjabbe, prate om laust og fast. (1994) | |
skjøtte | 1) Passe, vere pliktoppfyllande, skjøtte arbeidet sitt., 2) Sky eller passe seg."Han skjøtta ingen ting," brukt om ein som fuser fram utan hemningar. (1996) | |
skoge | Belegg i gryta, f.eks. etter grautkoking. Skove er eit anna ord for det same. (1992) | |
skogsop | Person som finn bær i marka når andre lite eller ingen ting finn. (1990) | |
skokkel-sei | Uvanlig stor sei, over 10 kilo. (Lang som ein skokkel, dvs. skåk på slede. (1995) | |
skolte | Irettesette, kjefte opp. (1994) | |
skonkle | Riste, skumple. (1992) | |
skórkjevle | Trestykke til å merke i med kniv kor mange fiskevekter som blei voge inn eller kor mange høylass som var kjørt inn på låven. Det blei skore små hakk for kvart lass eller vekt og eit stort for kvart femte eller tiande. Jf. karvastokk. (1998) | |
skottål | Hand-harpun med mothakar som slår seg ut når lina blir stramma. Brukt både til harpunering (kast) og til stikking av f.eks. kveite på grunt vatn. Skottålen er då festa til eit lodd. Av gammalnorsk skutill : harpun. (1999) | |
skottméd | Méd ein tok med atterstamnen i eit punkt på land for å halde stø kurs under roing. (1987) | |
skralltein | Tretein som sto med den eine enden ned på kvernsteinen og den andre fast i eit tverrtre ut frå kornskreppen. Av vibrasjonen når kvernsteinen gjekk rundt kunne kornet ry frå skreppen og ned i kvernauget. (1987) | |
skrapkaka | Den yngste (siste) i ein søskenflokk (attpåklatt), men opphavlig kake av den siste slumpen av røre, jf. spøttkaka. (1998) | |
skratt | 1) Rakrygga og bratt i nakken.., 2) Lite sår eller rift i skinnet. (1987, 1991, 1996) | |
skraup | Gammel og dårlig sko eller båt. (1996) | |
skrepp | Trekanta kasse som stod over steinen i eit kvernhus. Kornet som skulle malast, blei tømt opp i skreppen og dryssa derifrå ned i auget på kvernsteinen (1987) | |
skreppe | Skryte. (1991) | |
skreppskit | Skrytepave. (1991) | |
skrikke | Bevege litt, komme ut av stilling, f.eks. når ein skal sette noke nøyaktig i hop og ein eller annan skubbar borti så det heile kjem ut av lage. "Eg skal ikkje skrekkes en tomme!" (1997) | |
skrikle | Det skjura gjør når ho lagar mål. "Eg fekk ikkje fred i mijddagskvil'n førr ei skjur som satt og skrekla uti hagen." (1996) | |
skrø | Skrape av seg på beina før ein går inn. "Skrø av deg på føt'n!" (1995) | |
skrokk | Skrott av slakta dyr (kjøttskrokk), men også brukt om folk: Eg e ajll i heile skrokken." (1996) | |
skroll | Flokk, folkehop."Han fekk heile ongeskråjlla etter seg." (1999) | |
skromp | 1) Skryt. "Håjll no fred med skrompe dett!", 2) Namn på ein som skryter. "Håjll no fred, din skromp!" (1991) | |
skrompe | Skryte."Kvær skrompe av si syra." (ordtak) (1987) | |
skrubba | Sandskrubbe eller sandflyndre. (1984/85) | |
skrukka | To leiver flatbrød lagt i hop og bretta to gonger over midten. Trulig av skrukke: brett, fald. (1987, 1995) | |
skullermusk | Mistenkelige saker, aktivitet som ikkje toler dagslys på seg. "Skal tru ka slags skullermusk dem held på med?" (1990) | |
Metaordbok: skullermusk | ||
skumskot | Skimt, syn som berre varer ein kort augneblink. "Eg såg ho i et skomskott på hi sida av gata." (1987) | |
Metaordbok: skumskot | ||
skyte | Gradvis auking av flo og fjære den siste veka fram mot fullmåne og nymåne. "Han sjyt mæ sjyan," dvs. blir større flo og fjære frå dag til dag. Sjå hogge. Skyte har òg mange andre tydingar: skyte garn, skyte stein (sprenge), skyte inn årene osv. (1994) | |
skyte mage | Om fisk som blir tatt opp frå djupt vatn og ikkje greier trykkendringa. Når det indre trykket blir større enn det utvendige, blir magesekken ranga ut gjennom munnen. Brosma og ueren "skyt mage" og flotnar. (1999) | |
slå av | (Trykk på siste ordet). Slå siste stykket av åkeren eller slåttemarka. "Vi slo av i går" : Vi blei ferdig med slåtta i går. I perf.: Marka e avslien : Marka er ferdighausta. Sjå jage haren.(1999) | |
slagne | Mjukne, f.eks. om flatbrød som har trekt til seg fukt og mista sprøheita. (1996) | |
slagpøs | Sinkbøtte med tamp i; gjerne brukt til å hente opp sjøvatn, f.eks. "sirimauk" ifrå båt. (1999) | |
slå hauet av gauken | Starte med slåtta; slå den første biten. "Har dokkar bjynjt mæ slåtta?" "Ja, vi slo haue av gauken i går." (1999) | |
slakjen | Slapp, dau i kroppen, ute av slag. (1987) | |
slambiren | Småsjuk, det same som slakjen. (1999) | |
slåpe | Dra føtene etter seg når ein går. (1996) | |
slasen | Småsjuk, kjenne seg i dårlig form. (1988) | |
Metaordbok: slasen | ||
slåttemann | Lokalt namn på vadefuglar, bl.a. brushane, (Philomachus pugnax) som årvisst kom i flokkar på markene like etter slåttonna. (1999) | |
slebre | Sleike, slevje, slafse. (1996) | |
sleikmølja | Ferskfiskmåltid (mølja) med for lite lever. Det var ei skam å koke sleikmølja når det var lever nok å ta av. (1988) | |
sletten | Smart, lur, men ordet kan også bli brukt om å vere snar og snop. "Han va så slett'n at han kom seg unna." Blir ofte brukt i uttrykket slug og slett'n. (1994, 1996) | |
Metaordbok: sletten | ||
slettstaur | Hesjestaur utan nabbar til råvedhesje. Mellom kvar krakkstaur blei det sett ein slettstaur som rennene (rærne) blei knytt fast til med vidje eller snøre. (1994) | |
sli | Grønske av ein alge på fjæresteinane. "Dætt no ikkje; der e sli på steinan." (1995) | |
slir | Tverrtre bakerst mellom skoklane (skjækene) til slede, plog el.l. . (1982/83) | |
slofs | Sladder. Også brukt om respektlaus prat om alvorlige ting, blasfemi. (1988, 1996) | |
sløg | Slukøra, skamfull. Ordbøkene har ei anna tyding: slug. (1988) | |
Metaordbok: sløg | ||
sloga | 1) Handreiskap til å treske korn med., 2) Noe ein dreg etter seg, f.eks. ei harv av ris eller kjetting til å sloge frau med, fleire småbåtar på slep etter ein større, eller fleire ungar som heng etter ei mor. I åttringstida hende det at dei "tredde sloga" og slepte fisken til lands når dei fekk meir enn båten bar. (1987) | |
sloge | Slepe, drage noe etter seg. "Vi har sloga møkker på Storåkker'n i dag." "Dem har sloga med garlenken sine over heile fjorden så det finnes snart ikkje en auar igjen." (1999) | |
slomse | Ta ting på slump, vere omtrentlig, ikkje berekne nøyaktig med tid eller mål. Ein slik person blir gjerne kalla ein slomsar. (1997) | |
smæren | Ekkel sursøt smak, bismak som sit att i munnen. Kan bli brukt om smaken på mat som har tatt til å surne, eller om ettersmaken når ein f.eks. har ete heggebær. (1988) | |
smått | Trong opning mellom hus. (1992) | |
smaus | Lyst. Ha god smaus på : Ha god lyst på. (1999) | |
smiltar | Kyss. Lokalt, Nord-Senja. "Får æg en smjltar?" (1992) | |
smiten | Smal og spiss, også brukt i tydinga "snop". Ein båt kan vere "smal og smiten". "Resskatta va så smit'n at ho kom seg ijnn igjønna navarhollet." (1994) | |
snafs | Godbit, "snadder". "Der ligg nokke kjøttsnafs i kjøleskapet." (1994) | |
snask | Frekk, utidig person. "Den som fer som en snask, han får seg en dask" (ordtak) (1995) | |
snaske | 1) Hute, pelle. "Vel du snaske deg vekk!" "Hut og snask deg dit du høre heime!" (1995), 2) Fare over alt, også der ein ikkje har ærend. "Ho Frydia snaska tel Grand Canaria her i fjor." (1996) | |
snebbelig | Liten og nett. "Dæ va en sånn snebbeli lit'n kniv." (1992) | |
snebben | Nett, smart. "Dæ va ei snebben lita tøtta." (1992) | |
sneppert | Apparat som blei brukt til å sette hol på blodårer under årelating. Ei fjørbelasta klo blei utløyst og slo inn i huda. (1999) | |
snepre | Plukke, f.eks. plukke av matfatet etter at måltidet er slutt. Uttrykket har trulig samanheng med sneppert. (1991) | |
snørrtåta | Nasen. (1999) | |
snøsar | Vérlam som ikkje blei gjella om våren. Eit slikt lam var snar til å registrere om sauene "sprang". Lammet blei så jaga bort slik at storvéren fekk sleppe til gjøre resten. "Vérvarsel" var eit anna namn på eit slikt lam. (1996) | |
snøsost | Tørr, raspa brunost som blei blanda med sukker og brukt som pålegg. Han hadde lett for å fyke av skiva på utpust. (1998) | |
snurpe | 1) Sy på ein slurvet måte., 2) Stenge botnen i ei snurpenot under fiske. (1986) | |
Metaordbok: snyrpa | ||
sø | Vatnet som ein har kokt fisk i (fiskesø) Kjøttsøet blir oftast kalla kjøttkraft. Sjå mauk. (1984/85) | |
soe | Kauke, huje for å bli hørt over lang avstand. "Han Lappe-Jon soa på hunden sin." (1995) | |
soknebolk | Del av den juksatypen som blei brukt før svenskpilken overtok på 1950-talet. Soknebolken var ei stiv snørebuktpå ca 50 cm, vikla med bekatråd. Juksasnøret (opphalaren) var festa i den eine enden, taumen med pilk i den andre og jarsteinen (søkket) på midten. Blei seinare erstatta med streng. Sjå jarsteinrompa. (1987) | |
sole på | Strikke ny botn (såle) i eit par lestar, forsterke botnen. (1996) | |
solgjess | Optisk fenomen; ein lys flekk som er synlig på himmelen ved sida av sola. Det kan også vere to, ein på kvar side. (1987) | |
solkat eller solkåt | Skittent, tilgrisa. (1996) | |
somle | 1) Vere sein og treg, gje seg unødig god tid., 2) Rote med hendene i væske. (1988) | |
somnrøyta | Sjusovar; person som ikkje kjem seg opp, men ligg utover dagen. (1996) | |
sopskrukka | Person som er svær til å sanke til seg. "Ho låg no der i tytebærrmarka som ei sopskrokka." (1996) | |
sovel | Tillegg til hovuddelen av eit matmål; pålegg på skiva (brødsovel), fisk eller sild til poteten (potetsovel). Frå gammalnorsk sufl som betyr "feitevarer som ein et til brødet". (1995, 1996) | |
Metaordbok: suvl | ||
spaieres | Ryktes. Om tidend som går frå munn til munn. (1996) | |
Metaordbok: spajera | ||
spåmann | Øyrbeinet eller "skulderbladet" hos fisk. Han blei brukt til å spå veret med. Då la ein beinet på hovudet og bukka . Blei spåmannen liggande på marka med den kuva sida opp, blei det godt ver. Vende den hole sida opp, blei det dårlig ver. (1984/85, 1990) | |
spannklemma | Det same som laskeklipe. Skru-klemme av tre, brukt bl.a. under skomakararbeid. (1987) | |
spekulasi | Tørre småkaker, kjeks av forskjellig fasong. (1999) | |
spelle seg | Å leike. "Jentongan driv og spælle seg med dokken." (1984/85) | |
sperrevepp | Lett, spretten og forfina mannsperson. (1996) | |
spikarlø | Jernstykke med fleire hol i, brukt som underlag når ein skal stemple hol i jernband el.l. (1987) | |
spile | Gå meir tynnkledd enn du bør; jf. "spil(l)enaken": heilt naken. (1991, 1996) | |
spissbur | Skøyar, spiloppmakar. (1990?) | |
spissburaktig | Brukt om ein som støtt finn på artige fantestrek. (1996) | |
spissburstrek | Uskyldig fantestrek. (1996) | |
spøa | Tynn, flat trespil til å snu flatbrød- eller lefseleivar under steiking. Også brukt overført: "Eg har'kje sett spøa av det." (Om noko som er blitt borte). (1990, 1995) | |
spong | Jernbeslag under sledemei eller under kjølen på ein båt. Fleirtal: spenger. (1982/83) | |
spønne | 1) Sparke, rote opp jord., 2) Fare langs vegen utan mål og meining. "Han for no og spønte langsmed landet.", 3) Rase, herje. (1995, 19969 | |
spøttkaka | Pannekake eller vaffelkake av den siste slumpen røre, jf. "skrapkaka". (1998) | |
sprena | Diaré. Frå gammalnorsk spræna: sprute. (1990) | |
sprettauskjer | Lite auskjer til småbåt; tidligare laga av tre, no av plast.(1987) | |
sprettskit | Overlegen, arrogant type. (1996) | |
springe vind i pongan | Ha hastverk. "Eg ska så vesst ikkje sprenge vind i pongan førr å treffe dem." (1990) | |
sprøla | Diaré, laus avføring. Jfr. sprena. (1990) | |
sprotne | Rakne, helst om strikkaplagg eller saum på klesplagg. "Boksa språtna i saumen." (1999) | |
sprott | Sprungen enkeltmaske i eit strikkaplagg eller i eit fiskegarn, lite hol: maskesprott. (1999) | |
spuns | 1) Tappehol i tynne eller fat (spunshol)., 2) Liten stim av sild eller lodde, mindre enn "dott". (1988, 1997) | |
spurdag | Ein som spør mykje og ofte, gjerne brukt om ungar. (1986) | |
stabulere | Klare sine økonomiske plikter, ha nok pengar til faste og daglige utlegg. "Det stabbulere ikkje med penga der i gården." Trulig omlaging av stabil. (1996) | |
Metaordbok: stabelera | ||
stallband | Lang bolt som går gjennom fetterfoten på ein slede og held mei og rem i hop. (Sjå ill. i årboka 1982/83) | |
standels(e) | Ereksjon, stivt lem. (1999) | |
starrabeist | Husdyr som har abortert. (1990) | |
starre | Abortere (om dyr) (1996) | |
starve | 1) Gå seint og ustøtt (starve seg fram)., 2) Døy, oftast å døy av alderdom. "Ho Anna blei 98 år før ho starva." (1999) | |
Metaordbok: starva | ||
ståst eller ståss | Strebe etter, prøve å oppnå. "Den jobben der e ikkje nåkka å ståss(t) etter." | |
stauke | Lese seint og dårlig. "Han stauka seg igjønna leksa på et vis." (1996) | |
Metaordbok: stauka | ||
staut | 1) Stabil, pålitelig, men òg brukt i tydinga vakker og velbygd. , 2) Ein type solid bomullstøy (1996) | |
stave | 1) Når land speglar seg i stille sjø, jf. "stavstilla"., 2) Nemne opp bokstav for bokstav under lesing., 3) Gå med stav, stave seg fram. (1998) | |
stavlaus | Ukontrollert, med stor fart. "Han møste fotfestet og for stalvaust nerover blindhålka." Også brukt om å fare fritt omkring. "Røktet går no stavlaust rundt i bygda." (1996) | |
stavstilla | Blankstilla, slik at landet "stave seg" i sjøen. (1996) | |
stekke i | Tilta, auke på; ofte om ver og vind: "Han stakk i med sjyen." "Han har stokke i med frosten." (1990) | |
stelke | 1) Myte, felle fjør. "Her har rypa sotte og stelka seg.", 2) Gå varsamt på glatt underlag. Ho stelka seg av gårde på hålka." (1990) | |
Metaordbok: stilka | ||
stemme | Stoppe, stenge. "Han Ole Elvenes kunne stemme blod." (1997) | |
stemorsida | Den minste sida på ei brødskiva; den det trengs minst smør til. Smurte du på den, då hadde du smurt på "stimorssida". (1990) | |
Metaordbok: stykmorside | ||
stikk | 1) Slag med handpumpe når du skal lense ein båt., 2) Knute eller løkke på tau (pålestikk, halvstikk)., 3) Stikk i kortspell., 4) Stikk med kniv, nål el.l. (1988) | |
stikke | 1) Gje etter litt og litt på eit stramt tau, gje ut snøre når du har stor fisk på., 2) Spa brenntorv i skiver med torvspade, enten av lomp eller direkte frå benk i torvmyra (stikke torv)., 2) Lage luggesólar ved å legge fleire lag tøy (nytt eller brukt) oppå kvarandre og sy tett i tett på maskin gjennom dei. Så blei solane klipt så dei passa til luggane. (1995, 1997) | |
stodderkonge | Person som vil vere større enn han er. Ein latstaur som er stor i kjeften. (1986) | |
stokke | Løyse fisk av garna, jfr. tine. (1999) | |
stolm | Opphovning av juret hos kyr like før kalvinga. (1988) | |
stompe | Falle framover, falle ukontrollert med hovudet først utan å ta seg for. (1987) | |
stønning | Fisk som held seg på ein bestemt stad, han "stør seg" mot ein bakke eller på ein grunne. Også kalla "støing": fjordstøing, bakkestøing. (1996) | |
stoppe og slå | Teknikk for å ta inn på ein svært stram tamp. Tampen blir lagt rundt ein påle der ein eller to mann låser han av. Andre legg press på tampen frå sida (slår). Når dei slepper, må han eller dei som "står i stoppen", vere snar og ta inn den vesle slakken (stoppe etter ). Så kan ein gjenta det heile. (1999) | |
stornase | Storkar, handelsmann, ein som var rikare enn vanlige småfolk. (1991) | |
storstandig | Om ein person som vil gje inntrykk av å vere "høgare på strå", dvs. stå på eit høgare sosialt nivå enn andre. Det kan gje seg utslag i språkbruken, pengebruken, måten å kle seg på eller framferd generelt. (1997) | |
Metaordbok: storstendig | ||
støvle | Ta seg fram til fots i vind og væte (støvlføre). "Det va berre så vidt eg greidde å støvle imot han (vinden)." "Vi får støvle oss nerover i sørpa." Også brukt om å vasse med støvlar på. (1996) | |
stråle | Salte lett, salte fisk over natta. "Vi skal ha nystråla sild tel mijddag i dag." (1994) | |
stranten | Lang, tynnvaksen og spinkel. (1988) | |
strekka | Ri-lykkje, snare, også kalla "strøypmælja". (1987) | |
stréne | 1) Gå fort og målbevisst. "Ho kom strænanes utover veien i motvinden.", 2) Farte omkring, streife utan å gje seg tid til å stanse. "Eg har stræna rundt i byen i heile sag førr å finne meg vintersko." (1997) | |
stromf | Stor trestamp eller trekar (Skaland). Dss. stromp eller strompa, også brukt om brynekopp av tre eller uthola trekjørel. (1995) | |
strøppent | Strøppent eller stroppent. Om egg under ruging der utviklinga av unge er begynt. Ved å søkke egga i ferskvatn kan ein sjå om dei er friske eller strøpne. Strøpne egg lettar med den butte enden. Ordet kjem av gammalnorsk strópi = blanding av kvite og plomme. Uttrykket blir òg brukt overført om å vere gravid."Den brura, ho såg no nokke strøppen ut." (1991) | |
strotte | Gje korreks, irettesette. (1987, 1994) | |
strunk, strunken | Stiv og ustødig, lite smidig. Helst brukt om kroppen til menneske og dyr. (1999) | |
strut | 1) Den delen av ein ihopknytt sekk som er ovafor sekkebandet., 2) Luftlyre, trekkstrut på f.eks. ein jordkjellar., 3) Kremmarhus, papirstrut, f.eks. til å ha sukkertøy i., 4) Heimlaga sigarett, gjerne av avispapir, også kalla "strull". (1997) | |
stulle | 1) Rusle rolig og sakte., 2) Stelle, pusle med små gjøremål. (1984/85) | |
stuss | Stille, alvorlig og fortenkt. Kan òg bety mutt. (1999) | |
Metaordbok: stuss | ||
stuv | Trestubbe, oftast brukt om stubbar som står igjen etter hogst. (1999) | |
stuve | Felle tre. "Vi stuva berre ned bjørken og lot dem ligge tel tørk med lauvet på." (1999) | |
styrlaus | Utan styring, vill, rabiat (om person) (1996) | |
styrmannsbrusk | Bruskstykket mellom dei bakre (nedre) sidebeina på slaktedyr. Dette skulle ein skjere laus og kaste attover aksla mot ein vegg. Sat bruskskiva fast i veggen, blei du styrmann. (1987) | |
styv | Rumpe, ende. Til småungar kunne ein seie: "Pass deg, ejllers så skal eg ta deg i styven!" (1999) | |
sugge | Drikke brennevin ofte. (1992) | |
sula | V-forma kløft, f.eks. kløfta grein, rommet mellom beina frå skrittet og ned. "Du e lang i sula." Stundom også brukt som terrengnemning; ein kløyvd fjelltopp e.l. (1999) | |
sule eller syle opp | 1) Hespe juksasnøret opp på ei sule (juksasula)., 2) Avslutte eit fiske. "Han Erling har vesst sylt opp og gådd heim av Finnmarka." (1982/83) | |
suss | Trutkyss, nemning brukt i barnespråk. (1999) | |
sutle | Søle med vatn. Også om lyden av vatn (klukking, skvalping). (1986) | |
sval | Utbygg, tilbygg på sida av eldre hus (naust med svaler). Også brukt om forgang (fjøssval) (1995) | |
svane | Minke, f.eks. om hevelse (hovna) som går tilbake. "Hovna held vesst på å svane ned no." (1990) | |
svang | Svolten, hungrig. (1990) | |
svange | 1) Hudfalda mellom låret og vomma på eit dyr., 2) Partiet mellom låret og buken på eit menneske. (1999) | |
svarveising | Runde, omgang med tau under surring eller belegging. "Slå en ekstra svarveising rundt pollerten." Blir òg brukt overført om å gjøre ein ekstra sving, runde eller runddans. "Han fekk seg en ekstra svarveising på glarhålka." (1988) | |
sveia | Mjuk riskvist, pisk, brukt f.eks. når ein skulle jage på kyrne (1990) | |
svenske | I uttrykket "å gjøre svenske av seg". 1) Lure seg unna, forsvinne, stikke av frå plikter., 2) Skyte for høgt (med skytevåpen) (1990) | |
svesjen | Rask i arbeid og framferd, "snar i snuan". (1987) | |
svinrygg | Oppbygning (forhøgning) av rekka på ei fiskeskøyte, frå stamnen og 2 - 3 meter bakover på begge sidene. (1984/85) | |
syle | 1) Hespe opp juksasnøret på ei tresule (sjå sule opp)., 2) Kaste med stor kraft. "Han sylte stein etter reven.", 3) Springe fort. "Syl av gårde og jag geit'n utav åkker'n" (1996) | |
synge opp | Stanse brått opp fordi tamp eller kjetting strammar til; f.eks når ein båt som driv med ankeret ute, stansar opp og legg seg etter vinden fordi ankeret grip tak. (1988) | |
synnavindstipa | Lokalt namn på fugl som pip og varslar sørlig vind (trulig kjøttmeis, Parus major). (1992) |