Dialektord fra Senja
Denne ordlisten er fra kommune i fylkeDialektord fra Senja
Med henvisninger til:
- Dialektordliste fra Senja
- Metaordboka ved Enhet for digital dokumentasjon, Universitetet i Oslo
- Elling Ellingsen (2007): Ordsamling fra Lavangen
Samla av: Helge Stangnes
Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.
a | b | c | d | e | f | g | h | i | j | k | l | m | n | o | p | q | r | s | t | u | v | w | x | y | z | å | æ | ø |
Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.
tæmme | Drikke til overmål, tylle i seg brennevin. (1992) | |
tæpe | Stille seg på tå, trø lett på foten eller så vidt nå ned i bakken med foten: "Han for så fast at det va så vidt han tæpa neri bakken." "Eg tåle knapt å tæpe på den foten eg vrekka." (1991, 1994) | |
tæppe | Tette, dytte igjen ei opning, f.eks. spunsholet i ei tønne. Kjem trulig av tapp. (1991) | |
tæring | 1) Tuberkulose., 2) Forbruk. "Man må sette tæringa etter næringa" (ordtak) (1996) | |
tæsa | Eitt av mange namn på det kvinnelige kjønnsorganet, men overført brukt om jolle eller flat, ustabil båt. "Det e no berre ei tæsa tel båt." (1990) | |
tåge | Å tåge høy: Drage høy fram frå høystålet. (1999) | |
takkel | Talje og anna tauverk om bord på skip, f. eks. talje til å heise dorry eller lettbåt om bord med. (1987) | |
tanle | Gnage, tygge på mat som er seig eller hard. (1987, 1994) | |
ta på rømta | Rømme, stikke av. "Han tok på rømta då vi kom." (1997) | |
targe | Slite sund, rive i filler."Garnan e så opptarga at det e ikkje botvon i dem." (1988) | |
tåta | Snipp, liten spiss pose av tøy el.l. Levertåta : Ein spiss tøypose fylt med kokt lever som småungane fekk å suge på. Lintåta : Ein snipp av notlin, såpass stor at ein fekk tak rundt med vottane under lining (draging). Sjå fisketåta . (1999) | |
teknebok | Lommebok for større sedlar. Opphavlig brukt om ei lita bok der ein skreiv opp løpande inntekter og utgifter. (1999) | |
tempetikk | Pendelen på eit vegg- eller golv-ur. (Jf. italiensk tempus: tid) (1987) | |
tenål | Hard, tjærefylt ved i furu. Knip om sagbladet. (1988) | |
tenne | 1) Drage ein båt med framenden sånn passelig opp i fjæra. (tejnne båten) (1994), 2) Ro hardt, ta eit krafttak med årene. Utt. med tungspiss-n: "tenne. Skaland (1996) | |
teple | Liten fjelltopp. (1992) | |
tettingbette | Bit av ei brødskive som er skoren rein for skorpe og delt opp i småbitar, tiltenkt småungar eller gamle, tannlause folk. (1994) | |
tiggarøks | Unge som masar og tigg om eitt eller anna. (1990) | |
tine | 1) Plukke, oftast brukt i uttrykket tine av, dvs. å løyse fisk av garnet. "Vi dreg sildgarnet rundt; så kan vi tine av når vi kjem på land." (1988, 1996), 2) Under tresking med treskemaskin. Kjøre visten (sjå viste) to gonger gjennom treskemaskinen slik at aksa blei knust og snarpa slått av kornagnene. (1992) | |
tinta | Ei lita og svært enkel parafinlampe. Ho kunne f.eks.vere laga av ein mjølkeboks. (1999) | |
titling | Liten fisk som er tørka rund. Under bergenshandelen vat titling eit vanlig kommersielt uttrykk for mindre torsk som var tørr. (1988) | |
tjyv | Feilmaske i fiskegarn; kunne oppstå under bøting eller binding. Ein tjyv hadde tre eller fem bjelker mens andre masker hadde fire. (1986) | |
tjyvbelling | Uærlig person, ein som stel. (1996) | |
Metaordbok: tjuvbelling | ||
tokn | Gjelle hos fisk. (1990) | |
tøla | Utstyr, saker, verkty. "Pakk tølan dine og kom deg ut av huset!" Av gammalnorsk tól som bl.a. betyr reiskap, verkty. (1996) | |
tomelomsk | Svimmel og ør i hovudet. (1996) | |
tomme | Presse med tommelen, fingerknuvane eller med heile knyttneven for å få skinnet til å sleppe under flåing av dyr. Tomme skinnet av sauen. (1998) | |
tor | Svak varme i omnen, så vidt du hører det brenn. "Legg et lite tor i åmen." (1987, 1996) | |
tormeisa | Plage, hindring, vanske (Nord-Senja). (1998) | |
tormeising | Lusing, slag (Nord-Senja). (1998) | |
tørning | Omgang, runde. "Ho fekk seg en tørning med influensa." (1995) | |
tørnring | Jernring som er festa i berg ved sjøen og brukt til å fortøye båtar i. (1999) | |
tørrhøygong | Rask gange, gange i stort hastverk. Gå tørrhøygong : ha hastverk. (1990) | |
torvhald | Planke eller firskoren stokk som er festa nedst på raftene på eit torvtekt hus for å hindre torva i å sige utfor. (1987) | |
totle | 1) Tørrmjølke, tøye og drage i kuspenene før du begynner å mjølke., 2) Drage smått og forsiktig, f.eks. når du dreg tung fisk. (1988) | |
tøtta | Jente eller vaksent kvinnfolk, gjerne ei som er litt kraftig og utmerker seg i arbeid."Det va ei hiva tøtta." (1996) | |
tottsprunge | Om tau der ein tott (kordel) er sprungen slik at styrken er svekka. (1996) | |
tøv | Lukt, stank, har samanheng med tev. "Kom deg unna med skjett-tøven din!" (1998) | |
tøvfjøl | Trefjøl med riller, brukt til å tøve (tove) ullplagg som vottar og lestar på. (1986) | |
Metaordbok: tøvefjøl | ||
trehendt | Lite flink med kniven; det motsette av å vere hag. (1996) | |
trensle | Flytte, drage eller bere noe som eigentlig er for stort og tungt å vinne med for eitt menneske. Ordet "tresse" er òg brukt om det same. (1998) | |
Metaordbok: trensla | ||
trøa | Fiskestong. "Kor du har gjort av bambustrøa mi?" (1999) | |
trø i vengen | Gå på friarføter, gjøre seg lekker for ei jente ein likar (hanen trør i vengen når han skal spanske seg for hønene). (1996) | |
tronovéa | Ei tvinge eller brekkstong for å rette vridde stokkar under lafting av hus. (1988) | |
trøs | Flis, spon og restar av never og bork rundt hoggstabben etter vedkløyving eller blakking. (1988, 1996) | |
tungalda | Tungsjø, dønning i stille ver; ofte før og etter uver. (1999) | |
tus | Nattpotte. (1994) | |
tuske | 1) Fare stilt fram, drive med skjult kjæresteri."Dem driv vesst å tuske så smått i lag.", 2) Drive tuskhandel, bytehandel., 3) Slå knuvane på knyttneven mot knuvane til ein annan til den eine må gi seg (guteleik) (1992). | |
Metaordbok: tuska | ||
tvertførraktig | Uvillig til å hjelpe, vrang og vrien. (1996) | |
tvidrott | Skydrift som viser to vindretningar samtidig, f.eks. når eit øvre skylag driv sør mens eit nedre driv nord. "Når vi va oppe om mårran og såg i dråttn, så kujnne han far sei: Han bi ikkje nokken god dag, han e tvidrått." (1988) | |
tvisjy | Tilstand akkurat i vindskiftet når bårene kjem ifrå to kantar. (1988) | |
tvoga | Vaskefille, vasketue. (1992) | |
tykjepelk | Umulig person, oftast brukt om menn. Person som finn på galskap av vond vilje. Brukt som skjellsord. (1996) | |
tyskert | Stort kjegleforma fløyt av tre til fiskebruk (garn og line) (1998) |