Dialektord fra Senja
Denne ordlisten er fra kommune i fylkeDialektord fra Senja
Med henvisninger til:
- Dialektordliste fra Senja
- Metaordboka ved Enhet for digital dokumentasjon, Universitetet i Oslo
- Elling Ellingsen (2007): Ordsamling fra Lavangen
Samla av: Helge Stangnes
Database: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.
a | b | c | d | e | f | g | h | i | j | k | l | m | n | o | p | q | r | s | t | u | v | w | x | y | z | å | æ | ø |
Lenke til Metaordboka åpner i et nytt vindu.
åbor | Festestein for landtau frå båt. Nemninga er brukt både om fast stein, oppbygd steinvarde og enkeltstein som ein legg over landtrossa. Av gammalnorsk áburdr : (stein som er lagt på) landfestet for farty (1987) |
åder | "Åre", i tydinga blodåre. (1999) |
ådre | Male ein mørk farge oppå ein lys slik at det dannar seg bølgjemønster. (1999) |
åfått | Kritikk, misnøye. "Stå ikkje å se åfått med meg, gjør arbeidet likar sjøl." Av gammalnorsk áfátt : som manglar. (1991) |
åjøya | Menneske som pratar og overdriv mykje, særlig brukt om kvinnfolk. "Ho e ei orntlig åjøya."(1988). Ordet kunne òg bli brukt som verb: å åjøye : komme med høglydte gledesrop, eller berre å gle seg, kose seg. |
åklo | Vadefuglen heilo (Pluvialis apricaria). (1986) |
årdaue | Stillstand i fisket på grunn av "svart hav" (mangel på fisk). "Båtan ligg i land førr årdaue." (1998) |
årette | Slå kile inn i enden av ein trenagle, eller i enden av eit skaft (f.eks. eit økseskaft) for å få det til å sitte skikkelig fast (1987) |
årlom | Stykket mellom nedre kant av skauten og handtaket på ei åre. Av gammalnorsk árarhlumur. Ofte blir heile lengda frå bladet til handtaket kalla årlom, men stykket frå skauten til bladet blei før kalla årleggen. (1990) |
årmole | Leivning, synlig rest,"Majnn ser endå årmållan etter stua hannes." (1994) |
å ta i nuven | Mild avstraffing. (Lett lugging) (1990) |
åtgådd | Krepert, dau – eller nesten dau. "Sauen va åtgådd då vi fajnn han." (1999) |
åtgjort | Kastrert, gjella – med litt neddempa tyding. Også brukt om folk: "Han sku ha vorre åtgjort." Litt humoristisk uttrykk for at det skulle vore gjort noe med han. (1988) |
åvelta | Uheldig stilling der ein ikkje kjem seg opp. "Vi måtte berge ei ku som va ramla i åvelta oppi marka." (1996) |